Dokumenttekst
Representantforslag om styrka jordvern for betre beredskap
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2024-2025/dok8-202425-239s/
Bakgrunn
Matjorda er ein nasjonal ressurs som må forvaltast berekraftig
og i eit langsiktig perspektiv. Stortinget vedtok våren 2023 ein
oppdatert nasjonal jordvernstrategi, der Stortinget slutta seg til
eit mål om at årleg omdisponering av dyrka mark ikkje skal overstige
2 000 dekar, og at dette målet skal nåast innan 2030. Omdisponering
av dyrka mark er redusert dei siste åra, og var i 2023 på rekordlåge
2 740 dekar, mot 3 500 dekar i 2022.
Noreg er eit land der berre 3 prosent av arealet
er dyrka mark, det betyr at ein må forvalte denne ressursen med
det største alvor. Matjorda er grunnlaget for både matsikkerheit
og beredskap – og er ein ikkje-fornybar ressurs i menneskeleg tidsperspektiv.
I ei tid prega av internasjonale konfliktar,
klimaendringar og pandemiar er matsikkerheit og beredskap viktigare
enn nokosinne. Norsk matproduksjon er avgjerande for landets beredskap,
og skal ein auke norsk sjølvforsyningsgrad i tråd med det Stortinget
har vedteke, er det avgjerande at ein sikrar eit reelt og sterkt
jordvern.
Matjordas betydning kan ikkje overvurderast.
Den er ikkje berre ei kjelde til mat, men også ein viktig del av økosystemet.
Når matjord vert bygd ned, mistar ein ikkje berre produksjonskapasitet,
men også desse viktige økosystemtenestene.
Senterpartiet har i regjering sørgt for å styrke
jordvernet gjennom nye retningslinjer, skjerpa mål og auka vektlegging
av jordvern i plansaker. Men forslagsstillarane erkjenner at dagens
system framleis ikkje er godt nok. For mykje jord går ut av drift,
og for mykje jord vert bygd ned. Det hastar med å ta fleire grep,
både politiske, juridiske og økonomiske.
Forslagsstillarane ser gong på gong at jordvernet
taper i møte med utbyggingsinteresser. Eit av dei siste døma finn
ein i Melhus, der svært verdifull matjord skal brukast til bustadbygging,
og i Vestby der det pågår ein kamp for matjorda. Der vil IKEA ha
løyve til å leggje parkeringsplassar på matjord som kan produsere
mat i generasjonar framover.
Styrkinga av jordvernet må skje gjennom ei heilskapleg
tilnærming. Dette inneber både lovgiving, økonomiske insentiv og
bevisstgjering. Ein må sikre at jordvernhensynet vert integrert
i all arealplanlegging og at det vert utvikla gode verktøy for å
overvake og rapportere om jordvernstatus.
Forslag
På denne bakgrunnen vert det fremja
følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
fremje forslag om å lovfeste tilgang til varig vern av matjord,
og at dyrka mark får eit langt sterkare lovvern enn i dag, med nasjonal
forrang i arealforvaltninga.
Stortinget ber regjeringa utarbeide og
iverksette ein nasjonal tilbakeføringsplan, i dialog med kommunane,
med mål om at dyrka mark som i dag er avsett til utbyggingsformål,
tilbakeførast til LNF-R (landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde).
Stortinget ber regjeringa innføre forbod
mot opsjonsavtalar for kjøp av matjord til framtidig bruksendring
til bustad, industri eller handel, då slike avtalar undergrev lokaldemokratiet
og jordvernet.
Stortinget ber regjeringa sikre at jordvernhensyn skal
avklarast tidleg og vere overordna i alle samferdselsprosjekt, og
at alternative trasear utan nedbygging av matjord alltid må dokumenterast
og vurderast før planvedtak vert fatta.
Stortinget ber regjeringa sørge for at
årleg tilbakeføring til LNF-R skal overstige nedbygging.
Stortinget ber regjeringa sørge for at
det vert nydyrka minst like mykje jord som det vert omdisponert,
og at staten bidreg med økonomiske verkemiddel til drenering, tilbakeføring
og klimatilpassing av jordbruksareal for å redusere klimaskadar.
Stortinget ber regjeringa endre dei nasjonale
retningslinjene for samordning av areal og transport, slik at jordvern
får høgaste prioritet i pressområde. Jordlova sine føresegner må
få forrang, og endra retningslinjer skal gjelde for byvekstavtalane.
Stortinget ber regjeringa styrke kommunane
sitt ansvar gjennom krav om kommunale matjordplanar som sikrar at
jordressursane sin kvalitet og produksjonsevne vert oppretthaldne
i arealforvaltninga.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Representanter:
Voteringer i saken
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Delekort
Votering ID: 24893
Dato: 22.05.2025 kl. 14:04
Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 24894
Dato: 22.05.2025 kl. 14:04
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 24895
Dato: 22.05.2025 kl. 14:04
Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 24896
Dato: 22.05.2025 kl. 14:05
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Delekort
Votering ID: 24897
Dato: 22.05.2025 kl. 14:05
Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti