Representantforslag om redusert bompengebelastning på Nordøyvegen
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-131s/
Bakgrunn
Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 93
S (2021–2022), jf. Innst. 283 S (2021–2022), grunnlaget for bompengefinansiering
av Nordøyveg-prosjektet på fylkesveg 659 i Møre og Romsdal. Nordøyvegen
er per i dag Noregs dyraste bompengeprosjekt og har ein kostnad
per passering på heile 177 kroner for bil under 3 500 kg, 141 kroner
med rabatt, og 531 kroner for bil over 3 500 kg. Passeringstaket
på 40 passeringar i månaden gjev lokalbefolkninga ei svært høg bompengebelastning.
For nokre familiar er bompengekostnadene samla sett den største
utgifta dei har.
Trass i at Nordøyvegen er ein fylkesveg, og
at fylkeskommunen dermed sit med det overordna ansvaret, har Stortinget
det overordna ansvaret for å sikre eit forsvarleg bompengenivå.
Forslagsstillarane merkar seg likevel at fylkeskommunen er positiv
til å sjå på takstane på nytt.
Nordøyveg-prosjektet har kome dårleg ut fordi
alle andre tilsvarande øysamfunn i landet rett etter opninga av
prosjektet fekk gratis ferjer. Medan tilsvarande øyar fekk gratis
ferjer, fekk Nordøyane Noregs dyraste bompengetakstar.
Det høyrer med til prosjektets historie at dei
fastbuande på desse øyane frå 2014 og framover har forskotsbetalt
bompengar til prosjektet lenge før realisering. Forslagsstillarane
meiner derfor at innbyggjarane på Nordøyane har fått ei svært høg
økonomisk belastning over tid, i motsetnad til andre øysamfunn i
landet.
I samband med dette vegprosjektet vart det gjennomført
ei folkerøysting der befolkninga og næringslivet bortimot samla
godtok ein bompengesats på lik linje med ferjetakst pluss 40 prosent.
Men den kraftige aukinga av bompengesatsane som seinare vart vedteken,
var langt utover det befolkninga faktisk gav si tilslutning til.
Det er særleg passeringstaket på 40 passeringar per månad for lokalbefolkninga
som er altfor høgt, men det er òg naudsynt å finne ei løysing for næringstrafikken.
Forslagsstillarane meiner derfor det raskt må
setjast i verk eit arbeid for å få bomkostnadene reduserte. Regjeringa
må setje seg ned saman med vegeigar og finne løysingar som kan redusere
den samla bompengebelastninga. Eit bompengetak på 20 passeringar
per månad for personbil vil, i lag med ein samla reduksjon i bompengebelastning
for tunge køyretøy, gjere situasjonen for lokalbefolkninga og næringslivet
betydeleg betre. Nordøyveg-prosjektet har eit godt trafikkgrunnlag samanlikna
med prognosane som blei sette før bygging, og ved å senke taket
for passeringar for lokalbefolkninga vil dette kunne gje ein ekstra
trafikkauke for sambandet.
Forslag
På denne bakgrunnen vert det fremja
følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
gå i forhandlingar med Møre og Romsdal fylkeskommune for å sikre
reduksjon av passeringstak til 20 passeringar i månaden for personbilar
på fylkesveg 659 Nordøyvegen, og ein samla reduksjon i bompengebelastninga
på fylkesveg 659 Nordøyvegen også for næringslivet.
Stortinget ber regjeringa seinast i samband
med statsbudsjettet for 2027 leggje fram ein bompengeproposisjon
med forslag til finansieringsløysing for fylkesveg 659 Nordøyvegen.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
10
MOT
91
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 27422
Dato: 05.05.2026 kl. 15:07
Forslag fra Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen åpne for forlenget
innkrevingstid inntil 40 år for bompenger på fv. 659 Nordøyvegen og
en reduksjon i passeringstaket inntil 20 passeringer per måned,
dersom det er lokalpolitisk tilslutning til dette.
Stortinget ber regjeringa gå i forhandlingar
med Møre og Romsdal fylkeskommune for å sikre reduksjon av passeringstak
til 20 passeringar i månaden for personbilar på fv. 659 Nordøyvegen,
og ein samla reduksjon i bompengebelastninga på fv. 659 Nordøyvegen også
for næringslivet.