Representantforslag om sletting av Ukrainas statsgjeld
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2021-2022/dok8-202122-226s/
Bakgrunn
Samtidig som Ukraina
er utsett for eit brutalt og folkerettsstridig angrep frå Russland,
og landet og økonomien er på randa av kollaps, betaler landet framleis
ned på statsgjelda si. Det ukrainske folket kjempar for liva sine
og må handtera store øydeleggingar og humanitære behov. Likevel
strøymer nødvendige ressursar ut av landet og inn i lomma på kreditorar.
Ukrainas eksterne statsgjeld
er på 54 mrd. dollar. 7,3 mrd. dollar skal betalast allereie i år.
Over halvparten av gjelda skulda dei til private långivarar som
bankar og hedgefond, resten skuldar dei til multilaterale institusjonar
som Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken og Den europeiske
investeringsbanken.
Gjelda er i amerikanske
dollar. Derfor har fallet i verdien til den ukrainske valutaen gjort
det endå vanskelegare å betala tilbake lånet midt under krigen.
Faren for misleghald er stor. I etterkant av den russiske invasjonen
har responsen til dei multilaterale organisasjonane vore endå fleire
lån til Ukraina på rundt 2 mrd. dollar, på toppen av landet si allereie
lite berekraftige gjeld.
Ukraina skal ikkje
måtta senda ressursane sine ut av landet til rike kreditorar når
dei treng dei som mest. Noreg bør derfor arbeida for at kreditorane
stansar innbetalingskrav umiddelbart i tillegg til å sletta og restrukturera
ukrainsk statsgjeld. Noreg er sjølv bidragsytar i IMF og Verdsbanken
og har direkte påverknad i desse institusjonane.
Forslag
På denne bakgrunnen
blir det fremja følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
ta initiativ overfor Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken
for å stansa krav om innbetaling av ukrainsk statsgjeld og vidare sletta
og restrukturera gjelda.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
14
MOT
87
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 18873
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
ta initiativ overfor Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken
for å stansa krav om innbetaling av ukrainsk statsgjeld og vidare sletta
og restrukturera gjelda.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:226 S
(2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid
Fiskaa, Lars Haltbrekken, Andreas Sjalg Unneland, Kari Elisabeth Kaski
og Kirsti Bergstø om sletting av Ukrainas statsgjeld – vedtas ikke.