Innst. 167 L (2024–2025)
Innstilling fra næringskomiteen om Lov om statsføretak (statsføretakslova)
Komiteens tilråding
Fremmet av en samlet komité
Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.
Vedtak til lov
om statsføretak (statsføretakslova)
I
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1 Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming som er tilpassa at statsføretak berre kan eigast av staten. Lova skal bidra til at statsføretak kan vareta samfunnsoppdraget sitt eller verksemda si på ein effektiv måte.
§ 1-2 Verkeområdet til lova
Lova gjeld for føretak som staten eig aleine, og som Kongen har bestemt at lova skal gjelde for, jf. § 2-1.
§ 1-3 Partsstilling
Eit statsføretak har sjølv rettar og forpliktingar, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstolane og styresmaktene.
§ 1-4 Kva ansvar staten har for forpliktingane til føretaket
(1) Staten heftar ikkje overfor kreditorane for forpliktingane til føretaket.
(2) Staten pliktar ikkje å gjere innskot i føretaket, eventuelt konkursbuet til føretaket, utover det som følger av stiftingsdokumentet eller vedtak om å forhøgje innskotskapitalen.
§ 1-5 Konsern
(1) Eit morføretak utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern.
(2) Eit statsføretak er eit morføretak om det på grunn av avtale eller som eigar av aksjar eller selskapspartar har bestemmande innverknad over eit selskap. Eit statsføretak skal alltid reknast for å ha bestemmande innverknad over eit selskap når føretaket
- a
eig så mange aksjar eller partar i eit selskap at dei representerer fleirtalet av røystene i selskapet, eller
- b
har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemene i styret til selskapet.
(3) Eit selskap som står i eit forhold som nemnt i andre ledd til eit morføretak, er å rekne som eit dotterselskap.
(4) Ved berekninga av røysterettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemer skal rettar som morføretaket og dotterselskapa har, reknast med. Det same gjeld rettar som nokon som handlar i sitt eige namn har, men som gjer det for morføretaket eller eit dotterselskap si rekning.
§ 1-6 Forholdet til anna lovgiving
Forvaltningsloven gjeld ikkje for statsføretak. Statsansatteloven gjeld ikkje for tilsette i statsføretak.
§ 1-7 Om lova kan fråvikast
Føresegnene i lova kan ikkje fråvikast i vedtektene med mindre det motsette er særskilt fastsett i lova.
§ 1-8 Utarbeiding og forvaltning av dokumentasjon
(1) Dokumentasjon som statsføretakslova krev at ein utarbeider, skal utarbeidast og forvaltast slik at informasjon ikkje går tapt og dokumentasjonen er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Dokumentasjonen skal vere i ei form som kan lesast og bli forstått, og vere tilgjengeleg frå Noreg.
(2) Krav i denne lova om at meldingar m.m. skal vere skriftlege, står ikkje i vegen for å bruke digitale løysingar.
(3) Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som er rekna som forsvarleg måte for utarbeiding og oppbevaring av dokument, og tryggingsnivået for signatur.
Kapittel 2. Stifting av statsføretak
§ 2-1 Vedtak om oppretting av statsføretaket
Kongen i statsråd gjer vedtak om oppretting av statsføretak og fastset kva departement som skal representere staten som eigar av føretaket. Vedtaket skal uttrykkjeleg namngi føretaket som eit statsføretak som lova her skal gjelde for, jf. § 1-2.
§ 2-2 Stiftingsdokument
(1) Når det er gjort vedtak om å opprette statsføretaket, jf. § 2-1, skal departementet opprette eit datert og signert stiftingsdokument som inneheld ei tilvising til vedtaket, og som dessutan i det minste oppgir kva departementet har vedteke om
- a
vedtektene til føretaket
- b
styret til føretaket, irekna kven som skal vere styreleiar
- c
revisor for føretaket
- d
eventuelt innskot i anna enn pengar, jf. § 2-4.
(2) Statsføretaket er rekna som stifta når stiftingsdokumentet er oppretta og signert.
§ 2-3 Minstekrav til og endring av vedtektene
(1) Vedtektene til statsføretaket skal minst opplyse om
- a
føretaksnamnet til statsføretaket
- b
verksemda til statsføretaket
- c
staten sitt innskot i statsføretaket
- d
kva saker som skal handsamast på det ordinære føretaksmøtet.
