Representantforslag om satsing på hydrogen som energiberar for tog

Behandlet i registeret: 03.05.2022 Siste registrerte hendelse: 03.05.2022 Sak 88337 Vedtatt dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har behandlet et representantforslag fra Høyre om satsing på hydrogen som energibærer for tog. Stortinget vedtok å be regjeringen legge frem en tidfestet fremdriftsplan for å få de gjenværende dieseldrevne jernbanestrekningene over på nullutslippsteknologi.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Vedtatt

Politiske tagger

Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.

Bedre togforbindelser Strengere klimakrav Kollektiv transport

Dokumenttekst

Representantforslag om satsing på hydrogen som energiberar for tog Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2021-2022/dok8-202122-129s/ Bakgrunn Noreg skal vera eit lågutsleppssamfunn i 2050. Skal ein greia dette, må alle delar av næringslivet bidra. Auka CO -avgifter bidreg til at alternative fossilfrie energiberarar på sikt vil bli meir kostnadseffektive enn tilsvarande energiformer basert på fossile kjelder. Hydrogen og ammoniakk er energiberarar som har store potensial til å redusere utslepp innan ei rekke sektorar. Innan transportsektoren har Noreg allereie gjort mykje, spesielt innan maritim sektor og gjennom elbilsatsinga. Det ligg også til rette for at Noreg kan verta ein testarena for nullutslepp flytransport. Innan jernbanesektoren har Noreg elektrifisert storparten av strekningane i landet. Men sju av Noregs jernbanestrekningar er enno ikkje elektrifiserte, noko som utgjer om lag 10 pst. av den totale norske togflåten. Og sjølv om skinnegåande transport gir svært effektiv utnytting av energien, og lite utslepp i forhold til tilbakelagt antal kilometer sjølv med fossile energikjelder, er målet på sikt at all transport skal bli utsleppsfri. Eit samla storting stilte seg hausten 2018 bak eit framlegg om å teste hydrogentog på ein av dei strekningane som i dag nyttar dieseldrift. Målet er å få bort dei 100 000 tonna med CO som jernbanedrifta fører til kvart år. Jernbanedirektoratet publiserte i november 2019 rapporten NULLFIB (Nullutslippsløsninger for ikke-elektrifiserte baner), der dei evaluerte ulike nullutsleppsalternativ. Her vart tradisjonell køyreleidning, delelektrifisering, rein batteridrift, biodrivstoff og hydrogen vurderte. Studien konkluderte med at hydrogen enno er umodent for bruk i Noreg. Konklusjonen frå NULLFIB er i strid med konklusjonen frå ein fagrapport frå SINTEF frå 2019, som peikar på hydrogen som den beste løysinga på fleire strekk som ikkje er elektrifiserte. Dei peikar på at grunnlaget for vurdering av hydrogen som alternativ energiberar, som Jernbanedirektoratet har nytta i sin studie, er svakt og allereie utdatert. Det vert teke til orde for at godstransport på Nordlandsbanen er godt eigna for bruk av grønt hydrogen. Ettersom krava til grøn transport vert stadig strengare, er det viktig at også skinnegåande transport kan tilby nullutslepp. Om ein ikkje har eit slikt tilbod, vil godstransport på sikt automatisk tvinge seg over på vegen, då det er forventa at all landtransport etter kvart vil gå over til fossilfrie energiberarar. I Europa er allereie hydrogentog introdusert i fleire land. Alstom lanserte hydrogentoget Coradia Ilint på ei transportmesse i Berlin i 2016, og bestillingar av hydrogentog er etter dette gjorde i Storbritannia, Tyskland og Nederland. Fleire initiativ til produksjon av hydrogen er iverksette her i Noreg etter lansering av hydrogenstrategien og eit hydrogenvegkart av regjeringa Solberg. Det har vore ei hurtig utvikling av hydrogenteknologi, marknad og trong for alternative energiberarar. Det offentlege må ta eit tydeleg ansvar for å driva fram utviklinga. Offentlege krav i innkjøp er med på å driva fram ei slik ønskt utvikling, men bidreg òg til å skape verdikjeder og verdiskaping for norsk energiproduksjon og teknologi på sikt. Forslagsstillarane viser til gjeldande hydrogenstrategi, som legg grunnlaget for vidare arbeid med hydrogen. Strategien stadfestar at det må lagast ein marknad for hydrogen for å underbygga fem hydrogenknutepunkt fram mot 2025. Tog bør vurderast til å ta del i denne marknaden. Her må ein inngå samarbeid med private aktørar, ettersom norsk næringsliv har kome langt i sine planar om å etablera både produksjon og forbruk av hydrogen. Likevel må det innleiingsvis vera det offentlege som gjennom innkjøp set seg i førarsetet for å driva fram utviklinga. Forslagsstillarane meiner regjeringa må vurdera nye verkemiddel for å løyse ut potensialet for hydrogensatsinga i Noreg fram mot 2030. Differansekontraktar har vorte peika på som nyttige verkemiddel som kan bidra til å få på plass verdikjeder som omfattar produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen. Det må difor snarast koma på plass eit sett rammevilkår som skaper føreseielege rammer for at næringslivet skal kunna satsa. Forslagsstillarane viser vidare til at Noregs første hydrogenferjer i storskala skal gå på Vestfjorden, Noregs lengste ferjesamband. Då Statens vegvesen lyste ut anbod på den første elektriske ferja i Noreg, var det få eller ingen liknande ferjer i drift andre stader i verda. Dette var starten på ei omlegging til grøn maritim skipsfart. Modellen Statens vegvesen nytta den gongen, kan også nyttast av Jernbanedirektoratet. Teknologien for hydrogentog finst, og ein kan difor hoppa over stadium med pilotering som ein måtte ha for ferjene. Regjeringa bør difor vurdere å gje Jernbanedirektoratet eit oppdrag med å oppdatera kunnskapsgrunnlaget som kan leia fram til at ein set det første norske hydrogentoget i bestilling. Regulatoriske barrierar må kartleggast og avklarast. Det er viktig at regelverket ligg i forkant av ei innføring av hydrogentog. Direktoratet for sikkerhet og beredskap må difor koplast på dette arbeidet. Staten må bruke innkjøpsmakta si på å bygga marknaden. Det kan ein gjere med også å fasa inn tog som ikkje kan elektrifiserast, på marknaden, eventuelt at ein får opp bimodale togsett der hydrogen på sikt kan fasast inn. Då får ein opp volumet på hydrogenproduksjon, som igjen vil senka prisen på drivstoffet, og ein får med det ein energiberar som er konkurransedyktig mot diesel når CO -kostnadane aukar, i tillegg til å oppnå klimakrava Noreg har sett. Skal ein få ei satsing på hydrogen i Noreg, må statlege aktørar nytta innkjøpsmakta si for å drive fram denne vilja utviklinga. Om ikkje skinnegåande transport tek del i denne utviklinga, vil tog bli akterutsegla av last på vogntog, som på sikt kan tilby nullutsleppstransport på alle vegar. Hydrogen kan i tillegg vera lokalprodusert, og kan utnytta innestengd kraft, noko som vil avlasta presset på utbygging av nettinfrastruktur. Forslagsstillarane viser til Dokument 8:113 S (2021–2022) om ei storstilt satsing på norsk hydrogen- og ammoniakkutvikling. Dette er eit framlegg som føljer opp hydrogenstrategien og hydrogenvegkartet lagt fram av regjeringa Solberg. Forslagsstillarane meiner at også hydrogentog må greiast ut vidare for å komplettere denne satsinga. Forslag På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande forslag: 1. Stortinget ber regjeringa setta i gang eit arbeid for å få fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for hydrogen brukt som energiberar for tog. Her bør ein skille mellom godstog, persontog, korte og lengre strekningar og sjå det opp mot etablering av hydrogenknutepunkt. 2. Stortinget ber regjeringa vurdera kva strekningar som best kan eigne seg for å setta inn tog med hydrogen som energiberar. Ein bør då sjå dette opp mot heile verdikjeda, både produksjon, distribusjon og forbruk. 3. Stortinget ber regjeringa prioritera å setta i gang differansekontraktar for hydrogen som også er retta mot realisering og innfasing på skinnegåande materiell, der det ikkje er mogleg eller økonomisk forsvarleg med andre nullutsleppsenergiberarar. 4. Stortinget ber regjeringa vurdere korleis verdikjeder for hydrogen for skinnegåande materiell kan bli del av ein eksportmarknad. 5. Stortinget ber regjeringa vidareutvikla samarbeidet med dei andre nordiske landa om ein fullskala infrastrukturplan for hydrogen i Norden retta mot distribusjon til togmateriell som går mellom dei nordiske landa. I planen skal det leggast opp til utsleppsfri skinnegående gods- og persontransport mellom dei nordiske landa. 6. Stortinget ber regjeringa forsterka klimavektinga i innkjøpsprosessar som omhandlar skinnegåande materiell. 7. Stortinget ber regjeringa sørga for at regelverket for å ivareta nye energiberarar som eksempelvis hydrogen og ammoniakk òg vert gjennomgått og oppdatert også for skinnegåande materiell.

