Stortinget har behandlet et representantforslag fra Senterpartiet om å gjennomføre en ekstern evaluering av sykehusplaner og sykehusbygging i Norge.
Stortinget vedtok å be regjeringen evaluere prosessen for nye sykehusbygg for å sikre transparens og bedre legge til rette for demokratisk etterprøvbarhet.
Stortinget vedtok videre å be regjeringen høste erfaring fra nylig ferdigstilte sykehus for å sikre at det bygges gode offentlige sykehus med plass til både ansatte og pasienter, der beredskapshensyn og ansattes rolle ivaretas.
Representantforslag om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-192s/
Bakgrunn
Å sikre sjukehus med stor nok kapasitet og som
er bygde på ein måte som sikrar at pasienten får god oppfølging
og helsepersonell får utnytta si arbeidstid på ein effektiv måte,
og som sikrar beredskap og tryggleik i samfunnet, er eit viktig
ansvar.
I dei seinare åra har det dessverre vore for
mange døme på at nye sjukehusbygg ikkje er bygde på ein måte som
i tilstrekkeleg grad sikrar beredskap eller gir dei tilsette gode
arbeidstilhøve. Det kan gå ut over pasienttryggleiken. Mange sjukehus
blir bygde med for liten kapasitet frå dag éin. Fleire relativt
nye sjukehusbygg må innan kort tid planleggje for utbetringar. Eit
døme er Sykehuset Østfold som i åra etter opninga har hatt store kapasitetsproblem
og ved fleire høve har hatt kritisk høgt overbelegg, mange korridorpasientar
og pasientar i midlertidige løysingar, som å legge to pasientar
inn på einerom.
Det nye Drammen sykehus har fått kritikk for
at akuttmottaket er for lite og har for liten beredskapskapasitet.
Tilsette ber allereie no om å starte planlegging av ei utviding
av akuttmottaket. I tillegg er det ikkje éi einaste av avdelingane
som har eit dedikert pauserom for dei tilsette. Dei tillitsvalde
ved Drammen sykehus melder at pauserom òg blir brukte til status-
og tverrfaglege møte og som arbeidsstasjonar. Det gir eit arbeidsmiljø som
ikkje er godt nok.
I det nye Stavanger universitetssjukehus har
dei rive ned veggar etter nokre veker for å sikre at dei kan overvake
pasientar ut frå den bemanninga dei har tilgjengeleg. Tal frå februar
2026 viser at sjukefråværet ved sjukehuset har gått opp til nesten
19 prosent, mot vanlegvis rundt 10 prosent. Det nye sjukehuset skulle
innebere betre arbeidsflyt og meir effektiv drift, men erfaringa
er færre operasjonar enn planlagt og auka overtidsbruk for operasjonssjukepleiarar.
Nye sjukehus blir altså i dag bygde utan tilstrekkeleg
med pause/kvilerom til dei tilsette, og det er for få arbeidsrom
og undersøkingsrom til å dekkje behovet. Det blir også bygd sjukehus
med for liten garderobeplass for dei tilsette. I tillegg fører utforminga
av nye sjukehusbygg mange stader til at tilsette må gå mykje lengre
avstandar i løpet av arbeidsdagen, noko som fører til ineffektiv
drift og dårlegare arbeidsforhold.
For forslagsstillarane er det uforståeleg at
ein er i ein situasjon der flunkande nye sjukehusbygg som kostar milliardar
av kroner, ikkje klarar å levere på heilt vesentlege ting som det
å ha store nok areal i akuttmottak eller ha nok pauserom og garderobeplass
for tilsette, sjølv om mykje anna ved sjukehusa er bra.
Måten ein finansierer nye sjukehusbygg på i
dag, må endrast. Å finansiere sjukehusbygg gjennom overskot på drift
er ein drivar for å kutte mest mogleg på areal. Forslagsstillarane
viser til at Senterpartiet vil fullfinansiere store sjukehusinvesteringar
over statsbudsjettet, og skilje investering og drift. Forslagsstillarane
meiner det var uheldig at stortingsfleirtalet stemte ned forslag
om dette, jf. handsaminga av Innstilling 102 S (2025–2026).