(2) Føretaksmøtet vedtek endringar i vedtektene.
§ 2-4 Innskot med andre eigedelar enn pengar
Er innskotet frå staten andre formuesverdiar enn pengar, skal stiftingsdokumentet oppgi kva som skal skytast inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i balansen til føretaket. Tidspunktet for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før stiftinga av føretaket, jf. § 2-2. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje er verdsett høgare enn tillate etter andre punktum, skal leggjast ved stiftingsdokumentet.
§ 2-5 Registrering i Føretaksregisteret
(1) Statsføretaket skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert.
(2) Før statsføretaket blir meldt til Føretaksregisteret, skal innskotet frå staten, jf. § 2-3 bokstav c, vere ytt fullt ut. Resultatet av teknisk bistand, forskings- og utviklingsarbeid m.m. skal òg vere stilt til rådvelde for statsføretaket. I meldinga til Føretaksregisteret skal det opplysast om at statsføretaket har fått innskotet. Dette skal stadfestast av revisor. Skal innskotet berre gjerast opp i pengar, kan stadfestinga gjerast av eit finansføretak, ein advokat eller ein statsautorisert rekneskapsførar.
(3) Er statsføretaket ikkje meldt til Føretaksregisteret innan fristen går ut, kan registreringa ikkje skje. Forpliktingane staten har etter stiftingsdokumentet, er da ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registreringa blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast.
§ 2-6 Rettar og forpliktingar før registreringa i Føretaksregisteret
(1) Før statsføretaket er registrert, kan føretaket sjølv ikkje erverve andre rettar og pådra seg andre forpliktingar overfor tredjepersonar enn dei som følger av stiftingsdokumentet eller av lov.
(2) For forpliktingar m.m. som er pådregne føretaket før registreringa, gjeld aksjeloven § 2-20 andre og tredje ledd tilsvarande.
Kapittel 3. Kapitalen til føretaket. Utdelingar frå føretaket
§ 3-1 Krav om forsvarleg eigenkapital og likviditet
Føretaket skal til kvar tid ha ein eigenkapital og ein likviditet som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i føretaket.
§ 3-2 Handleplikt ved tap av eigenkapital m.m.
(1) Reknar ein med at eigenkapitalen er lågare enn forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i statsføretaket, skal styret straks handsame saka og varsle departementet. Departementet skal innan rimeleg tid etter at det har motteke varselet, kalle inn til føretaksmøte. Styret skal gi føretaksmøtet ei utgreiing om den økonomiske stillinga til føretaket. Dersom statsføretaket ikkje har ein forsvarleg eigenkapital i samsvar med § 3-1, skal styret i føretaksmøtet foreslå tiltak for å rette på dette.
(2) Om styret ikkje finn grunnlag for å foreslå tiltak som nemnde i første ledd fjerde punktum, eller om slike tiltak ikkje lèt seg gjennomføre, skal styret foreslå å løyse opp føretaket.
§ 3-3 Forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling
(1) Etter at statsføretaket er registrert i Føretaksregisteret, kan føretaksmøtet vedta å auke innskotet frå staten ved innbetaling av ny kapital.
(2) Styret kan foreslå forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling. Styret skal grunngi eit slikt framlegg og gi ei kort utgreiing om forhold som ein må leggje vekt på når innskotet frå staten skal forhøgjast. Dersom føretaksmøtet ikkje skal handsame årsrekneskapen samtidig, skal utgreiinga også omfatte hendingar som har inntreft etter siste balansedag, og som er av vesentleg betydning for statsføretaket.
(3) Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal forhøgjast med. Er innskotet frå staten andre formuesverdiar enn pengar, skal protokollen oppgi kva staten skal skyte inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i balansen til føretaket. Styret skal sørgje for å utarbeide ei forklaring for verdsetjinga, som minst opplyser om dei prinsippa ein har følgt ved vurderinga av dei verdiane føretaket skal overta. Tidspunktet for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før vedtaket til føretaksmøtet. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje er verdsett høgare enn det tredje punktum tillet, skal følge som vedlegg til protokollen.
