Hopp til innholdet

Representantforslag om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Registrert hos Stortinget 03.02.2022 Votert 15.02.2022 Sak 86701 Vedtatt Representantforslag
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Slik stemte Stortinget

Forslag forkastet

Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne

Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan medverke til at Stortinget sitt vedtak om å fjerne utsleppa frå skipstrafikken i verdsarvfjordane kan auke verdiskapinga i turistnæringa i Geiranger og …

19 stemte for
83 stemte mot

Stemte for 4 partier

Stemte mot 5 partier

FrPs egne forslag falt i 2 voteringer (jevnest 17 mot 83).

Den mest omstridte voteringen. Saken hadde 4 voteringer. Se alle voteringene

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har behandla eit representantforslag om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip. Det opphavlege forslaget blei ikkje vedteke, men det blei einstemming vedteke at Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarvområda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.

Stortingets egen oppsummering av vedtaket.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Vedtatt

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Forslag nr. 4 fra FrP – Forkastet

FOR
14
MOT
88
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
67

For: FrP. Mot: R, SV, MDG, Ap, Sp, V, KrF, H.

Votering 1 av 4 · 15.02.2022 kl. 15:06 · Stortingets voterings-ID 18185
Forslag nr. 4 fra Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i dei viktige cruisehamnene.

Tagger på denne voteringen:
Voteringen er ikke knyttet til noen tagg. Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Forslag nr. 2 fra FrP, KrF, og 1 forslag til – Forkastet

FOR
17
MOT
83
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69

For: KrF, FrP. Mot: R, SV, MDG, Ap, Sp, V, H.

Votering 2 av 4 · 15.02.2022 kl. 15:06 · Stortingets voterings-ID 18186
Forslag nr. 2 fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til Geirangerfjordområdet innan 2026.

Forslag nr. 3 fra Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for å kunne medverke til å finansiere tilførsel av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.

Tagger på denne voteringen:
Voteringen er ikke knyttet til noen tagg. Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Forslag nr. 1 fra SV, Rødt, Venstre, MDG – Forkastet

FOR
19
MOT
83
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
67

For: R, SV, MDG, V. Mot: Ap, Sp, KrF, H, FrP.

Votering 3 av 4 · 15.02.2022 kl. 15:07 · Stortingets voterings-ID 18187
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan medverke til at Stortinget sitt vedtak om å fjerne utsleppa frå skipstrafikken i verdsarvfjordane kan auke verdiskapinga i turistnæringa i Geiranger og Hellesylt.

Tagger på denne voteringen:
Voteringen er ikke knyttet til noen tagg. Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Komiteens tilråding – Enstemmig vedtatt

Votering 4 av 4 · 15.02.2022 kl. 15:07 · Stortingets voterings-ID 18188
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarvområda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.

Tagger på denne voteringen:
Voteringen er ikke knyttet til noen tagg. Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Fremskrittspartiet
Representanter:

Politiske tagger

Emnene voteringene i saken er merket med. Hver tagg lenker til en side som viser hvordan partiene har stemt i sakene med samme tagg.

Ingen av voteringene i saken er knyttet til en tagg.

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Representantforslag 30 S (2021–2022)

Datert 17. november 2021

Original på stortinget.no

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal og Frank Edvard Sve om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Forslagene

  • Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til Geirangerfjordområdet innan 2026.

  • Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for å kunne medverke til å finansiere tilførsel av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.

  • Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i dei viktige cruisehamnene.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn Stortinget har gjort vedtak om innføring av krav om nullutslepp for cruiseskip og båttrafikk i verdsarvfjordane, inkludert Geirangerfjorden frå og med 2026.

Stortinget har gjort vedtak om innføring av krav om nullutslepp for cruiseskip og båttrafikk i verdsarvfjordane, inkludert Geirangerfjorden frå og med 2026.

Normal trafikk til området er ca. 220 skip per år av verdas største cruiseskip og 400 000 passasjerar, som genererer ei verdiskaping på om lag 100 mill. kroner årleg.

For å kunne gjennomføre nullutsleppsvedtaket vil kravet om både landstraum og ladestraum vere heilt sentralt. Frå 2025 er det også innført krav om Tier 3, som det i realiteten berre er eit sterkt avgrensa antal cruiseskip i verda som har.

