Stortinget har handsama eit representantforslag frå Sosialistisk Venstreparti om internasjonal gjeldsslette for å nå berekraftsmåla. Forslaget vart ikkje vedteke.
Behandlingsstatus
✓
Fremmet
✓
Komitébehandling
✓
Behandling i Stortinget
4
Ferdigbehandlet
Status: Forkastet
Politiske tagger
Partipolitiske tagger fra voteringer – grønn (FOR) eller rød (MOT) avhengig av hva som voteres over.
Ingen tagger med stemmer på voteringene ennå.
Dokumenttekst
Representantforslag om internasjonal gjeldsslette for å nå berekraftsmåla
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-221s/
Bakgrunn
Halvparten av den
tida verdas land vart einige om å bruke på å utrydde svolt og ekstrem
fattigdom, sikre utdanning for alle og halvere klimagassutsleppa,
har gått, og FNs statusrapport er klar: ein er ikkje i nærleiken av
å nå berekraftsmåla. Covid-19-pandemien med økonomisk nedstenging
snudde utviklinga frå reduksjon til auke i global fattigdom og førekomst
av dødelege sjukdommar som tuberkulose. Ekstremvêr som følgje av
klimaendringar har kome stadig oftare og øydelagt avling på avling,
med den konsekvensen at svolt har vorte eit større, ikkje mindre,
problem. Den høge inflasjonen medfører lågare investeringar i vass- og
sanitærsystem. Årsakene til at me ligg så dårleg an til å nå berekraftsmåla,
er mange, men FN er tydeleg på at ei av hovudårsakene er den djupe
og omfattande gjeldskrisa fleirtalet av utviklingsland er i.
Verda står overfor
den største statlege gjeldskrisa sidan den andre verdskrigen. 114
utviklingsland brukar ein vesentleg del (meir enn 15 prosent) av
statlege inntekter på tilbakebetaling av lån. 52 av desse har ifølgje FNs
utviklingsprogram UNDP alvorlege gjeldsproblem. Årsakene til den
høge gjelda er samansette, men det er spesielt tre historiske hendingar
som kan forklare gjeldskrisa: monetære tiltak etter finanskrisa
i 2008, svekte internasjonale råvareprisar rundt 2014 og covid-19-pandemien
med påfølgjande nedstenging av næringsverksemd.
Tilbakebetaling av
dei høge utanlandslåna går på kostnad av viktige sosiale og miljømessige
investeringar. Ifølgje Kirkens Nødhjelp/Debt Relief International brukar
94 prosent av utviklingslanda meir pengar på betening av lån enn
på klimatiltak, og fire av fem utviklingsland brukar meir pengar
på gjeld enn på helse. UNDP stadfestar at det er umogleg for eit
land å nå klimamåla og berekraftsmåla så lenge 20 prosent av inntektene
vert brukte på å betale tilbake på gjeld og landet tek opp lån med
15 prosents renter.
For å nå berekraftsmåla
innan 2030 er det derfor naudsynt med ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme.
Illegitim gjeld og gjeld gitt utan tilstrekkelege berekraftsanalysar
må slettast, renter senkast og nye nedbetalingsplanar lagast uavhengig
av om det er statar, internasjonale finansinstitusjonar eller private fond
som er lånegjevar. Skal ein gjeldshandteringsmekansime ha brei internasjonal
legitimitet, må han ligge under eit demokratisk og representativt
organ, som FN.
Det internasjonale
samfunnet har klart det før og kan klare det på nytt. For tjue år
sidan vart gjelda sletta for dei utviklingslanda med høgast gjeldsbyrde
(HIPC), og lånevilkåra for fattige land vart betra. HIPC-initiativet
viser seg samtidig å ha vore utilstrekkeleg, når verda nå vert ramma
av ei ny gjeldskrise to tiår etter. For å unngå nye rundar med gjeldskriser
er det ikkje nok med ein gjeldshandteringsmekanisme aleine. Det
er også naudsynt å få på plass bindande retningslinjer for ansvarleg
lånegjeving for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private
kreditorar. Slike retningslinjer må halde utlånar ansvarleg ved
å halde renter på eit lågt nivå, og lånetakar ansvarleg ved å stille
krav til kva låna kan brukast til. Retningslinjer for ansvarleg
lånegjeving må også inkludere krav om berekraftsanalysar som tek høgde
for inflasjon, eksterne økonomiske sjokk og statars evne til å sikre
menneskerettar og oppfylle klimamåla. Slike retningslinjer har vore
diskuterte i ulike forum etter sist gjeldskrise, men så langt har
det ikkje kome i hamn bindande retningslinjer for alle aktørar.
Prinsippa kan takast i bruk ved å inkludere uansvarleg utlån og låneopptak
i FNs konvensjon mot korrupsjon (UNCAC).
Sivilsamfunnsorganisasjonar
og uavhengige media har ei viktig vaktbikkjerolle å spele overfor
dei respektive styresmaktene sine opptak av nye lån. Men med manglande
informasjon og openheit er det vanskeleg å utøve denne kontrollfunksjonen.
Det er derfor viktig å etablere eit offentleg gjeldsregister der
lånegjevar, storleik på lån, vilkår og nedbetalingsplan vert tilgjengeleg for
alle.
Forslag
På denne bakgrunnen
vert det fremja følgjande
forslag:
1. Stortinget ber
regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert ein ny internasjonal
gjeldshandteringsmekanisme.
2. Stortinget ber
regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert bindande retningslinjer
for ansvarleg utlån for statar, internasjonale finansinstitusjonar
og private kreditorar.
3. Stortinget ber
regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert eit offentleg register
for statleg gjeld.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
16
MOT
84
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Delekort
Votering ID: 21160
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN
til å få etablert bindande retningslinjer for ansvarleg utlån for
statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar.
Forslag nr. 4 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN
til å få etablert eit offentleg register for statleg gjeld.
Tagger på denne voteringen:
Ingen taggerLogg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering 2
– Vedtatt
FOR
81
MOT
20
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 21161
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:221 S (2022–2023) – Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa og Kari Elisabeth Kaski
om internasjonal gjeldsslette for å nå berekraftsmåla – vedtas ikke.
Tagger på denne voteringen:
Ingen taggerLogg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering 3
– Forkastet
FOR
20
MOT
81
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 21162
Ingen voteringsdato registrert i databasen. Oppdater saken fra Stortinget for å hente dato på nytt.
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN
til å få etablert ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme.
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Kristelig Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa ta initiativ til at
UNDP vert inkludert som forhandlingspartnar ved det G20-initierte
Global Debt Roundtable.
Tagger på denne voteringen:
Ingen taggerLogg inn for å legge til tagger og stemme.