Representantforslag om meir ja og mindre nei i byggjesaker
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-188s/
Bakgrunn
Kommunane har hovudansvaret for arealforvalting og
handsaming av byggjesaker. Over tid har både regelverk, sakshandsaming
og system for klagehandtering vorte meir komplekse. Samstundes har
det utvikla seg ein praksis der kommunale vedtak relativt ofte blir utfordra
eller overprøvd av statsforvaltaren, noko som kan føre til lang
sakshandsamingstid, høge kostnader, uvisse for tiltakshavarar og
redusert lokalt sjølvstyre.
Mange kommunar opplever at det i liten grad
blir teke omsyn til kommunale skjønsvurderingar når statsforvaltaren
handsamar klager i byggjesaker. Vidare viser det seg at det er betydeleg
variasjon i korleis statsforvaltarembeta vurderer likearta saker.
Forslagsstillarane ønskjer meir effektiv, tydeleg
og lokalt forankra handsaming av byggesaker. For å få dette til
må regelverket forenklast og statsforvaltaren sitt høve til å overprøve
kommunane reduserast.
Kommunane har den beste kjennskapen til lokale tilhøve
og arealdisponering. Eit klarare regelverk som legg opp til færre
motsegner og mindre overprøving frå statsforvaltaren, vil sikre
ei meir lokalt forankra handsaming av byggjesaker. Statsforvaltaren
sitt høve til å overprøve kommunale vedtak bør avgrensast til berre
å kunne gripe inn ved klare feil, lovbrot eller grove manglar ved
sakshandsaminga.
Eit meir oversiktleg og mindre detaljert regelverk
vil dessutan kunne redusere tvil om tolking og bidra til meir einsarta
vedtak. Dette vil òg kunne styrkje rettstryggleiken for tiltakshavarane.
Ei tydelegare ansvarsdeling og mindre dobbelthandsaming kan frigjere
ressursar både hos kommunane og hos statsforvaltaren og redusere
byråkratiet. Ikkje minst vil ei slik endring innebere raskare, rimelegare
og meir føreseielege byggjesaksprosessar for privatpersonar og næringsliv.
Statsforvaltaren bør òg leggje opp til meir dialog med privatpersonar
og verksemder. Det blir understreka at statsforvaltaren si rolle
som klage- og kontrollinstans for helse- og sosialtenester ikkje
bør svekkjast.
Forslag
På denne bakgrunnen blir det fremja
følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
setje ned eit utval (forenklingsutvalet for byggjesaker) som skal
gjennomgå plan- og bygningsloven og tilhøyrande forskrifter (inkludert
byggteknisk forskrift) med sikte på å forenkle byggjesaksreglane
og redusere omfanget av motsegner og overprøving frå statsforvaltaren.
Stortinget ber regjeringa fastslå i mandatet
til forenklingsutvalet for byggjesaker at utgangspunktet for arbeidet
skal vere at det skal svarast meir ja og mindre nei i byggjesaker,
at regelverket skal forenklast og reduserast i omfang og detaljering,
at kostnader og sakshandsamingstid skal ned, at det kommunale sjølvstyret
skal styrkjast, og at statsforvaltaren berre skal kunne overprøve
kommunane sine vedtak i byggjesaker når det ligg føre særleg viktige
nasjonale omsyn, klare feil, lovbrot eller grove manglar ved sakshandsaminga.
Stortinget ber regjeringa foreslå at forenklingsutvalet
for byggjesaker legg til grunn at krav om avstand til kollektivknutepunkt
blir fjerna, at det ikkje skal vere krav om kartlegging av naturfare
på plannivå for enkeltbustader eller andre små byggjeprosjekt, at
støykrav til mellom anna studentbustader blir reduserte, at funksjonell
strandsone skal vere hovudprinsippet i strandsoneforvaltninga, at
det blir innført ei maksimumstid på bandlegging, og at krav om naturfarekartlegging
blir fjerna for tiltak som korkje fører til nye bueiningar, ny næring
eller i seg sjølv kan medføre naturfare.
Stortinget ber regjeringa gi forenklingsutvalet
for byggjesaker frist til å leggje fram utgreiinga seinast våren
2027.
Stortinget ber regjeringa gjennomgå statsforvaltarane
sine oppgåver og presentere løysingar som inneber at statsforvaltarane
sitt budsjett blir redusert.
Stortinget ber regjeringa fremje forslag
om å stramme inn dei prosessuelle reglane for statsforvaltarane,
mellom anna gjennom å innføre ei plikt til dialog med privatpersonar
og verksemder før vedtak blir fatta, i tillegg til å innføre absolutte
tidsfristar.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
5
MOT
94
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
70
Delekort
Votering ID: 27602
Dato: 19.05.2026 kl. 15:25
Forslag nr. 8 fra Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa foreslå at forenklingsutvalet
for byggjesaker legg til grunn at krav om avstand til kollektivknutepunkt
blir fjerna, at det ikkje skal vere krav om kartlegging av naturfare
på plannivå for enkeltbustader eller andre små byggjeprosjekt, at
støykrav til mellom anna studentbustader blir reduserte, at funksjonell
strandsone skal vere hovudprinsippet i strandsoneforvaltninga, at
det blir innført ei maksimumstid på bandlegging, og at krav om naturfarekartlegging
blir fjerna for tiltak som korkje fører til nye bueiningar, ny næring
eller i seg sjølv kan medføre naturfare.
Forslag nr. 9 fra Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa gi forenklingsutvalet
for byggjesaker frist til å leggje fram utgreiinga seinast våren 2027.
Forslag nr. 10 fra Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa fremje forslag om
å stramme inn dei prosessuelle reglane for statsforvaltarane, mellom
anna gjennom å innføre ei plikt til dialog med privatpersonar og
verksemder før vedtak blir fatta, i tillegg til å innføre absolutte
tidsfristar.
Stortinget ber regjeringa setje ned eit utval
(forenklingsutvalet for byggjesaker) som skal gjennomgå plan- og
bygningsloven og tilhøyrande forskrifter (inkludert byggteknisk
forskrift) med sikte på å forenkle byggjesaksreglane og redusere
omfanget av motsegner og overprøving frå statsforvaltaren.
Forslag nr. 7 fra Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa fastslå i mandatet
til forenklingsutvalet for byggjesaker at utgangspunktet for arbeidet
skal vere at det skal svarast meir ja og mindre nei i byggjesaker,
at regelverket skal forenklast og reduserast i omfang og detaljering,
at kostnader og sakshandsamingstid skal ned, at det kommunale sjølvstyret
skal styrkjast, og at statsforvaltaren berre skal kunne overprøve
kommunane sine vedtak i byggjesaker når det ligg føre særleg viktige
nasjonale omsyn, klare feil, lovbrot eller grove manglar ved sakshandsaminga.
Forslag nr. 5 fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa gjennomgå statsforvaltarane
sine oppgåver og presentere løysingar som inneber at statsforvaltarane
sitt budsjett blir redusert.
Forslag nr. 1 fra Fremskrittspartiet, Høyre, Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen sørge for at statsforvalterne
sikrer en effektiv samordning av statlige aktører og avskjære innsigelser
som ikke gjelder nasjonale hensyn.
Forslag nr. 3 fra Fremskrittspartiet, Høyre, Senterpartiet
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen gjennomgå
statsforvalternes oppgaver og presentere løsninger som innebærer
at statsforvalternes oppgaver blir redusert.
Dokument 8:188 S (2025–2026) – Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole
Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker
– vedtas ikke.