Stortinget har behandla eit representantframlegg frå Senterpartiet om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar.
Forslaget vart ikkje vedteke.
Representantforslag om ei treårig lærarutdanning som bidrag til fleire kvalifiserte læararar i norske klasserom
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2025-2026/dok8-202526-218s/
Bakgrunn
Mangel på kvalifiserte lærarar er ei av dei
største utfordringane for norsk skule framover. Allereie i dag ser
ein store rekrutteringsproblem, særleg i distrikta, der ein betydeleg
del av lærarane underviser utan godkjend utdanning. I enkelte fylke
manglar kvar tredje lærar som underviser i norskfaget, formell kompetanse, og
for matematikk gjeld det kvar fjerde. Dette påverkar kvaliteten
på undervisninga og elevane si læring. Når fleire elevar slit med
trivsel og meistring, blir behovet for fleire kvalifiserte lærarar
endå meir presserande.
Utviklinga i rekrutteringa til lærarutdanningane har
gått i feil retning etter omlegginga til femårige masterløp og innføringa
av strenge karakterkrav i matematikk under Solberg-regjeringa. Sjølv
om desse krava seinare blei fjerna og lokale opptak opna etter 2021,
har tiltaka ikkje vore nok til å snu trenden. NOKUT si evaluering
i 2024 peikar på at masteroppgåva blir opplevd som lite praksisnær
og for akademisk, og at lærarutdanninga skil seg frå andre utdanningar
ved at studentane ikkje får ein grad etter tre år.
Ei treårig lærarutdanning med rom for to års
påbygging til mastergrad kan vere eit viktig supplement til den
integrerte femårige lærarutdanninga. Eit slikt alternativ kan kvalifisere
fleire som i dag underviser utan formell kompetanse, og styrkje
rekrutteringa særleg der behova for kvalifiserte lærarar er størst.
Ei komprimert lærarutdanning, som liknar ein bachelorgrad og kvalifiserer
til arbeid, kan bidra til å styrkje norsk skule med fleire kvalifiserte
lærarar. For kommunane kan dette vere eit viktig alternativ til
vedvarande vikarbruk og mellombelse tilsetjingar.
Forslag
På denne bakgrunnen blir det fremja
følgjande:
forslag:
Stortinget ber regjeringa
etablere eit studietilbod med treårig lærarutdanning i samarbeid
med kommunesektoren og universitet- og høgskulesektoren.
Stortinget ber regjeringa leggje til rette
for at ei treårig lærarutdanning blir tilbydd desentralisert og fleksibelt,
slik at vaksne med erfaring frå skule og lokalsamfunn i heile landet
kan ta utdanninga ved sida av arbeid.
Stortinget ber regjeringa sørgje for at
ei treårig lærarutdanning kan byggjast på ved hjelp av ei modulbasert
ordning fram til mastergrad.
Hvem fremmet forslaget?
Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:
Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes
personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene.
Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer
de samme personstemmene etter representantens parti.
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering 1
– Forkastet
FOR
15
MOT
86
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Delekort
Votering ID: 27850
Dato: 01.06.2026 kl. 15:08
Forslag nr. 4 fra Senterpartiet, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa etablere eit studietilbod med
treårig lærarutdanning i samarbeid med kommunesektoren og universitet-
og høgskulesektoren.
Forslag nr. 5 fra Senterpartiet, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa leggje til rette for
at ei treårig lærarutdanning blir tilbydd desentralisert og fleksibelt,
slik at vaksne med erfaring frå skule og lokalsamfunn i heile landet
kan ta utdanninga ved sida av arbeid.
Forslag nr. 6 fra Senterpartiet, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa sørgje for at ei treårig
lærarutdanning kan byggjast på ved hjelp av ei modulbasert ordning
fram til mastergrad.
Stortinget ber regjeringen vurdere å utvide
ordningen med praktisk-pedagogisk utdanning med flere plasser for
å bøte på lærermangelen og for å ha en «rask» vei inn i læreryrket
for de med allerede opparbeidet fagkompetanse.
Forslag nr. 3 fra Senterpartiet, Rødt, Venstre
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen vurdere å supplere masterkravet
til praktisk-pedagogisk utdanning med et alternativt krav om to
års praksis.
Dokument 8:218 S (2025–2026) – Representantforslag
frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole
Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire
kvalifiserte lærarar i norske klasserom – vedtas ikke.