§ 3-4 Registrering av forhøging av innskotskapitalen i Føretaksregisteret
(1) Vedtaket om å forhøgje innskotskapitalen skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at føretaksmøtet har gjort vedtaket. Er forhøginga ikkje meld til Føretaksregisteret innan fristen har gått ut, kan ho ikkje registrerast. Forpliktinga staten har til å gjere innskotet, er da ikkje lenger bindande. Det same gjeld om registreringa blir nekta på grunn av feil som ein ikkje kan rette.
(2) Før forhøginga av innskotskapitalen blir meld til Føretaksregisteret, skal innskotet vere ytt fullt ut. § 2-5 andre ledd andre til femte punktum gjeld tilsvarande.
(3) Forhøginga er å rekne som gjennomført når ho er registrert i Føretaksregisteret.
§ 3-5 Forhøging av innskotskapitalen utan nyinnbetaling
(1) Føretaksmøtet kan vedta å forhøgje innskotet frå staten i statsføretaket ved å overføre frå midlane statsføretaket kan nytte til utdeling av utbyte etter § 3-8, til innskotskapitalen. Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal forhøgjast med.
(2) Forhøginga av innskotskapitalen skal meldast til Føretaksregisteret. Forhøginga er å rekne som gjennomført når ho er registrert i Føretaksregisteret.
§ 3-6 Utdelingar frå føretaket m.m.
(1) Utdeling av midlar frå føretaket til staten som eigar kan berre skje etter reglane om utbyte, nedsetjing av innskotskapitalen til staten, fusjon eller fisjon av føretaket og tilbakebetaling etter oppløysing.
(2) Som utdeling reknar ein alle former for overføring av verdiar som direkte eller indirekte kjem staten som eigar av føretaket til gode. Verdien skal bereknast etter balanseført verdi.
(3) Departementet kan i forskrift fastsetje at ein annan verdi kan leggjast til grunn for ei nærare angitt utdeling.
§ 3-7 Ulovlege utdelingar
Er det utdelt midlar frå føretaket i strid med føresegnene i lova, skal staten eller andre som har teke imot utdelinga, føre tilbake det som er motteke.
§ 3-8 Utbyte
Føretaket kan berre dele ut utbyte så langt det etter utdelinga har att netto eigedelar som gir dekning for innskotskapitalen til føretaket. Berekninga skal gjerast på grunnlag av balansen i den siste godkjende årsrekneskapen til føretaket, men det er den registrerte innskotskapitalen på vedtakstidspunktet som skal leggjast til grunn. Aksjeloven § 8-1 tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.
§ 3-9 Vedtak om utbyte
Føretaksmøtet gjer vedtak om utdeling av utbyte etter at styret har gjort framlegg om utdeling eller annan bruk av overskot. Føretaksmøtet er ikkje bunde av framlegget frå styret om utdeling av utbyte.
§ 3-10 Nedsetjing av innskotskapitalen
(1) Føretaksmøtet kan vedta å setje ned innskotskapitalen til staten. Det beløpet innskotskapitalen skal setjast ned med, kan berre brukast til
- a
dekning av tap som ein ikkje kan dekkje på annan måte
- b
tilbakebetaling til staten
- c
overføring til fond.
(2) Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal setjast ned med, og kva det skal brukast til. Dersom det i samband med nedsetjinga skal skje utdelingar til staten med større beløp enn nedsetjingsbeløpet, skal dette høgare beløpet og korleis det skal dekkjast, gå fram av vedtaket til føretaksmøtet.
§ 3-11 Berekning av tap. Krav til eigenkapital m.m.
(1) Ved berekninga av kva føretaket har i tap etter § 3-10 første ledd bokstav a, skal balansen i årsrekneskapen som sist vart godkjend, leggjast til grunn.
(2) Vedtak som nemnt i § 3-10 første ledd bokstav b og c kan ikkje gjelde større beløp enn at føretaket etter nedsetjinga har att netto eigedelar som dekkjer innskotskapitalen til føretaket. Berekninga skal skje på grunnlag av balansen i årsrekneskapen som sist vart godkjend, men det er den registrerte innskotskapitalen på vedtakstidspunktet som skal leggjast til grunn. Aksjeloven § 8-1 tredje og fjerde ledd gjeld tilsvarande.
§ 3-12 Registrering av nedsetjing av innskotskapitalen i Føretaksregisteret m.m.