Det er liten eller ingen grunn til å tru at noko cruiseskip vil kunne oppnå nullutslepp innan vedtakstidspunktet 2026, men sannsynlegvis ikkje før tidlegast 2030, og truleg ikkje før fram mot 2035.

I dag er det ca. 220 anløp av cruiseskip til Geiranger per år, som ligg på tender eller ved seawalkanlegg. Ved innløpet til Geirangerfjorden ligg ei ny og moderne cruisekai i Hellesylt sentrum, der det årleg er om lag 100 cruiseskip som anløper.

Straumsituasjonen i desse to cruisehamnene er dramatisk dårleg.

Ein nyleg rapport som vart lagd fram ved hjelp av Mørenett, viser at kostnaden for tilførsel av tilstrekkeleg straumkapasitet til Geiranger vil, på grunn av verdsarvstatusen, kome på svimlande 500 mill. kroner+, uansett teknisk løysing.

I Geiranger har ein eit svært stort behov for straum, og status er at det i dette området berre er 2 MW disponibelt. Kapasiteten er så dårleg at det ikkje er mogleg å kople til fleire bustadar eller bedrifter osv.

Ved landstraumanlegg for cruiseskip vil ein ha eit behov for om lag 15–25 GWh, for lading av ferjer ca. 6–7 GWh, og for lading av bilar og andre mindre båtar ytterlegare GWh. I tillegg er det planlagt eigen parkeringshall i fjell som også har behov for straum.

I Hellesylt er det i dag ei større moderne cruisekai som tar imot alle typar av skip. Det er også i Hellesylt eit stort behov for straum, då det i dag berre er om lag 6–7 GWh disponibelt.

Det er også her nyleg lagt fram ein rapport ved hjelp av Mørenett, som syner at tilførsel av nødvendig straum til Hellesylt vil medføre eit behov for utbetring og auka kapasitet i linjenettet i Sognekraft mot Hornindal. Vidare vil ny 132 KW linje måtte byggjast frå Hornindal til Hellesylt. Kostnaden for desse to tiltaka er berekna til minst 220 mill. kroner+.

I Hellesylt vil ein også ha eit straumbehov på 15–25 GWh for cruiseskip, 6–7 GWh for ferjer og fleire GWh for lading av andre båtar, bilar osv.

Det er no snart berre fire år til kravet om nullutslepp for verdsarvfjorden og Geiranger trer i kraft. Derfor hastar det svært mykje med å avklare korleis ein kan møte desse utfordringane. Storsamfunnet og stortingsfleirtalet har vedteke kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane, som Geirangerfjorden og Nærøyfjorden/Flåm, som altså vil få betydelege konsekvensar for ei stor og viktig turist- og cruisenæring.

Verken næringa eller kommunane har moglegheit til å finansiere tilstrekkeleg med straumkapasitet til Geirangerfjordområdet inkludert Hellesylt, noko som vil kunne bety at nullutsleppsvedtaket betyr «tom fjord» og ikkje «grøn fjord» i framtida.

Fyrste prioritet for området er tilstrekkeleg straumkapasitet til Hellesylt så raskt som råd, slik at cruiseskip kan ligge der, og der turistane vidare kan verte frakta inn verdsarvfjorden og til Geiranger med mindre nullutsleppsfartøy som vil kunne gå på straum eller hydrogen.

Vidare prioritet vil vere å få på plass tilstrekkeleg med straumkapasitet til Geiranger, anten gjennom ny vurdering av kraftproduksjon eller linje inn til området, som altså er svært dyrt.

Innst. 135 S (2021–2022)

Avgitt 3. februar 2022 Gjelder Dokument 8:30 S (2021–2022)

Original på stortinget.no

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal og Frank Edvard Sve om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Komiteens tilråding

Fremmet av en samlet komité

Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.

Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarv­områda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.

Forslag fra mindretall

Forslag som bare et mindretall i komiteen sto bak.

Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Venstre

  1. Forslag 1

    Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan medverke til at Stortinget sitt vedtak om å fjerne utsleppa frå skipstrafikken i verdsarvfjordane kan auke verdiskapinga i turistnæringa i Geiranger og Hellesylt.

Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti

  1. Forslag 2

    Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til Geirangerfjordområdet innan 2026.

  2. Forslag 3

    Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for å kunne medverke til å finansiere tilførsel av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.

Fremskrittspartiet

  1. Forslag 4

    Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i dei viktige cruisehamnene.

Hele dokumentet 2 kapitler
Sammendrag I dokumentet fremmes følgende forslag:

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  • Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til Geirangerfjordområdet innan 2026.

  • Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for å kunne medverke til å finansiere tilførsel av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.

  • Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i dei viktige cruisehamnene.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.

Komiteens merknader Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, Marianne Sivertsen Næss og lederen Terje Aasland, fra Høyre, Nikolai Astrup …

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, Marianne Sivertsen Næss og lederen Terje Aasland, fra Høyre, Nikolai Astrup, Bård Ludvig Thorheim, Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde, fra Senterpartiet, Siv Mossleth, Ole André Myhrvold og Gro-Anita Mykjåland, fra Fremskrittspartiet, Marius Arion Nilsen og Frank Edvard Sve, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad, fra Rødt, Sofie Marhaug, fra Venstre, Ola Elvestuen, fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til Representantforslag 30 S (2021–2022) om strømsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslipp for cruiseskip. Komiteen har merket seg at forslagsstillerne påpeker behovet for en tilstrekkelig strømkapasitet til Geirangerfjordområdet innen 2026 og at det er behov for en plan for finansiering av nødvendig strømkapasitet i området, og at Enova skal bidra til landstrømanlegg i de viktige cruisehavnene.

Komiteen viser til at for å nå målene om å kutte klimagassutslipp i maritim sektor er det helt avgjørende at det legges til rette for både teknologiutvikling og ladeinfrastruktur. I denne sammenheng har de større havnene en nøkkelrolle ved å legge til rette for landstrøm og ladeinfrastruktur.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til det vedlagte brevet datert 3. desember 2021 til komiteen fra Olje- og energiministeren, hvor statsråden påpeker at Norge har et godt utgangspunkt for elektrifisering, og understreker at store forbruksøkninger som følge av elektrifisering innebærer behov for forsterkninger i nettet regionalt, slik tilfellet er i området ved Geirangerfjorden. Det vises videre i svarbrevet til at nettselskapene har plikt til å tilby de som ønsker det, tilgang til nettet. Tilknytningsplikten innebærer at nettselskapet om nødvendig også må planlegge, konsesjonssøke og gjennomføre nødvendige investeringer i strømnettet dersom tilknytningen utløser behov for dette, og at det er nettselskapene selv som har ansvaret for å drive og utvikle strømnettet i sine konsesjonsområder, og for å levere nettjenester til sine kunder.

Flertallet har merket seg at nettselskapene og deres inntekter er underlagt omfattende regulering som skal bidra til at selskapene utfører sine oppgaver effektivt, og at utviklingen av strømnettet er brukerfinansiert.

Flertallet viser til at Enova støtter tiltak for etablering av landstrømanlegg i alt fra fiskerihavner, offshore-baser og industrianlegg til Kystruten og cruisehavner. Enova gir investeringsstøtte til både etablering av infrastruktur til havneopphold og lading. Enova kan dekke inntil 50 pst. av godkjente prosjektkostnader, i tillegg til forprosjektstøtte for å bidra til bedre samhandling mellom infrastrukturtilbyder, potensielle kunder, havn, nettselskap og andre relevante aktører. Begge disse programmene er relevante for cruisehavner.

Flertallet viser til at havne- og farvannsloven fastsetter priser for bruk av havneinfrastruktur og for havnetjenester, og at disse skjer etter alminnelige privatrettslige regler. Flertallet har merket seg at ut over støtten fra Enova for finansiering av landstrømanlegg står havnene rettslig sett fritt til å ta betaling fra sine kunder for å dekke kostnadene ved etablering og drift av landstrømanlegg.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti viser til Innst. 251 S (2020–2021), hvor det understrekes betydningen av å ivareta lokalt næringsliv. Dette innebærer at det må innføres gode ordninger som gjør at det kan legges til rette for å gjennomføre kravet om nullutslipp spesielt med tanke på at det ikke bare er selve fjorden som er vernet, men også området rundt. Disse medlemmer mener det er viktig at regjeringen følger opp dette og bidrar til gode løsninger slik at nullustslippskravet gjennomføres som forutsatt.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet viser til at Stortinget har gjort vedtak om innføring av krav om nullutslepp for cruiseskip og båttrafikk i verdsarvfjordane, inkludert Geirangerfjorden frå og med 2026.

