Representantforslag om ei miljøklagenemnd

Behandlet 18.05.2022 Sak 88781 behandlet dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no
Energi- og miljøkomiteen
Voteringer
2
Tagger
1
Status
behandlet

Sammendrag

Vedtak:
Stortinget har behandlet et representantforslag om ei miljøklagenemd. Forslaget ble ikke vedtatt.

Tagger på saken

Felles tagger for saken. Uten votering vises hovedsak-tagger. Med votering speiler disse taggene på voteringene.

Dokumenttekst

Bakgrunn Kvart år vert det fatta tusenvis av forvaltningsvedtak som har alvorlege fylgjer for miljøet. Vedtaka vert gjorde av både kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan, og kan handle om løyve til forureining, arealomdisponering, utbygging eller til dømes uttak av trua rovdyr. Dei fleste sektorlovene som omhandlar natur og miljø, stiller miljørettslege krav til den aktuelle verksemda. I tillegg skal dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 varetakast i alle offentlege forvaltningsvedtak, jf. naturmangfaldlova § 7. Eit sunt miljø, ein natur der produksjonsevna og naturmangfaldet vert vareteke for komande generasjonar, og at disponering av naturressursane vert gjord til det beste for kommande slekter, er dessutan ein menneskerett nedfelt i Grunnlova § 112. Natur- og miljøomsyn er underlagde lovgiving, og det er ei allmenn plikt å vareta felles natur- og miljøverdiar som ei overordna samfunnsinteresse, men ofte er det få eller ingen som aktivt opprettheld denne interessa når ho er i strid med meir kortsiktige mål. Domstolskontrollen i miljøsaker både er og har vore nesten fråverande. Undersøkingar viser at av alle sivile saker i norske domstolar i perioden 1996 til 2005 handla berre omkring 0,4 pst. om miljø. (Ref. Fauchald. Environmental Justice in Courts – a Case Study from Norway. Nordisk miljörettslig tidsskrift/Nordic Environmental Law Journal 2010:1. s. 54). Ein kan spørje seg om talet er for lågt med tanke på det totale talet forvaltningssaker og dei konsekvensane desse har for miljøet. Det er altså svært sjeldan at ei sak som omhandlar miljøspørsmål, får ei uavhengig prøving i domstolane, men det har vore nokre få som har fått mykje merksemd, slik som klimasøksmålet, som omhandla klimaeffekten av 24. konsesjonsrunde på sokkelen, saka om vindkraft på Haramsfjellet og ulvesøksmålet for å hindre skyting av freda ulv. Sjølv om det er mogleg for både natur- og miljøorganisasjonar og einskildpersonar å klage på vedtak som er fatta, og til slutt gå til søksmål for domstolen for å få endra vedtak, så er det likevel sjeldan at det skjer. I Noreg er risikoen for kostnadene ved å gjennomføre eit vanleg søksmål gjennom rettssystemet så store at det berre unntaksvis skjer at miljøsaker når domstolane. Sivilsamfunnet og friviljuge organisasjonar har ikkje ressursar til å ta forvaltningsvedtak gjennom rettssystemet, og det som kan vere feilaktige vedtak som rammar natur og klima, vert ståande. For å sikre ein miljørettsleg kontroll av forvaltningsvedtak er det difor trong for eit rimeleg, effektivt og uavhengig overprøvingsorgan, ei miljøklagenemnd, som kan sikre at miljølovgivinga vert overhalden av forvaltninga. Ifylgje Århuskonvensjonen er Noreg pålagt å ha ei slik ordning for å kunne prøve forvaltningvedtak utan at det er for kostbart å fremje sak, jf. konvensjonens artikkel 9. Det er ikkje nødvendig at dette er i form av ein eigen domstol eller eit domstolsliknande organ, men i og med at det i dag ikkje er eit funksjonelt system, så må det vurderast. FN har i sin spesialrapport for miljø og menneskerettar slått fast at det kan vere nødvendig «[c]onsider the creation of a specialised environmental court or tribunal.» (A/HRC/43/53/Add.2, Section 95 (c)) Rapporten viser til at det finst over 1 000 slike i ulike land i verda, og at det kan vere viktig for å gi ålmenta ein reell sjanse til å fremje omsynet til naturen. Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) har i sin rapport «Climate and Human Rights» konkludert med at det er noko som må vurderast. Sverige har ein eigen miljødomstol, og Danmark har ei miljøklagenemnd. Kvart år vert mange forvaltningsvedtak gjenstand for effektiv miljørettsleg kontroll gjennom desse ordningane. Det er difor på tide å greie ut ei slik ordning, også i Noreg. Risiko for store kostnader er i dag eit stort hinder for at einskildpersonar og organisasjonar prøver miljø- og klimasaker for domstolane. Tvistelova gir høve til å få unntak frå sakskostnader dersom «tungtveiende grunner gjør det rimelig», jf. tvistelova § 20-2. Det kan omfatte saker fremja på vegner av klima og miljø, men det gir inga reell sikring. Det bør difor greiast ut ei endring i tvistelova som gir ein klar heimel om føreseielege kostnader i saker som vert klaga inn på vegner av natur, miljø og klima, ein hovedregel som gir unntak frå høge sakskostnader i miljøsaker. Forslag På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa greie ut ei eiga miljøklagenemnd, med sikte på å opprette eit domstolliknende organ der ein enkelt kan få prøvd forvaltningsvedtak som har verknad for natur, miljø og klima. Stortinget ber regjeringa greie ut og kome tilbake til Stortinget med framlegg som sikrar at søksmål for domstolane som vert fremja på vegner av natur-, miljø- og klimainteresser, som hovedregel skal få unntak for sakskostnader. Bakgrunn Kvart år vert det fatta tusenvis av forvaltningsvedtak som har alvorlege fylgjer for miljøet. Vedtaka vert gjorde av både kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan, og kan handle om løyve til forureining, arealomdisponering, utbygging eller til dømes uttak av trua rovdyr. Dei fleste sektorlovene som omhandlar natur og miljø, stiller miljørettslege krav til den aktuelle verksemda. I tillegg skal dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 varetakast i alle offentlege forvaltningsvedtak, jf. naturmangfaldlova § 7. Eit sunt miljø, ein natur der produksjonsevna og naturmangfaldet vert vareteke for komande generasjonar, og at disponering av naturressursane vert gjord til det beste for kommande slekter, er dessutan ein menneskerett nedfelt i Grunnlova § 112. Natur- og miljøomsyn er underlagde lovgiving, og det er ei allmenn plikt å vareta felles natur- og miljøverdiar som ei overordna samfunnsinteresse, men ofte er det få eller ingen som aktivt opprettheld denne interessa når ho er i strid med meir kortsiktige mål. Domstolskontrollen i miljøsaker både er og har vore nesten fråverande. Undersøkingar viser at av alle sivile saker i norske domstolar i perioden 1996 til 2005 handla berre omkring 0,4 pst. om miljø. (Ref. Fauchald. Environmental Justice in Courts – a Case Study from Norway. Nordisk miljörettslig tidsskrift/Nordic Environmental Law Journal 2010:1. s. 54). Ein kan spørje seg om talet er for lågt med tanke på det totale talet forvaltningssaker og dei konsekvensane desse har for miljøet. Det er altså svært sjeldan at ei sak som omhandlar miljøspørsmål, får ei uavhengig prøving i domstolane, men det har vore nokre få som har fått mykje merksemd, slik som klimasøksmålet, som omhandla klimaeffekten av 24. konsesjonsrunde på sokkelen, saka om vindkraft på Haramsfjellet og ulvesøksmålet for å hindre skyting av freda ulv. Sjølv om det er mogleg for både natur- og miljøorganisasjonar og einskildpersonar å klage på vedtak som er fatta, og til slutt gå til søksmål for domstolen for å få endra vedtak, så er det likevel sjeldan at det skjer. I Noreg er risikoen for kostnadene ved å gjennomføre eit vanleg søksmål gjennom rettssystemet så store at det berre unntaksvis skjer at miljøsaker når