Representantforslag om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg

Behandlet i registeret: 13.05.2026 Siste registrerte hendelse: 21.05.2026 Sak 200316 Vedtatt dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har handsama eit representantforslag frå Framstegspartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Raudt, Miljøpartiet dei Grøne, Kristeleg Folkeparti og Venstre om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg. Stortinget vedtok å be regjeringa utarbeide eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg (FOT-ruter) som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ein urimeleg prisauke, og seinast innan 15. juni 2026 innby til ny konkurranse basert på dette.

Behandlingsstatus

Fremmet 13.05.2026
Komitebehandling
Debatt og vedtak 21.05.2026

Status: Vedtatt

Politiske tagger

Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.

Ingen tagger med stemmer på voteringene ennå.

Dokumenttekst

Representantforslag om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-291s/ Bakgrunn FOT-ruter utgjer ein grunnleggande infrastruktur og er ein heilt sentral del av samferdsla for store delar av landet. På stader der det øvrige kollektivtilbodet er minst utbygd, fyller kortbanenettet ein sentral funksjon i kollektivtrafikken. Flyrutene er for mange innbyggjarar ein føresetnad for bruk av helse- og utdanningstilbod og andre sentrale velferdstenester. For næringslivet er ofte dei lokale flyrutene ein føresetnad for å kunne vere lokaliserte der dei er. FOT-rutekjøpet medverkar såleis til både busetjing og verdiskaping. Relevante flyruter og god frekvens på desse rutene er ein viktig føresetnad for å kunne fylle desse funksjonane. Regjeringa sende 23. april ut innbyding til konkurranse om drift av det regionale flytilbodet (FOT-ruter) i Sør-Noreg for 1. november 2027 til 31. oktober 2031. Her legg regjeringa opp til eit vesentleg svekt flytilbod til og frå mange lufthamner. Eit dårlegare rutetilbod, med færre tilgjengelege sete og potensielt dårlegare rutetider, vil kunne få store negative konsekvensar for folk og næringsliv. Dagens rutetider mogleggjer dagsreiser både til og frå dei ulike lufthamnene. Det er avgjerande at dette vert vidareført i kommande anbod, i tillegg til at kapasiteten vert oppretthalden og justert til tider der behovet er størst. Samtidig med at frekvens og kapasitet er det viktigaste for folk og næringsliv i distrikta, er det også ein viktig føresetnad at billettprisane ligg på eit nivå som gjer det mogleg å nytte flytilbodet. Forslag På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa utarbeide eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg (FOT-ruter) som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ein urimeleg prisauke, og seinast innan 15. juni 2026 innby til ny konkurranse basert på dette.

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Rødt Sosialistisk Venstreparti Senterpartiet Miljøpartiet De Grønne Venstre Kristelig Folkeparti Høyre Fremskrittspartiet
Representanter:

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Vedtatt

FOR
67
MOT
32
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
70
Delekort
Votering ID: 27621
Dato: 21.05.2026 kl. 14:31
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa utarbeide eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg (FOT-ruter) som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vert oppretthalde minst på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan ein urimeleg prisauke, og seinast innan 15. juni 2026 innby til ny konkurranse basert på dette.

Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Kommentarer

Laster kommentarer …