Desse medlemene viser til at det frå 2025 også er innført krav om Tier 3, som det i realiteten berre er eit sterkt avgrensa antal cruiseskip i verda som har. Det er liten eller ingen grunn til å tru at noko cruiseskip vil kunne oppnå nullutslepp innan vedtakstidspunktet 2026, men sannsynlegvis ikkje før tidlegast 2030, og truleg ikkje før fram mot 2035.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti fremmer følgande forslag:

«Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til Geirangerfjordområdet innan 2026.»

«Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein plan for å kunne medverke til å finansiere tilførsel av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.»

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet fremmer følgande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i dei viktige cruisehamnene.»

Medlemene i komiteen frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, legg til grunn at Noreg har ambisiøse mål om å kutte klimagassutslepp med minst 55 pst. innan 2030, difor er det viktig både å stille krav og bidra med incentiv til å få ned utslepp frå skipstrafikk i norske farvatn. Verdsarvområdet i Geiranger er kjent for sin spektakulære natur. Folk kjem frå heile verda for å oppleve landskapet med fjell, fjord og kvite fossar. Desse medlemene legg til grunn at Stranda Hamnevesen og Stranda kommune uttaler i brev til statsråd Espen Barth Eide av 29. oktober 2021, at:

«Stranda Hamnevesen KF ser fram til at Geirangerfjorden skal bli utsleppsfri, og meiner at dette på sikt vil styrkje destinasjonen som grøn og berekraftig. Dette vil óg bidra til å gjere Norge sitt reiselivsikon enno meir attraktivt».

I same brevet presenterer Stranda Hamnevesen og kommunen konkrete planar for korleis dei tenkjer at omstilling til utsleppsfri fjord kan skje i fleire trinn og i tråd med teknisk moglege løysingar. Desse medlemene registrerer at det er oppretta ein god og konstruktiv dialog mellom Stranda Hamnevesen, kommunen og Klima- og miljødepartementet, at arbeidet med å oppfylle Stortinget sitt vedtak er godt i gang, og at det blir påpeika at det er viktig med tiltak for å hindre at persontransporten og utsleppa berre vert flytta til andre fjordar og til land. Desse medlemene ser svært positivt på kommunen sin aktive innsats i saka, og meiner at om det kjem forseinkingar anten på grunn av saksgong for konsesjon på nettløysingar og energitilgang, eller at utsleppsfri teknologi ikkje er moden for å takast i bruk på store skip, så må ein sikre at dette ikkje gir urimelege konsekvensar for folket i fjorden, kommunen eller reiselivsaktørane som er avhengige av denne infrastrukturen.

Desse medlemene legg til grunn at å gjere Geirangerfjorden til verda sin første utsleppsfrie fjord ikkje er ei lett oppgåve, men at regulatoriske krav utan tvil er eit viktig verktøy for å sette fart på innovasjon og utvikling av utsleppsfri transport. Intensjonen bak 2026-vedtaket var å verne verdsarvfjordane mot skadelege utslepp og samstundes gi incentiv til utvikling av nullutsleppsløysingar som har stor overføringsverdi og eit grunnlag for innovasjon og verdiskaping i norsk maritim industri. Dei store cruiseskipa ligg gjerne med dei dieseldrivne generatorane og hovudmotorane i gang også når dei er i ro. Dette genererer utslepp av vassdamp, svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), karbondioksid (CO2), svevestøv (PM10 og PM2.5) og flyktige organiske stoff (VOC). Kystverket sin rapport «Utslipp til luft og sjø fra skipsfart i fjordområder med stor cruisetrafikk» (Sjøfartsdirektoratet, 2017), seier at av og til har nivået av nitrogenoksid (NOx) i Geiranger vore så høgt at det kan ha helsemessige negative konsekvensar.

