Representantforslag om styrking av språklova

Behandlet i registeret: 27.05.2025 Siste registrerte hendelse: 27.05.2025 Sak 103070 Vedtatt dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har vedtatt endringer i språklova på bakgrunn av eit representantforslag frå medlemar frå Sosialistisk Venstreparti. Mellom anna er det vedtatt ein ny bokstav e i § 3 andre ledd som slår fast at språklova §§ 12-18 ikkje gjeld for intern sakshandsaming. Etter endring av § 16 andre ledd, kan også fylkeskommunar, på lik line med statsorgan, krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Det er også vedtatt at organisasjonar på vegner av mottakaren, kan klage og krevje at visse dokument blir utferda på nytt dersom det er bruka feil skriftspråk.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Vedtatt

Politiske tagger

Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.

Styrking av språklova

Dokumenttekst

Representantforslag om styrking av språklova Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2024-2025/dok8-202425-259l/ Bakgrunn Den nye språklova tok til å gjelde 1. januar 2022. I føremålsparagrafen § 1 er det slått fast at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Lova er historisk og opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie: Det offentlege skal særskilt styrkje nynorsken og jamne ut dei skeive tilhøva mellom nynorsk og bokmål. Diverre følgjer ikkje resten av lova opp dei viktige måla i føremålsparagrafen, og lova kunne vore endå betre for nynorsken. Forslag På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande forslag: Vedtak til lov om endringar i lov om språk (språklova) I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast: § 3 andre ledd skal lyde: Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for a. kommunane b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget e. intern sakshandsaming. Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd. § 11 første ledd skal lyde: Eit kommunestyre eller eit fylkesting kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak. § 13 fjerde ledd skal lyde: Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet. Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd. § 16 andre ledd skal lyde: Statsorgan skal krevje tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same . Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa. § 17 skal lyde: § 17 Klagerett Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum. § 19 tredje ledd skal lyde: Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17. § 20 skal lyde: § 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet Statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17. Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Sosialistisk Venstreparti
Representanter:

Voteringer i saken

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Forkastet

FOR
39
MOT
64
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
66
Delekort
Votering ID: 25649
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa greie ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova § 10 andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende til Stortinget på eigna måte.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Vedtatt

FOR
68
MOT
35
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
66
Delekort
Votering ID: 25650
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  • a. kommunane

  • b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  • c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  • d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  • e. intern sakshandsaming.

§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 skal lyde:
§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 3 – Vedtatt

FOR
72
MOT
27
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
70
Delekort
Votering ID: 25651