Stortinget har handsama eit representantforslag frå Sosialistisk Venstreparti om forbod mot eksport av varer og tenester som kan brukast til overvaking av opposisjonelle i Iran. Representantforslaget blei ikkje vedteke.
Behandlingsstatus
✓
Fremmet
✓
Komitébehandling
✓
Behandling i Stortinget
4
Ferdigbehandlet
Status: Forkastet
Politiske tagger
Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.
Representantforslag om forbod mot eksport av varer og tenester som kan brukast til overvaking av opposisjonelle i Iran
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-063s/
Bakgrunn
Sidan moralpolitiet
drap Jina (Masha) Amini den 16. september, har verda vore vitne
til at det autoritære iranske regimet har slått hardt ned på opposisjonen. Tusenvis
har tatt til gatene i protest mot styresmaktene si kvinneundertrykking
og for demokrati. Regimet har svara med massearrestasjon og drap.
Ifølgje menneskerettsorganisasjonar kan så mange som 434 demonstrantar
vere drepne. Av desse er 60 born. Det er farleg å demonstrera i
Iran og kvar einaste modige demonstrant vert sett av regimet.
Det er ikkje berre
folkesamlingar i gatene som vert overvaka og straffa. Alle kritiske
ytringar mot regimet vert observert gjennom ei strukturell overvaking.
Det er godt kjent at opposisjonelle er overvaka gjennom avlytting
og overvaking av internett og telekommunikasjon.
Forretningsmessige
relasjonar mellom Iran og norske næringsaktørar er regulert med
forskrift om sanksjoner og tiltak mot Iran av 2007. Det er forbode
å eksportera ei lang rekke varer til Iran, og norsk eksport til landet
er også liten.
Når det kjem til
utstyr, teknologi og programvare som kan brukast til overvaking
og avlytting av internettsamband eller telekommunikasjon, er dette
likevel ikkje regulert med totalt forbod. Det opnast for eksport, sal
og overføring av ulike IKT-varer og tenester, men berre ved godkjent
søknad i Utanriksdepartementet. Ifølgje forskrifta skal det ikkje
gjevast løyve dersom det er «rimeleg grunn til å fastslå» at varene,
tenestene eller programvara vil bli bruka av det iranske regimet
til overvaking og avlytting. Det er dermed grunn til å tru at departementet
handsamar eventuelle søknadar strengt. Eit klart forbod vil likevel
tetta eventuelle hol og også senda eit viktig politisk signal til
det iranske regimet.
Noreg har ein betydeleg
eksport av teletenester, og det gjer det ekstra viktig å vera årvaken
innan dette feltet. Det er grunn til å tru at norske bedrifter i
liten grad nyttar seg av moglegheita til å søka om å eksportera
varer og tenester innan internett og telekommunikasjon til Iran.
Men reglar er til for å løysa dei vanskelege situasjonane – avvika
som bekreftar regelen om etisk forretningsverksemd. Det norske telekommunikasjonsselskapet
Telenor står på Californias pensjonskasse for offentleg tilsette
si monitoreringsliste med grunngjeving i at selskapet i 2019 vart
identifisert som ein potensiell leverandør av mobiltenester i Iran.
Forslag
På denne bakgrunnen
vert det fremma følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
skjerpa forskrift om sanksjonar og tiltak mot Iran ved å forby eksport
og overføring av utstyr, teknologi eller programvare som kan brukast
til overvaking eller avlytting av internett-samband eller telekommunikasjon
slik skildra i § 5 nr. 5 bokstav a,b,c og d.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Vedtatt
FOR
80
MOT
18
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
71
Delekort
Votering ID: 20244
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:63 S (2022–2023)
– Representantforslag frå stortingsrepresentanten Ingrid Fiskaa
om forbod mot eksport av varer og tenester som kan brukast til overvaking
av opposisjonelle i Iran – vedtas ikke.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
kome tilbake til Stortinget med eit forslag til ei særlov om forbod
mot eksport av varer, teknologi og tenester som kan nyttast til
overvaking og avlytting av opposisjonelle i Iran.
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget på egnet vis med tiltak for å hindre
overvåking og trusler mot borgere i Norge fra det iranske regimet.