(1) Vedtaket om å setje ned innskotskapitalen skal meldast til Føretaksregisteret innan to månader etter at føretaksmøtet har gjort vedtaket. Er nedsetjinga ikkje meld til Føretaksregisteret innan fristen, fell nedsetjinga av innskotskapitalen bort.
(2) Aksjeloven §§ 12-5 og 12-6 om når nedsetjinga tek til å gjelde, gjeld tilsvarande.
§ 3-13 Avtalar mellom statsføretaket og medlemer av leiinga i statsføretaket
(1) Føretaksmøtet skal godkjenne avtalar mellom føretaket og ein styremedlem eller dagleg leiar når ytinga til føretaket på det tidspunktet avtalen blir inngått, har ein verdi som er lik eller større enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Det same gjeld avtalar mellom føretaket og
- a
ein nærståande til ein styremedlem eller dagleg leiar
- b
ein som handlar etter avtale med ein styremedlem eller dagleg leiar.
Ved vurderinga av kven som er nærståande etter andre punktum bokstav a, gjeld aksjeloven § 1-5 første ledd tilsvarande.
(2) Styret skal sørgje for at avtalen blir greidd ut. Allmennaksjeloven § 3-14 gjeld tilsvarande.
(3) Ein avtale som er inngått i strid med første ledd, er ikkje bindande for føretaket om føretaket godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at føretaksmøtet ikkje har godkjent avtalen. Utdeling etter ein avtale som ikkje bind føretaket etter første punktum, skal tilbakeførast. Aksjeloven § 3-7 andre ledd gjeld tilsvarande.
(4) Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje
- a
avtale som blir inngått som ledd i den vanlege verksemda i føretaket, og som er grunna på vanlege forretningsmessige vilkår og prinsipp
- b
avtale om løn og godtgjersle til dagleg leiar og avtale som nemnd i § 5-9.
§ 3-14 Konserninterne transaksjonar
Aksjeloven § 3-9 første og andre ledd om konserninterne transaksjonar gjeld tilsvarande i konsern der eit statsføretak er morføretak, jf. § 1-5.
Kapittel 4. Føretaksmøtet
§ 4-1 Myndet til føretaksmøtet
Gjennom føretaksmøtet utøver departementet det øvste myndet i føretaket. Departementet kan ikkje utøve eigarmyndet i føretaket på annan måte enn i føretaksmøtet.
§ 4-2 Retten og plikta leiinga har til å delta i føretaksmøtet
(1) Styreleiar og dagleg leiar skal delta i føretaksmøtet. Ved gyldig forfall skal det peikast ut ein vara i staden. Andre styremedlemer kan delta i føretaksmøtet.
(2) Styremedlemer og dagleg leiar har rett til å uttale seg i føretaksmøtet.
§ 4-3 Ordinært føretaksmøte
(1) Innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår skal det haldast ordinært føretaksmøte.
(2) På det ordinære føretaksmøtet skal følgande saker handsamast og vedtakast:
- a
godkjenning av årsrekneskapen og eventuell årsmelding, inklusive utdeling av utbyte
- b
andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under føretaksmøtet.
(3) Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga skal leggjast ved innkallinga til det ordinære føretaksmøtet.
§ 4-4 Ekstraordinært føretaksmøte
(1) Departementet kan avgjere at det skal kallast inn til ekstraordinært føretaksmøte.
(2) Departementet skal kalle inn til ekstraordinært føretaksmøte dersom styret eller revisor skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt angitt emne. Departementet skal sørgje for at føretaksmøtet blir halde innan éin månad etter at kravet er sett fram.
§ 4-5 Mynde til å kalle inn til føretaksmøte og krav til innkallinga
(1) Departementet kallar inn til føretaksmøte ved skriftleg melding til alle styremedlemene, dagleg leiar og revisoren i føretaket.
(2) Innkallinga skal vere send seinast éi veke før møtet, om ikkje kortare varsel i særlege tilfelle er påtrengjande nødvendig.
(3) Innkallinga skal opplyse om tid og stad for møtet, om møteforma og eventuelt om framgangsmåten for å delta digitalt. I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast i møtet, vere klart oppgitt. Framlegg om å endre vedtektene skal også gå klart fram av innkallinga.
(4) Føretaksmøtet kan ikkje gjere vedtak i andre saker enn dei som er oppgitt i innkallinga, med mindre alle styremedlemene og dagleg leiar samtykkjer i det.
§ 4-6 Opplysningsplikta til leiinga
(1) Departementet kan krevje at styremedlemer og dagleg leiar på føretaksmøtet gir tilgjengelege opplysningar om forhold som kan innverke på vurderinga av
- a
godkjenninga av årsrekneskapen og årsmeldinga
- b
saker som er presenterte for føretaksmøtet til avgjerd
- c
den økonomiske stillinga i føretaket, inklusive verksemda i andre selskap som føretaket deltek i, og andre saker som føretaksmøtet skal handsame, med mindre dei opplysningane som krevst, vil valde føretaket uforholdsmessig skade.
(2) Dersom leiinga må innhente opplysningar, slik at svar ikkje kan bli gitt på føretaksmøtet, skal leiinga sende skriftleg svar til departementet innan to veker etter møtet.
§ 4-7 Møteleiing og protokoll
(1) Føretaksmøtet blir leidd av styreleiaren om ikkje departementet bestemmer at nokon annan skal leie møtet.
(2) Møteleiaren skal sørgje for at det blir ført protokoll for føretaksmøtet. Avgjerda til føretaksmøtet og kven som deltok på møtet, skal gå fram av protokollen. Er nokon av styremedlemene eller dagleg leiar ueinige i avgjerda til føretaksmøtet, skal oppfatninga deira førast inn i protokollen.
(3) Møteleiaren og ein annan person som blir vald blant møtedeltakarane, skal signere protokollen.
(4) Prokollen skal oppbevarast på forsvarleg vis i heile levetida til føretaket.
Kapittel 5. Styre og dagleg leiar
I. Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid m.m.
§ 5-1 Samansetjinga av styret m.m.
(1) Føretaket skal ha eit styre med minst tre medlemer. I føretak der dei tilsette har styrerepresentasjon, jf. § 5-3, skal styret ha minst fem medlemer.
(2) Berre myndige personar kan vere styremedlemer. Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret.
(3) Føretaksmøtet vel styremedlemene, som også avgjer om det skal veljast varamedlemer. Første punktum gjeld ikkje styremedlemer som dei tilsette skal velje etter § 5-3.
(4) Føretaksmøtet vel styreleiar.
(5) Reglane i aksjeloven § 20-6 om representasjon av begge kjønn i styret gjeld tilsvarande.
§ 5-2 Dagleg leiar
Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret tilset. Styret fastset løna til dagleg leiar og andre tilsetjingsvilkår. Vedtak om å seie opp eller gi avskil til dagleg leiar blir gjort av styret.
§ 5-3 Retten tilsette har til å velje styremedlemer
(1) I føretak med fleire enn 30 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemer skal veljast av og blant dei tilsette.
(2) I føretak med fleire enn 50 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at inntil ein tredel og minst to av styremedlemene med varamedlemer skal veljast av og blant dei tilsette.
(3) I føretak med fleire enn 200 tilsette skal dei tilsette velje éin styremedlem med varamedlem eller to observatørar med varamedlemer i tillegg til den representasjonen som følger av andre ledd.
(4) Kongen kan gi forskrift om berekninga av talet på tilsette, inklusive om bruk av gjennomsnittstal. Kongen kan også gi forskrift om valet av styremedlemer, inklusive om vilkår for røysterett og valførleik, om valmåten og om avgjerd ved tvistar om valet, og om bortfall av verv som styremedlem. Kongen kan i forskrifta eller ved enkeltvedtak gjere unntak frå første, andre eller tredje ledd.
§ 5-4 Retten tilsette har til å velje styremedlemer i konsernforhold
(1) Når eit statsføretak er morføretak i eit konsern, kan konsernet inngå skriftleg avtale med eit fleirtal av dei tilsette i konsernet eller med éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, om at dei tilsette i konsernet ved at § 5-4 kjem i bruk, skal reknast som tilsette i føretaket.
(2) Når eit statsføretak er morføretak i eit konsern, og det ikkje er inngått avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette i konsernet eller éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, bestemme at ved bruken av § 5-3 skal dei tilsette i konsernet reknast som tilsette i føretaket.
(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit statsføretak tilhøyrer ei gruppe av føretak som er knytte saman gjennom ei felles leiing.
