Dokumenttekst
Representantforslag om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2024-2025/dok8-202425-146s/
Bakgrunn
Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo
(DRC) er svært alvorleg og prega av intens konflikt, spesielt i
dei austlege delane av landet. 27. januar 2025 tok opprørsgruppa
M23 kontroll over Goma, den største byen i den austlege delen av
DRC. Deretter, i februar, tok M23 kontroll over byen Bukavu. Dei
humanitære konsekvensane for lokalbefolkninga er allereie enorme:
over 400 000 menneske vart tvinga til å flykte i januar åleine;
Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara om at risikoen for smittsame
sjukdomar har auka betydeleg på grunn av konflikten, og matvareprisane
i Goma har skote i vêret slik at mange innbyggjarar no slit med
å få tak i nødvendige varer. Vidare er det ein risiko for at dette
skal eskalere til ein større, regional væpna konflikt.
Tryggingsrådet i FN si ekspertgruppe på DRC
har i rapporten «Final report of the Group of Experts on the Democratic
Republic of the Congo» frå 4. juni 2024 slått fast at Rwandas militære
(Rwanda Defence Force (RDF)) de facto kontrollerer og styrer M23s
militære operasjonar, og dermed at Rwanda er ansvarleg for M23s
overgrep og ulovlege handlingar. M23 har stått for alvorlege menneskerettsbrot,
inkludert drap, valdtekt og tvangsrekruttering. Trass i internasjonalt
press har Rwanda halde fram med si militære støtte til M23.
Noreg har i mange år gitt bistand til Rwanda
for å støtte landet sin utvikling og nedkjemping av fattigdom, men
no er det nødvendig å revurdere denne bistanden i lys av Rwandas
rolle i konflikten i DRC.
Forslag
På denne bakgrunnen vert det fremja
følgjande
forslag:
1. Stortinget ber
regjeringa umiddelbart suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil
landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære
styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo (DRC).
2. Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt
i internasjonale forum og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg
løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC)
og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Representanter:
Voteringer i saken
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Delekort
Votering ID: 25198
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 3 fra Venstre
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa slutte seg til EUs
sanksjonar knytte til situasjonen i Den demokratiske republikken
Kongo, vedtekne 17. mars 2025.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 25199
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Venstre
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale
fora og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten
i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle
partar respekterer menneskerettane.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 25200
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Framstegspartiet, Venstre
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa vurdere å suspendere
all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til
opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske
republikken Kongo.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 25201
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:146 S (2024–2025) – Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde
Almeland og Ola Elvestuen om å suspendere norsk bistand til Rwanda
som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken
Kongo – vert ikkje vedteke.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Du må være innlogget for å skrive en kommentar.
Logg inn
Laster kommentarer …