domstolane. Sivilsamfunnet og friviljuge organisasjonar har ikkje ressursar til å ta forvaltningsvedtak gjennom rettssystemet, og det som kan vere feilaktige vedtak som rammar natur og klima, vert ståande. For å sikre ein miljørettsleg kontroll av forvaltningsvedtak er det difor trong for eit rimeleg, effektivt og uavhengig overprøvingsorgan, ei miljøklagenemnd, som kan sikre at miljølovgivinga vert overhalden av forvaltninga. Ifylgje Århuskonvensjonen er Noreg pålagt å ha ei slik ordning for å kunne prøve forvaltningvedtak utan at det er for kostbart å fremje sak, jf. konvensjonens artikkel 9. Det er ikkje nødvendig at dette er i form av ein eigen domstol eller eit domstolsliknande organ, men i og med at det i dag ikkje er eit funksjonelt system, så må det vurderast. FN har i sin spesialrapport for miljø og menneskerettar slått fast at det kan vere nødvendig «[c]onsider the creation of a specialised environmental court or tribunal.» (A/HRC/43/53/Add.2, Section 95 (c)) Rapporten viser til at det finst over 1 000 slike i ulike land i verda, og at det kan vere viktig for å gi ålmenta ein reell sjanse til å fremje omsynet til naturen. Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) har i sin rapport «Climate and Human Rights» konkludert med at det er noko som må vurderast. Sverige har ein eigen miljødomstol, og Danmark har ei miljøklagenemnd. Kvart år vert mange forvaltningsvedtak gjenstand for effektiv miljørettsleg kontroll gjennom desse ordningane. Det er difor på tide å greie ut ei slik ordning, også i Noreg. Risiko for store kostnader er i dag eit stort hinder for at einskildpersonar og organisasjonar prøver miljø- og klimasaker for domstolane. Tvistelova gir høve til å få unntak frå sakskostnader dersom «tungtveiende grunner gjør det rimelig», jf. tvistelova § 20-2. Det kan omfatte saker fremja på vegner av klima og miljø, men det gir inga reell sikring. Det bør difor greiast ut ei endring i tvistelova som gir ein klar heimel om føreseielege kostnader i saker som vert klaga inn på vegner av natur, miljø og klima, ein hovedregel som gir unntak frå høge sakskostnader i miljøsaker. Forslag På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa greie ut ei eiga miljøklagenemnd, med sikte på å opprette eit domstolliknende organ der ein enkelt kan få prøvd forvaltningsvedtak som har verknad for natur, miljø og klima. Stortinget ber regjeringa greie ut og kome tilbake til Stortinget med framlegg som sikrar at søksmål for domstolane som vert fremja på vegner av natur-, miljø- og klimainteresser, som hovedregel skal få unntak for sakskostnader.

Forslagsstillere for saken

Partier og representanter som har lagt frem selve saken.

Sosialistisk Venstreparti
Representanter:

Voteringer i saken

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Vedtatt

FOR
82
MOT
19
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Votering ID: 18796
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:172 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Lars Haltbrekken og Andreas Sjalg Unneland om ei miljøklagenemnd – vedtas ikke.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Forkastet

FOR
19
MOT
82
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Votering ID: 18797
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa greie ut ei ordning med miljøklagenemnd, med sikte på å opprette eit domstolsliknande organ der ein enkelt kan få prøvd forvaltningsvedtak som har verknad for natur, miljø og klima.

Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa greie ut og kome tilbake til Stortinget med framlegg som sikrar at søksmål for domstolane som vert fremja på vegner av natur, miljø og klimainteresser, som hovudregel skal få unntak frå sakskostnader etter Århuskonvensjonen.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti