Representantforslag om styrking og utviding av tilbodet om skulehagar

Behandlet i registeret: 20.06.2025 Siste registrerte hendelse: 20.06.2025 Sak 103986 Behandlet dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Behandlingsstatus

Fremmet 20.06.2025
Komitebehandling
Debatt og vedtak

Status: Behandlet

Politiske tagger

Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.

Ingen tagger med stemmer på voteringene ennå.

Dokumenttekst

Representantforslag om styrking og utviding av tilbodet om skulehagar Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2024-2025/dok8-202425-282s/ Bakgrunn Skulehagar, altså å dyrke eigen mat som ein del av skuledagen, har lange tradisjonar her i landet. Allereie i 1909 gav Oslo kommune løyve til å bruke Geitmyra som skulehage for fleire skular i byen. Geitmyra har vore i kontinuerleg drift sidan, og har gitt tusenvis av barn kunnskap, erfaringar og matglede som dei tar med seg vidare i livet. Geitmyra har òg utvikla seg til eit matkultursenter for barn, med filialar fleire stader i landet, som har som mål å nå barn over heile Noreg med matglede og kunnskap. Prisane på mat har stige, det er knappleik på mat i verda, og det er naudsynt at fleire får kunnskap om og interesse for å dyrke sin eigen mat – med tanke på folkehelse, klima og berekraft. Forslagsstillarane viser til at mat og helse alt er ein del av grunnskulen sitt fagtilbod, der elevane skal stimulerast til å delta i dyrking og hausting av lokale matvarer og til å nytte lokale råvarer i matlaginga. Det er viktig at elevane får oppleve heile prosessen – frå jord til bord. Forslagsstillarane meiner at fleire skulehagar er eit viktig tiltak for å styrkje interessa for og kunnskapen om matdyrking. I dag er det få kommunar som satsar systematisk på skulehagar, og det finst lite nasjonal støtte eller drahjelp for slike tiltak. Forslagsstillarane viser til at Venstre tidlegare har utfordra kunnskapsministeren på kva som kan gjerast for å få fleire skulehagar, som ein del av arbeidet for å styrkje lokal matproduksjon og auke inntaket av frukt og grønt. Skulehagar er ikkje berre viktige for fag som mat og helse, dei kan òg vere ein praktisk læringsarena som styrkjer grunnleggande ferdigheiter og fagleg utvikling på fleire område. På skular som Vadmyra i Bergen ser ein at skulehagen blir brukt aktivt i både naturfag, matematikk, norsk og mat og helse. Elevane planlegg kva som skal plantast der det er mest sol, måler og registrerer, og nyttar lesing, skriving, rekning og munnleg kommunikasjon i praktiske og motiverande oppgåver. Forslagsstillarane meiner det er for få praktiske læringsarenaer i skulen i dag, og at det å etablere og ta i bruk skulehagar er eit lågterskeltiltak som kan gi fleire elevar betre læringsutbytte og større motivasjon. Regjeringa viser i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn til rentekompensasjonsordninga for vedlikehald av spesialrom og til at mange kommunar ønskjer å etablere skulehagar. Forslagsstillarane er bekymra for at slike tiltak kan bli nedprioriterte i ein kommuneøkonomi med store utfordringar og vedlikehaldsbehov. Det er ikkje berre investeringskostnadane til skulehagen som må takast med i rekninga, men òg at skulane har tilstrekkeleg fagressursar og tid til å følgje opp og bruke skulehagen som læringsarena over tid. Prosjektet Dyrk framtida – flere skolehager i Norge har sidan 2019 fått støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Dei arbeider med å utvikle læringsressursar, gi rettleiing og hjelpe til med etablering av skulehagar. Målet er 85 nye skulehagar innan 2026, og om lag 4 000 elevar har allereie fått tilgang til skulehagar gjennom prosjektet. Økologisk Norge bidreg med materiell og kurs, medan skulane sjølve må stille med tid og ressursar for at hagen skal fungere over tid. Forslagsstillarane meiner at staten må ta eit større ansvar for å sikre at fleire elevar får tilgang til skulehagar som ein integrert del av skuledagen. Det bør leggjast betre til rette for nasjonal samordning, fagleg støtte og økonomisk hjelp, slik at fleire kommunar og skular kan realisere ambisjonen om å opprette skulehagar. Forslag På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa etablere ei tilskotsordning for å stimulere til at det blir etablert fleire skulehagar, med mål om at fleire elevar skal få tilgang til skulehagar som eit alternativt opplæringstilbod på sin skule.

Ingen votering å vise ennå

Stemmeresultat (fordeling på partier og representanter) vises her bare når saken har minst én registrert votering i Stortingets data. Før det skjer, finnes det ikke noe reelt stemmeresultat å vise – selv om saken kan ligge til behandling eller være ferdig behandlet på annen måte.

Om saksgang: En stortingssak følger vanligvis en rekke steg, for eksempel innstilling fra komité, debatt og til slutt votering og vedtak. Rekkefølgen og navnene varierer med sakstype. Listen under er hentet fra Stortingets registrering av saksbehandlingen (når den finnes).

Registrert saksgang

  • 1. Forslag 20.06.2025
  • 2. Komitebehandling
  • 3. Debatt og vedtak

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Venstre
Representanter: