Stortinget har behandlet et representantforslag fremmet av medlemmer fra Fremskrittspartiet om å videreføre tilbudet ved Mork rehabiliteringssenter. Forslagene i saken ble ikke vedtatt.
Behandlingsstatus
✓
Fremmet
✓
Komitébehandling
✓
Behandling i Stortinget
4
Ferdigbehandlet
Status: Vedtatt
Politiske tagger
Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.
Representantforslag om å vidareføre tilbodet ved Mork rehabiliteringssenter
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-100s/
Bakgrunn
Mork rehabiliteringssenter
i Volda kommune har gjennom mange tiår vore eit tilbod for personar
i Møre og Romsdal som treng omfattande og spesialisert rehabilitering.
Tilbodet vert nytta av pasientar frå heile Møre og Romsdal. 40 prosent
av pasientane kjem frå Romsdal og Nordmøre. Institusjonen vert òg
tidvis nytta av pasientar frå andre delar av landet. Den største
pasientgruppa er personar som har hatt hjerneslag. Også pasientar
tilbodet. Mork rehabiliteringssenter har òg pasientar med nevrologiske
sjukdommar som MS og pasientar som har eit komplekst sjukdomsbilde.
Mork er kjent for
å ha eit svært godt tilbod om rehabilitering og 40 dyktige tilsette
som over tid har bygd seg saman til eit svært kompetent miljø med
tverrfagleg samarbeid som fungerer. Til tross for at alle er samde om
at Mork har eit svært godt tilbod, har institusjonen med jamne mellomrom
vore trua av nedlegging. Seinast i 2019 kom Helse Møre og Romsdal
med framlegg om å leggje ned institusjonen. Resultatet var den gongen
eit vedtak om å flytte verksemda i tilknyting til Volda sjukehus.
Dette er ikkje ei fullgod løysing, då omgjevnadane ved Mork bidreg
positivt til rehabiliteringa. Dei tilsette seier òg at dei landlege
omgjevnadane gjer mange pasientar meir mottakelege for rehabilitering.
Sjølv om ei flytting til Volda vil bety endra omgjevnadar, ville
ei flytting dit kunne bidra til at fagmiljøet som er bygd opp på Mork,
kunne halde fram, av den grunn at tilbodet framleis ville vorte
drive i det same geografiske området.
I desember 2022 kom
saka plutseleg opp att, til stor fortviling for tilsette og pasientar.
No føreslår Helse Møre og Romsdal, utan dialog med dei tilsette,
å leggje ned Mork rehabiliteringssenter, kutte antalet plassar og flytte
tilbodet til Ålesund sjukehus. Dette vil rive frå kvarandre det
gode fagmiljøet på Mork, då nesten ingen av dei tilsette ynskjer
å flytte med til Ålesund, noko som vil gi ei lang og kostbar reise
til arbeidet. Det er heller ikkje ført ein god dialog med kommunane,
og det er uro for at ei slik flytting vil føre til eit dårlegare
spesialisert rehabiliteringstilbod for pasientane i Møre og Romsdal
og ei omvelting av kostnadar og oppgåver frå Helse Møre og Romsdal
og til pasientane sine heimkommunar. Kommunane har ulike føresetnadar,
ressurser og kompetanse til å følgje opp pasientane. Difor kan eit
svekt tilbod innan spesialisert rehabilitering kunne føre til ulike
tilbod ut frå kvar pasienten er busett.
Dersom Helse Møre
og Romsdal sitt framlegg om å leggje ned Mork vert ståande, kjem
det spesialiserte rehabiliteringstilbodet for innbyggjarane i Møre
og Romsdal til å verte dårlegare. Dette er den faktiske situasjonen,
sjølv om leiinga i helseforetaket hevdar at tilbodet til pasientane
ikkje vil verte forringa. Forslagsstillarane er usamde i dette.
Det tek tid å byggje
opp eit fagmiljø. Ved Ålesund sjukehus må dei tilsetje mange nye
fagfolk, og det vil ikkje på kort sikt vere mogleg å få den kvaliteten
og det faglege nivået som har vorte bygd opp på Mork over lang tid.
Dette vil ta tid.
På Mork har alle
pasientar enkeltrom. I Ålesund er planen å tilby nokre pasientar
dobbeltrom. Dersom ein har gjennomgått eit hjerneslag, opplever
pasienten at det er «kaos i hjernen». Då treng ein ro og trygge,
gode omgjevnadar, ikkje ein ukjend «romkamerat». Det er heller ikkje
gjort ein grundig analyse av kostnadane ved ombygging av Ålesund
sjukehus, men Helse Møre og Romsdal meiner det vil koste 70–75 mill.
kroner å setje i stand Mork. Forslagsstillarane har vanskeleg for
å sjå at sjukehuskorridorar gjev den same ramma rundt den store
innsatsen og arbeidet som pasientane må leggje ned for å trene opp
funksjonane sine att, som ein frittståande institusjon i landlege
omgjevnadar gjev.
