Representantforslag om å sikre eit framtidsretta energisystem og tilgang på straum til ny verdiskaping i region Fjordane

Behandlet i registeret: 27.05.2025 Siste registrerte hendelse: 27.05.2025 Sak 103132 Forkastet dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har handsama eit framlegg frå representantar frå Venstre om å sikre eit framtidsretta energisystem og tilgang på straum til ny verdiskaping i region Fjordane. Framlegget vart ikkje vedteke.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Forkastet

Politiske tagger

Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.

Distrikt Utbygging av kraftnettet

Dokumenttekst

Representantforslag om å sikre eit framtidsretta energisystem og tilgang på straum til ny verdiskaping i region Fjordane Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2024-2025/dok8-202425-250s/ Bakgrunn Kvar fjerde kilowatt-time som blir produsert av straum i Noreg, blir produsert i Vestland fylke. Vestland har dei siste åra utarbeidd omfattande planar for korleis fornybar energi kan nyttast til auka verdiskaping i små og store lokalsamfunn, både gjennom utvikling av eksisterande næringsliv og ny grøn industri (Grøn Region Vestland). Ein stor flaskehals for å kunne realisere desse planane, er mangel på infrastruktur for å ta krafta i bruk. Det gjeld også «kortreist kraft» nær der energiproduksjonen skjer. Eit godt døme på dette er region Fjordane, der utviklinga av industri og næringsliv no stoppar opp på grunn av manglande transformatorkapasitet til å kunne ta straumen i det eksisterande og nyleg utbygde 420 kW-nettet i bruk lokalt og regionalt. I region Fjordane har det i lang tid vore planlagt ein ny og moderne trafostasjon på Grov i Kinn kommune. Det vil få store, positive ringverknader for heile Sunnfjord-regionen, mellom anna for den viktige næringslivsbyen Florø og industrikommunen Bremanger, og vil gjere det mogleg å realisere grøne næringslivsatsingar med stor samfunnsverdi, av global interesse. Berre i Florø åleine, står no nær 220 MW av nye prosjekt i «nettkø». Planane om ny trafo på Grov har unison lokal og regional støtte, også frå Vestland fylke, og har over fleire år blitt halde fram som det viktigaste tiltaket staten kan bidra med for å legge til rette for utvikling og industrivekst i regionen. Også i samband med føreståande elektrifisering av Tampen-feltet utanfor Florø vil påkobling til ein ny trafo på Grov kombinert med ilandføring av kraft frå havvindprosjekt vere ei ønskt løysing. Trafoen kan også koblast på med ei ny linje frå vindparken Guleslettene som ligg nær ved, og der det ligg føre planar om utviding for å auke tilgangen til fornybar energi i regionen ytterlegare. Likevel har planane om utbygging av trafo på Grov stoppa opp frå Statnett si side. Det gjer også at Equinor har starta planlegging av å elektrifisere Tampen med å bygge kabel heilt frå Ålfoten i Bremanger. Det er ei suboptimal løysing sett i eit samla samfunnsperspektiv, og vil høgst truleg forseinke utbygginga av ny trafo på Grov ytterlegare. Det vil ramme den framtidige kraftforsyninga til industri og næringsliv i regionen hardt. Forslagsstillarane meiner det er nødvendig å sikre bygging og oppgradering av fleire strategisk plasserte transformatorstasjonar raskare enn det som er planlagt til no. Det er viktig både for å legge til rette for lokal og regional grøn verdiskaping, og for å auke viljen og interessa blant kommunar med energiressursar til å ta i bruk desse ressursane til oppgradering og utbygging av meir fornybar energi. Dersom ein ikkje frå nasjonalt politisk hald klarer å skjere gjennom og gi styringssignal som sørger for at nøkkelprosjekt for grøn samfunnsutvikling av denne typen blir realisert raskt, så vil det undergrave både mogleghetene for grøn omstilling av Noreg, utvikling og vekst rundt om i regionar i Noreg med god krafttilgang – og bremse viljen og interessa blant norske kommunar for å legge til rette for utbygging av meir fornybar energi. Forslag På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa sørge for at det blir lagt til rette for raskare utbygging av transformatorkapasitet for påkobling til statleg nett i regionar med stor ny og planlagt produksjon av fornybar energi, for å legge til rette for auka lokal og regional verdiskaping og grøn industriutvikling. Stortinget ber regjeringa legge fram ei sak om å legge til rette for ei koordinert og samfunnsmessig samla best mulig løysing for påkobling til straumnettet i samband med elektrifiseringa av Tampen, ved at dette blir sett i samband med eksisterande planar om utbygging av ny transformatorstasjon på Grov.

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Venstre
Representanter:

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Vedtatt

FOR
87
MOT
14
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 26030
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:250 S (2024–2025) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo og Ola Elvestuen om å sikre eit framtidsretta energisystem og tilgang på straum til ny verdiskaping i region Fjordane – vedtas ikke.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Forkastet

FOR
14
MOT
87
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 26031
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa sørge for at det blir lagt til rette for raskare utbygging av transformatorkapasitet for påkopling til statleg nett i regionar med stor ny og planlagd produksjon av fornybar energi, for å legge til rette for auka lokal og regional verdiskaping og grøn industriutvikling.

Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa legge fram ei sak om å legge til rette for ei koordinert og samfunnsmessig samla best mulig løysing for påkopling til straumnettet i samband med elektrifiseringa av Tampen ved at dette blir sett i samband med eksisterande planar om utbygging av ny transformatorstasjon på Grov.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Kommentarer

Laster kommentarer …