Stortinget har behandlet innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om å styrke og reservere anbud for ideell sektor, jf. Dokument 8:118 S og Dokument 145 S (2025-2026).
Stortinget gjorde følgende vedtak:
Stortinget ber regjeringen følge opp stortingsvedtak nr. 87 (2024–2025) og innen utløpet av 2026 og sende på høring forslag om lov om registrering, inkludert en juridisk definisjon av ideelle velferdsaktører.
Representantforslag om tiltak for å styrke ideell sektor i helse- og omsorgstenesta
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-118s/
Bakgrunn
Dei ideelle velferdsaktørane er viktige bidragsytarar til
det samla velferdstilbodet. Ideelle organisasjonar har lang tradisjon
i Noreg, og er ein integrert del av helse- og omsorgstenesta. Slik
ønskjer forslagsstillaren at det også skal vere i framtida, og at
ein får til ein vekst i ideell sektor på velferdsområdet.
Det er no gått to år sidan Støstad-utvalet la
fram sin første delrapport (NOU 2024:1 Definisjon og registrering
av ideelle velferdsaktører) med forslag til definisjon av ideelle
driftsformer, og korleis ideelle aktørar kan registrerast. I dag
finst ikkje ein rettsleg definisjon på kva som utgjer ein ideell
aktør i skattefinansierte velferdstenester, og heller inga registerløysing
for desse.
Forholdet mellom offentlege myndigheiter og
ideelle aktørar har på fleire velferdsområde endra seg dei siste
åra. Tidlegare var forholdet meir prega av eit tillitsbasert velferdssamarbeid,
medan det no er konkurranse i ein tenestemarknad som dominerer forholdet
mellom leverandørar. Relasjonen mellom offentlege myndigheiter og
private leverandørar har også blitt meir kontraktbasert.
Det har vore brei politisk semje om at ideelle
aktørar er ønskte, samstundes som dagens utvikling er utfordrande
for mange ideelle aktørar. Moglegheita til å reservere anskaffingar
for ideelle organisasjonar i anskaffingsregelverket har fått mykje
merksemd. Det er no avklart at det er moglegheit til å reservere
kontraktar for ideelle aktørar (jf. dom i Høgsterett i sak om drift
av sjukeheim i Oslo kommune).
Støstad-utvalet foreslo ein definisjon og register
for ideelle aktørar, for å forenkle oppgåvene til offentlege myndigheiter
som ønskjer å prioritere ideelle velferdsaktørar, forenkle rapportering
for ideelle velferdsaktørar og samle opplysningar om ideelle velferdsaktørar
på éin stad. Rapporten har vore på høyring, høyringsfristen var
27. mai 2024.
Det har gått lang tid, to år, sidan NOU-en blei
lagd fram. No risikerer mange ideelle aktørar å tape kampen i anbodskonkurransar
med det offentlege. Difor hastar det å få på plass eit regelverk
som i større grad legg til rette for at det offentlege kan sikre
stabilitet og vekst for ideelle aktørar, og at det offentlege har
skjerma anbodskonkurransar for ideelle tilbydarar dersom anbod blir nytta.
Forslagsstillaren er bekymra for at regjeringa
ikkje prioriterer saka og ikkje sikrar framdrift. Det blir vist
til skriftleg spørsmål frå Kjersti Toppe til digitaliserings- og forvaltningsministeren
om når ein kan forvente eit lovforslag om registerløysing og juridisk
definisjon av ideelle tilbydarar, med svar 28. november 2025, (Dokument
nr. 15:557 (2025–2026)).
Forslag
På denne bakgrunnen blir det fremja
følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
innan 1. juni 2026 leggje fram lovforslag om registerordning og
juridisk definisjon av ideelle tilbydarar for Stortinget.
Stortinget ber regjeringa straks gi føringar
til alle helseføretak om å gjennomføre skjerma anbodskonkurransar for
ideelle tilbydarar der anbod blir nytta. Avtalane skal vere langsiktige.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
16
MOT
85
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 27452
Dato: 07.05.2026 kl. 14:21
Forslag nr. 7 fra Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen utrede hvorvidt anbudsprosesser egner
seg for å sikre et godt Tverrfaglig spesialisert behandlingstilbud
(TSB).
Forslag nr. 5 fra Senterpartiet, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa gi helseføretaka i oppdrag å ta i bruk
ledig kapasitet i ideell sektor og ikkje etablere tilbod som er
i direkte i konkurranse med eksisterande tilbod som blir drifta
av ideelle verksemder.
Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa vurdere oppretting av ei innovasjons-
og etableringsstøtte for ideelle tilbydarar på helse- og omsorgsfeltet.
Utgreiinga må gjerast i samarbeid med ideell sektor.
Forslag nr. 4 fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa i kvart statsbudsjett rapportere om
ideell vekst i spesialisthelsetenesta og om korleis handlingsrommet
for å reservere anbod for ideelle blir tatt i bruk i helseføretaka.
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen sørge for at helseforetakene reserverer
anbud for ideelle aktører i de velferdssektorene der anbud er den
anskaffelsesformen som brukes per i dag. Avtalene skal være langsiktige.
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen starte arbeid med å fase ut anbud
som anskaffelsesform i helse- og omsorgssektoren og erstatte det
med et styrket tilbud i egenregi og langsiktig samarbeid med ideelle
aktører.
Stortinget ber regjeringen følge opp stortingsvedtak nr. 87 (2024–2025)
og innen utløpet av 2026 og sende på høring forslag om lov om registrering,
inkludert en juridisk definisjon av ideelle velferdsaktører.