Stortinget har behandlet et representantforslag fra Høyre om ein ny gjennomgang av regelverket for transport av farleg last på ferjer. Forslaget fikk ikke flertall i Stortinget.
Behandlingsstatus
✓
Fremmet
✓
Komitébehandling
✓
Behandling i Stortinget
4
Ferdigbehandlet
Status: Forkastet
Politiske tagger
Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.
Representantforslag om ein ny gjennomgang av regelverket for transport av farleg last på ferjer
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-133s/
Bakgrunn
Farleg last vert dagleg transportert
på norske vegar, over bruer, gjennom tunnelar, gjennom tettbygde
strok og over norske fjordar via fylkeskommunale ferjesamband og
riksvegsferjesamband. Dette er ein type næringstransport som er
heilt nødvendig for at næringslivet skal få tilgang på dei råvarene
og materiala ein treng for å drive næringsverksemd her i landet.
Ved fjordkryssingar er dette likevel ei utfordring ettersom køyretøy
med farleg last legg avgrensing på annan transport og ferdsel. Dette
er regulert gjennom forskrift om farlig last på norske skip, administrert
av Sjøfartsdirektoratet. Forskrifta kom i 2014 og erstatta forskrift
av 2009. Det er heva over ein kvar tvil at tryggleik for ferjer, mannskap
og andre reisande må varetakast sjølv med frakt av farleg last.
I dag er det sett ei øvre grense på at 12 passasjerar kan vere med
ferjer der det også vert frakta farleg last. For enkelte ferjer,
som kan ta opp mot 500 passasjerar, vil dette kunne gje større utslag
i kapasitet for sambandet over fleire avgangar. Forskrifta har med jamne
mellomrom vorte revidert, mellom anna i 2011, der endringsforskrifta
vart fastsett for å ta bort avgrensing i passasjertal på innanriksferje
ved transport av vogntog lasta med nedkjølte industrigassar i flytande form.
Også i 2014 vart det gjort presiseringar i teksten, og i 2017 vart
det gjort presiseringar i ordlyden i § 10. Dette var ikkje materielle
endringar som endra høvet til å transportere farleg last generelt,
eller gassar spesielt, på ferje.
Svært mange ferjeselskap
tilbyr varslingstenester som varslar om farleg last og passasjertalsavgrensing
på ferja, slik at andre reisande kan planlegge reisa si, og ta omsyn
til avgangar som har farleg last. Det er ikkje krav om at ferjeselskapet
skal ha ei slik varslingsteneste, og det er svært vilkårleg kor
lang tid i førevegen ei slik varsling kjem. Det kan vere at ho kjem
i det ferja går, eller i beste fall opptil eit halvt døgn i framkant.
Det betyr at ein ikkje kan lite på ei slik teneste om ein har lengre
reiseveg til ferja, slik dei fleste har. Dette betyr vidare at dei som
er avhengige av å nå tenester på andre sida av fjorden, må legge
inn minst ei ferjes margin for å sikre at ein når avtalar. Avgrensing
av talet passasjerar på avgangar med farleg last legg difor store
avgrensingar på anna næringsliv langs kysten. Det er difor viktig
at denne typen avgrensingar vert nøye vurderte opp mot ulempene
dette medfører for anna næringsliv og reisande. Forskrifta har no
fått virke ei tid, og ein har etter kvart fått erfaring med frakt
av farleg last. Samtidig ser ein at kjøretøya som fraktar lasta,
vert tryggare, og ferjene får betre tryggleikssystem, og erfaring
frå faktiske hendingar kan danne grunnlag for at ein bør ta ei ny
vurdering av om grunnlaget for forskrifta framleis er gjeldande,
eller om ho er moden for ein revisjon.
Forslag
På denne bakgrunnen
vert det fremma følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
vurdere om det er grunnlag for å ta ein ny gjennomgang av forskrift
om farlig last på norske skip, for å sjå om avgrensing i passasjertal
for å føre farleg last på ferjer i ordinære ferjesamband er korrekt
sett i forhold til tryggleiksnivå.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Vedtatt
FOR
73
MOT
29
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
67
Delekort
Votering ID: 20654
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:133 S
(2022–2023) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv
Kari Eskeland, Ove Trellevik, Helge Orten, Olve Grotle og Bård Ludvig
Thorheim om ein ny gjennomgang av regelverket for transport av farleg
last på ferjer – vedtas ikke.
Tagger på denne voteringen:
Ingen taggerLogg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering 2
– Forkastet
FOR
29
MOT
73
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
67
Delekort
Votering ID: 20655
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Høyre, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
vurdere om det er grunnlag for å ta ein ny gjennomgang av forskrift
om farleg last på norske skip, for å sjå om avgrensing i passasjertal
for å føre farleg last på ferjer i ordinære ferjesamband er korrekt
sett i forhold til tryggleiksnivå.