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Høyre
Representanter:

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Forkastet

FOR
32
MOT
68
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 18671
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 7 fra Høyre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen videreutvikle samarbeidet med de andre nordiske landene om en fullskala infrastrukturplan for hydrogen i Norden rettet mot distribusjon av hydrogen til togmateriell som går mellom de nordiske landene. I planen skal det legges opp til utslippsfri skinnegående gods- og persontransport mellom de nordiske landene.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Forkastet

FOR
41
MOT
59
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 18672
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 6 fra Høyre, Sosialistisk Venstreparti
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen forsterke klimavektingen i innkjøpsprosesser som omfatter skinnegående materiell.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 3 – Forkastet

FOR
45
MOT
55
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 18673
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Høyre, Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen, i sitt igangsatte arbeid med konseptvalgutredning for jernbane, få frem et oppdatert kunnskapsgrunnlag for hydrogen som energibærer for tog. Her bør man skille mellom godstog, persontog og korte og lengre strekninger og se det opp mot etablering av hydrogenknutepunkt.

Forslag nr. 4 fra Høyre, Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan legges til rette for at næringslivet kan gjøre verdikjeder for hydrogen for skinnegående materiell til en del av et eksportmarked.

Forslag nr. 5 fra Høyre, Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen sørge for at regelverket for å ivareta nye energibærere som eksempelvis hydrogen og ammoniakk også blir gjennomgått og oppdatert for skinnegående materiell.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 4 – Forkastet

FOR
42
MOT
57
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
70
Delekort
Votering ID: 18674
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 2 fra Høyre, Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke strekninger som best kan egne seg for å sette inn tog med hydrogen som energibærer. Dette bør vurderes ut fra hele verdikjeden, både produksjon, distribusjon og forbruk.

Forslag nr. 3 fra Høyre, Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen prioritere å innføre differansekontrakter for hydrogen som også er rettet mot realisering og innfasing på skinnegående materiell, hvor det ikke er mulig eller økonomisk forsvarlig med andre nullutslippsenergibærere.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 5 – Enstemmig vedtatt

Delekort
Votering ID: 18675
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen legge frem en tidfestet fremdriftsplan for å få de gjenværende dieseldrevne jernbanestrekningene over på nullutslippsteknologi.

Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Kommentarer

Laster kommentarer …