Men også den modellen ein byggjer sjukehus etter, får
ta sin del av skulda for at nye sjukehusbygg har for store utfordringar
etter opning. Sjukehusbygg HF blei oppretta i 2014 og har alle dei
fire helseregionane som eigarar. Dei representerer eit nasjonalt
kompetansemiljø for sjukehusplanlegging og -bygging, og skal nyttast
i alle byggjeprosjekt med ein verdi over 500 mill. kroner. Sjukehusbygg
HF skal ifølgje deira heimesider bidra til framtidsretta utvikling
av sjukehusbygginga i Noreg, gjennom læring, innovasjon og erfarings-
og kompetanseoverføring.
Erfaringa med Sjukehusbygg HF er at ein ikkje
i tilstrekkeleg grad syter for læring, erfaring og kompetanseoverføring.
Tvert imot verkar det som om same feil blir gjentatt i nye sjukehusbygg.
Sjukehusbygg HF fekk i 2018 i oppdrag frå Helse Sør Øst RHF og Sykehuset
Østfold HF å innhente erfaringar frå dei tre første åra etter at
nytt sjukehus i Østfold blei tatt i bruk. Forslagsstillarane kan
ikkje sjå at denne evalueringa førte til vesentlege forbetringar
i andre sjukehusplanar og nye sjukehusbygg andre stader.
Forslagsstillarane meiner det er på høg tid
å ha ein gjennomgang og evaluering av alle nye sjukehusbygg som
er bygde siste ti år, for å lære av uheldige forhold og sikre at
nye sjukehusbygg blir bygde med nok areal for både beredskap og
pasientbehandling, og nok areal til dei tilsette. Det er nødvendig
at ein også gjennomgår planlagde sjukehus som enno ikkje er bygde,
som nye Oslo universitetssykehus og Mjøssykehuset, for å sjå til at
feil og manglar ved til dømes sjukehusa i Drammen og i Stavanger
ikkje blir gjentatt ved bygginga av desse sjukehusa.
Ei evaluering må vere ekstern og må sikre deltaking frå
tilsette sine organisasjonar og pasientorganisasjonar og særleg
vurdere sjukehusbygg i eit beredskapsperspektiv. Helsepersonell
er den største mangelen i norsk helsevesen, og ein må sikre at offentlege
sjukehus blir bygde slik at dei står fram som attraktive arbeidsplassar for
landets helsepersonell. Det vil også vere det beste for pasienttryggleiken
og helseberedskapen i framtida.
Forslag
På denne bakgrunn fremmes følgende
forslag:
Stortinget ber regjeringa sørgje for ei ekstern
evaluering av nye sjukehusbygg som er ferdigstilte dei siste ti åra,
og like eins av sjukehusbygg som er under planlegging, for å lære
av feil og sikre gode offentlege sjukehusbygg i framtida. Evalueringa
må skje med deltaking frå tilsettes og pasientars organisasjonar,
og gjennomgangen må vurdere sjukehusbygg i eit beredskapsperspektiv.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
37
MOT
61
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
71
Delekort
Votering ID: 27860
Dato: 01.06.2026 kl. 15:13
Forslag nr. 3 fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa sørgje for ei ekstern
evaluering av nye sjukehusbygg som er ferdigstilte dei siste ti åra,
og like eins av sjukehusbygg som er under planlegging, for å lære
av feil og sikre gode sjukehusbygg i framtida. Evalueringa må skje
med deltaking frå organisasjonane til tilsette og pasientar, og
gjennomgangen må vurdere sjukehusbygg i eit beredskapsperspektiv.
Evalueringa må inkludere avgjerdsprosessar og involvering av tilsette
i dei ulike fasane av sjukehusutbygging og gå gjennom helseføretaka
sine modellar for framskriving av aktivitet og framtidig kapasitetsberekning.
Evalueringa må belyse i kva grad personellmangel og arbeidsforhold
er vurdert og vektlagt. Evalueringa må inkludere ei sjølvstendig
evaluering av rolla, ansvaret og funksjonen til Sjukehusbygg HF.
Stortinget ber regjeringen evaluere Sykehusbygg HFs
rolle, ansvar og funksjon, sikre transparens og bedre legge til
rette for demokratisk etterprøvbarhet.
Forslag nr. 1 fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen evaluere prosessen
for nye sykehusbygg for å sikre transparens og bedre legge til rette
for demokratisk etterprøvbarhet.
Forslag nr. 2 fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen høste erfaring fra
nylig ferdigstilte sykehus for å sikre at det bygges gode offentlige
sykehus med plass til både ansatte og pasienter, der beredskapshensyn
og ansattes rolle ivaretas.
Dokument 8:192 S (2025–2026) – Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe
om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging
i Noreg – vedtas ikke.