Representantforslag om ein ny Myanmar-strategi for frigjering og demokratisering

Behandlet i registeret: 21.03.2023 Siste registrerte hendelse: 21.03.2023 Sak 92644 Forkastet dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har handsama eit representantforslag frå Sosialistisk Venstreparti om ein ny Myanmar-strategi for frigjering og demokratisering. Forslaget vart ikkje vedteke.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Forkastet

Politiske tagger

Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.

Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning

Dokumenttekst

Representantforslag om ein ny Myanmar-strategi for frigjering og demokratisering Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-113s/ Bakgrunn Myanmar er eit av Noregs utviklingspolitiske partnarland, og Noreg la i tiårsperioden 2011–2021 ned betydelege ressursar til næringsutvikling og statsbygging. Då Utanriksdepartementet i januar 2021 la fram ein ny landstrategi, vart demokratisering og fred definert som hovudmål for norsk innsats i Myanmar. Men 1. februar 2021, dagen då den nyvalde nasjonalforsamlinga skulle samla seg og setta ned ei ny regjering, gjennomførte militæret State Administration Council (SAC). Kuppet utløyste massiv folkeleg motstand. Tusenvis tok til gatene i protest, arbeidarar og fagforeiningar gjekk til sivil ulydnad, og folkevalde representantar etablerte ein parlamentarikarkomité, eit nasjonalt forum for samråd med sivilsamfunnsorganisasjonar og etniske minoritetar og ei nasjonal samlingsregjering. Sjølv om militærregimet desse to åra har slått ned på opposisjon med ufatteleg i å halda kontrollen over vesentlege delar av landet. Dag etter dag, time etter time, har modige burmesarar stått opp mot det brutale diktaturet. Den breie og kraftfulle motstandsrørsla har også utvikla seg til noko meir – ei rørsle som ikkje berre vil tilbake til tida før kuppet, men som óg vil skapa varig fred i det krigsherja landet og utvikla det politiske systemet til eit reelt føderalt demokrati. Rørsla består av ei rekkje ulike grasrotorganisasjonar, fagforbund og etniske minoritetar. Sentralt i rørsla står (i) National Unity Consultative Council (NUCC), eit råd som representerer store delar av grasrotorganisasjonane, inkludert fleire minoritetsorganisasjonar, (ii) Committee Representing Pyidaungsu Hluttaw (CRPH), ein stor del av den valde nasjonalforsamlinga av 2020, og (iii) National Unity Government (NUG), ei folkevald sivil samlingsregjering utgått av CRPH og NUCC. Den gjeldande norske landstrategien for Myanmar vart utvikla og lagd fram rett før kuppet i 2021 fann stad. Situasjonen i landet har endra seg radikalt sidan den gongen, og det er behov for ein oppdatert strategi som kan støtta opp om den modige motstandsrørsla og visjonen om eit djupare demokrati på ein effektiv måte. Den 6. desember 2022 vedtok det amerikanske senatet «Burma Unified through Rigorous Military Accountability Act of 2022» eller kort sagt «BURMA Act of 2022». Lova legg til grunn at USA skal støtta NUG, NUCC, CRPH og den breie sivil ulydnadsrørsla sin innsats for å avskaffa den militære juntaen sitt styresett støtta opp om (i) etableringa av ei sivil regjering der militæret er underlagt sivil kontroll, (ii) endringar av grunnlova og (iii) politiske og økonomiske reformer som sikrar rettane til minoritetsgrupper og støttar opp om ein føderal stat halda menneskerettsforbrytarar ansvarlege, inkludert for brotsverk mot etniske og religiøse minoritetar både før og etter kuppet i 2021 halda russiske og kinesiske styresmakter ansvarlege for deira støtte til det burmesiske militæret gje humanitær støtte til grupper som er utsette for overgrep av militærjuntaen og koordinera den internasjonale innsatsen for ei effektiv hjelp til folk i Myanmar og til folk som har måtta søkja tilflukt i nabolanda sørga for frigjeringa av urettmessig fengsla personar Forslag På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa legga fram ein ny Myanmar-strategi med mål om å støtta folk i Myanmar og kampen deira for demokrati, menneskerettar og rettferd etter inspirasjon frå US Burma Act of 2022.

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Sosialistisk Venstreparti
Representanter:

Voteringer i saken

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Vedtatt

FOR
81
MOT
19
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 20436
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:113 S (2022–2023) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Lars Haltbrekken, Marian Hussein og Freddy André Øvstegård om ein ny Myanmar-strategi for frigjering og demokratisering – vedtas ikke

Tagger på denne voteringen:

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Forkastet

FOR
19
MOT
81
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 20437
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa legga fram ein ny Myanmar-strategi med mål om å støtta folk i Myanmar og kampen deira for demokrati, menneskerettar og rettferd etter inspirasjon frå US Burma Act of 2022.

Tagger på denne voteringen:

Voteringsresultat per parti