Desse medlemene vil peike på at vedtaket om utsleppsfrie verdsarvfjordar allereie har stimulert til innovasjon. I ei pressemelding frå Northern Xplorer 19. januar 2022 vart det varsla at det er mogleg å ha utsleppsfrie skip som går på hydrogen og batteri, for 300 passasjerar, klare for verdsarvfjordane i 2025.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne, legg til grunn at landstraum kan vere eit godt og kostnadseffektivt alternativ, men ikkje alltid. Landstraum i Geiranger og moglegvis i Hellesylt vil, som forslagsstillarane peiker på, verte svært dyrt. Med dei mengdene straum som trengst, og tida det vil ta å ruste opp nettet, vil det vere vanskeleg å få ei løysing som står klar innan 2026.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne, meiner at statsråden sitt svar til komiteen i saka 3. desember 2022 ikkje er i tråd med røynda når det gjeld straumpris. Noreg har kraftoverskott, men det er mykje som tyder på at vi ikkje kan rekne med lave kostnader på straum og nettutbygging i åra som kjem, og at dette no bidreg til å skape ein ekstra stor økonomisk risiko for nettselskap og kundar i samband med prosjektet utsleppsfri fjord i Geiranger. Dette er eit område med få å dele kostnadane på og eit område med eit krevjande landskap å bygge ut nett i. Desse medlemene legg også til grunn at vi er i ein spesiell situasjon etter to år med pandemi som har gitt store utfordringar for reiselivet og cruisetrafikken. Hotell- og servicenæringane i området må difor sikrast føreseielege vilkår for drift gjennom avklaringar med departementet og direktorata som er inne i denne saka, og ikkje verte sitjande som indirekte taparar. Desse medlemene meiner staten bør kome kommunen og Stranda Hamnevesen og reiselivsnæringa i møte på ein konstruktiv måte ved at departement, kommunen og forskingsmiljø samarbeider tett og legg realistiske planer for omstillinga, slik at vanskane som her er peika på, vert omgjorde til konstruktivt samarbeid for å nå målet Stortinget har sett for utsleppsfri fjord. Desse medlemene vil understreke at denne utfordringa inneheld potensial for unik kompetansebygging og læring som desse medlemene meiner bør passe inn i strategien for å styrke og utvikle meir berekraftig maritim industri og reiselivsnæring på Nordvestlandet. Den ekstraordinære situasjonen med to år med pandemi som har råka begge næringane, gjer situasjonen spesiell. Her bør regjeringa tenkje heilskapleg, langsiktig og berekraftig, og utnytte potensialet for innovasjon og bygge tillit mellom styresmakter og dei som sit midt oppe i utfordringane i denne unike delen av landet.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne, fremmer følgande forslag:

«Stortinget ber regjeringa kome attende med ei sak til Stortinget om korleis ein kan medverke til at Stortinget sitt vedtak om å fjerne utsleppa frå skipstrafikken i verdsarvfjordane kan auke verdiskapinga i turistnæringa i Geiranger og Hellesylt.»

Komiteen fremmer følgande forslag:

«Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarv­områda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.»

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti viser til at regjeringen Solbergs Handlingsplan for grønn skipsfart (2019) stadfestet målet om å halvere klimagassutslippene fra innenriks skipsfart innen 2030, sammenlignet med 2005. Dette ble igjen bekreftet i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Disse medlemmer understreker at nullutslipp kan oppnås både med elektrisitet og batterier, der en god ladeinfrastruktur vil være avgjørende, men også med andre nullutslippsløsninger som bruk av hydrogen og ammoniakk produsert uten utslipp. Biogass kan også brukes som en tilnærmet null­utslippsløsning.

Disse medlemmer viser til at Stortinget i 2018 ved behandlingen av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid har bedt regjeringen utforme krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder, samt bruk av andre virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030. Dette inkluderer krav om nullutslipp fra turistskip og ferjer i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart og senest innen 2026.

Disse medlemmer imøteser at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte med informasjon om hvordan vedtaket om nullutslipp i verdensarvfjordene følges opp og gjennomføres.

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …