Representantforslag om full revisjon av Røldal-Suldal kraftanlegg
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2021-2022/dok8-202122-260s/
Bakgrunn
I 1962 vedtok Stortinget
utbygging av Røldal-Suldal kraftanlegg for å sikre nok kraft til
industriutvikling på Vestlandet. Stortingsvedtaket bygde på at konsesjonstida
berre gjaldt i 60 år, fram til utgangen av 2022. Då skulle heile
anlegget falle tilbake til staten, og vertskommunane skulle få inntil
éin tredjedel av kraftverdien, jamfør heimfallslova frå 1909.
Som kjent blei denne
delen av heimfallsinstituttet underkjend i ein dom frå EFTAS overvakingsorgan (ESA).
Diverre valde dei raud-grøne regjeringspartia og resten av Stortinget
å tilpasse lovverket til denne dommen i 2008, i staden for å stå
opp for det offentlege eigarskapet og tidlegare konsesjonsvilkår
som hadde vore lovfesta i nesten hundre år.
No står innbyggarane
og grunneigarane i vertskommunane Ullensvang (som Røldal er ein
del av) og Suldal igjen med lite anna enn omfattande øydelagd natur, med
tørrlegging av elver, neddemming av stølsdalen Valldalen, øydelagde
transportvegar og ingen regulering av minstevassføring og vassnivået
i magasina.
Med utholing av heimfallet
blei det mogleg for Hydro og Lyse å gjennomføre ein fusjon i 2020
med ein ny, evigvarande konsesjon, heilt i strid med konsesjonsvilkåra
for den store kraftutbygginga i Røldal-Suldal som Stortinget vedtok
i 1962.
Ordførarane i vertskommunane
Ullensvang og Suldal har karakterisert dette som eit ran, der vertskommunane
vil tape framtidige inntekter på fleire hundre millionar kroner
årleg til evig tid. Kommunane og grunneigarane risikerer no å sitje
att med lite eller ingenting om ikkje styresmaktene syter for rettvise
kompenasjonsordningar og dei aller strengaste krava til miljørevisjon av
heile anlegget.
Stortinget handsama saka i 2021,
jf. Dokument 8:82 S (2020–2021) og Innst. 222 S (2020–2021). Fleirtalet vedtok
følgjande:
Stortinget ber regjeringa
om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter
at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa
tid.
Stortinget ber regjeringa
sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag
er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller
andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.»
Strengare forslag
frå fleire parti blei røysta ned i Stortinget i februar 2021. Forslagsstillaren
syner til at det no er eit nytt fleirtal på Stortinget, og at delar
av dette nye fleirtalet ville gå lenger i å stanse ranet av innbyggarane
i Ullensvang og Suldal under handsaminga i Stortinget i februar
2021.
No er miljørevisjonane
av anlegget i gong. Kommunestyret i Ullensvang har stilt ei rekke
krav til regjeringa og Stortinget for å sikre at intensjonen i vedtaket
frå 1962 blir gjennomført, og at strenge, moderne natur- og miljøkrav
blir tatt omsyn til.
Forslag
På denne bakgrunnen
blir det fremma følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar
i dag, blir lagde til grunn når Røldal-Suldal-konsesjonane blir
reviderte.
Stortinget ber regjeringa
syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal-Suldal kraftanlegg og
vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje
om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig
måte, med langt betre natur- og miljøomsyn.
Stortinget ber regjeringa
syte for at manøvreringsreglementet for vasskraftanlegget blir oppdatert
i tråd med innspela frå kommunestyret i Ullensvang.
Stortinget ber regjeringa
leggje til grunn at dei nye kompensasjonsvilkåra for vertskommunane
og grunneigarane for Røldal-Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadane
og lovnadane gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde
i 1962.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
15
MOT
83
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
71
Delekort
Votering ID: 20119
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
fremje forslag til endringar i vannressursloven og vassdragsreguleringsloven
som betrar lokalsamfunn og grunneigarar sine legitime interesser
ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.
Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og
vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje
om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig
måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd med vertskommunane
Ullensvang og Suldal sine krav.
Forslag nr. 4 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal kraftanlegg
blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra i Ullensvang og
Suldal.
Forslag nr. 5 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane for Røldal–Suldal
kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene gjennom vedtak
om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 6 fra Birgit Oline Kjerstad på vegne av Sosialistisk Venstreparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa syte for samordning av revisjonen for Røldal-Suldal kraft og Ulla-Førre anlegga. Spesielt med omsyn til om det finst synergier som gir rom for tilbakeføring og restaurering av natur i Røldal og Valldalen.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:260 S
(2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentant Sofie
Marhaug om full revisjon av Røldal–Suldal kraftanlegg – blir ikkje
vedteke.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar
i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra for Røldal–Suldal-anlegget
blir reviderte.