Oslo Economics gjennomførte
i 2020 på vegner av Spekter ein analyse av den samfunnsøkonomiske
verdien av rehabilitering. Om lag 200 menneske får kvart år moderat
eller alvorleg traumatisk hjerneskade, som kan gje vanskar med rørsle,
kognitive vanskar, psykiske plage og utfordringar både i arbeidslivet
og sosialt. Rehabilitering etter traumatisk hjerneskade er særleg
ressurskrevjande, ettersom rehabiliteringa vert utført av eit tverrfagleg
team og har lang varigskap. Samstundes gjev spesialisert rehabilitering
betre fysisk og psykisk helse, økt livskvalitet og redusert forbruk
av andre helsetenester og gjer at pasientane kan returnere til arbeid
tidlegare enn kva dei elles ville gjort.
Utrekningane i rapporten syner
at sjølv med ein gjennomsnittleg kostnad på heile 500 000 kroner
er samfunnsnytta som følgje av at ein unngår anna behandling, helsegevinst
og auka deltaking i arbeidslivet større, med eit anslag på 540 000
kroner per pasient. Verdien for samfunnet vil variere avhengig av
ressursbruken i tiltaket som vert gjeve, og situasjonen til pasientane.
I tillegg til dei prissette verknadane bidreg rehabilitering til
auka mestring og sosial deltaking for pasienten og betre livskvalitet
for dei pårørande. I dei helseøkonomiske rettleiarane vert helsetenesteperspektivet
og ikkje samfunnsperspektivet lagt til grunn. Dette medfører at
gevinsten ved økt yrkesdeltaking ikkje vert vektlagd i analysen,
og rehabiliteringstiltak som nettopp har som føremål å auke funksjonsnivået og
moglegheita for arbeid, vert prioritert ned. Eit kvalitativt forringa
tilbod til innbyggjarane i Møre og Romsdal kan føre til at pasientane
ikkje greier å nytte potensialet sitt og få den livskvaliteten som
er mogleg, noko som igjen kan føre til auka kostnadar totalt sett
for samfunnet.
Rapporten frå Oslo
Economics peiker på at behovet for rehabilitering truleg vil auke
i framtida, både som følgje av ein aukande andel eldre i befolkninga
og ved at brukarar av helsetenester stadig får høgare forventningar
til tenestetilbodet. I tillegg bidreg betre behandling i akutt-
og sjukdomsfasen til at fleire pasientar overlever skade og sjukdom,
noko som òg vil auke behovet for rehabilitering. Forslagsstillarane
meiner det vert heilt feil å avvikle eit svært godt tilbod på Mork
rehabiliteringssenter.
Styret i Helse Møre
og Romsdal skal handsame denne saka 1. februar 2023. Forslagsstillarane
meiner rehabiliteringstilbodet på Mork må halde fram, og at det
er naudsynt at Stortinget grip inn i denne saka.
Forslag
På denne bakgrunnen
vert det fremma følgjande
forslag:
1. Stortinget ber
regjeringa syrgje for at Mork rehabiliteringssenter i Helse Møre
og Romsdal vert vidareført med spesialisert rehabilitering.
2. Stortinget ber
regjeringa syrgje for at det vert lagt fram ein fleirårig rehabiliteringsplan
for bygningsmassen på Mork, slik at tilbodet kan verte vidareført
også på lengre sikt.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
20
MOT
80
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 20565
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget med en sak som sikrer gjennomføring
av «Prosjekt Utvikling av rehabiliteringstjenesten i Møre og Romsdal»,
som er et samarbeid mellom kommunene i Møre og Romsdal, Helse Møre
og Romsdal HF og Helse Midt-Norge RHF, slik at rehabiliteringstjenesten
på Mork videreføres.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Kristelig Folkeparti, Pasientfokus
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
sørge for at Mork rehabiliteringssenter i Helse Møre og Romsdal
videreføres med spesialisert rehabilitering.
Forslag nr. 2 fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Kristelig Folkeparti, Pasientfokus
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
sørge for at det legges frem en flerårig rehabiliteringsplan for
bygningsmassen på Mork, slik at tilbudet kan videreføres også på
lengre sikt.
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:100 S
(2022–2023) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sylvi
Listhaug, Bård Hoksrud, Morten Wold og Frank Edvard Sve om å vidareføre
tilbodet ved Mork rehabiliteringssenter – vedtas ikke.