(4) Kongen kan ved enkeltvedtak eller i forskrift bestemme at paragrafen her skal gjelde for delar av eit konsern eller ei slik gruppe.
§ 5-5 Tenestetida til styremedlemer
(1) Styremedlemer tenestegjer i to år. Vedtektene kan fastsetje ei kortare eller lengre tenestetid, men ikkje lengre tid enn fire år. Ved suppleringsval kan vedtektene fastsetje kortare tenestetid.
(2) Tenestetida blir rekna frå valet når ikkje noko anna er bestemt. Ho stansar ved avslutninga av det ordinære føretaksmøtet i det året tenestetida går ut, dersom ikkje noko anna er bestemt.
(3) Sjølv om tenestetida er ute, skal styremedlemen bli ståande i vervet inntil ein ny medlem er vald.
(4) Første og andre ledd gjeld ikkje styremedlemer som er valde etter § 5-3, jf. § 5-4.
§ 5-6 Avgang og avsetjing før tenestetida tek slutt
(1) Ein styremedlem har rett til å gå av før tenestetida er ute. Styret og departementet skal ha rimeleg førehandsvarsel.
(2) Føretaksmøtet kan når som helst gjere vedtak om å avsetje ein styremedlem. Dette gjeld likevel ikkje ein styremedlem som er vald etter § 5-3, jf. § 5-4.
§ 5-7 Suppleringsval
Blir vervet for ein styremedlem avslutta før tenestetida er ute, skal resten av styret varsle føretaksmøtet om at styrevervet har opphøyrt. Dersom det ikkje finst varamedlem, skal føretaksmøtet velje ein ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld om ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143. Val av ny styremedlem kan utsetjast til neste ordinære føretaksmøte dersom styret framleis er vedtaksført.
§ 5-8 Varamedlemer og observatørar
Føresegnene i lova her om styremedlemer gjeld tilsvarande for varamedlemer og observatørar så langt dei passar.
§ 5-9 Godtgjersle
Føretaksmøtet fastset godtgjersle til styremedlemer, varamedlemer og observatørar. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.
Tilrådingen er lang. Resten står i originaldokumentet.
Hele dokumentet 3 kapitler
Sammendrag Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet fremjar i proposisjonen forslag til ny lov om statsføretak (statsføretakslova). Lova vil erstatte lov 30. august 1991 nr. 71 om …
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet fremjar i proposisjonen forslag til ny lov om statsføretak (statsføretakslova). Lova vil erstatte lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak (statsforetaksloven).
I likskap med dagens lov vil også den nye lova byggje på aksjelova. Gjeldande rett blir for det meste vidareført i lovframlegget, men lovføresegnene er utforma for å gjenspegle dei endringane som aksjelova har gjennomgått dei siste åra. I tillegg er lovføresegnene utforma kjønnsnøytralt og teknologinøytralt. Dei føresegnene som er særeigne for statsføretaka, blir også vidareførte i den nye lova. Bakgrunnen for lovframlegget er omtala i kapittel 2 i proposisjonen.
Formålet med lovframlegget er å sørgje for at lova legg gode og tidsmessige rammer for verksemda til statsføretaka, og at lova er i tråd med utviklinga innan selskapslovgivinga. Statsføretaka som er oppretta i kraft av den eksisterande lova, blir vidareførte i den nye lova. Dei åtte statsføretaka som finst i dag, er ganske ulike. I framlegget er lova derfor utforma fleksibelt slik at ho gir rom for å vareta spesielle behov for dei enkelte statsføretaka. Formålet med lova er omtala i kapittel 4 i proposisjonen.
Statsføretakslova blir også vidareført som ei kort og oversiktleg lov som er lett å bruke. Sidan statsføretakslova utelukkar andre offentlege eller private eigarar ved sida av staten, er til dømes omsynet til andre aksjonærar ikkje aktuelt. Lova er derfor utforma som ei kortare lov enn aksjelova.
Aksjelova har fleire føresegner som ikkje er relevante for statsføretaka i det heile teke, føresegner som i nokre situasjonar kan vere relevante, og fleire føresegner som alltid vil vere relevante. Departementet har derfor teke inn i lova dei føresegnene som får mykje å seie i praksis for den daglege verksemda, til dømes føresegner om leiinga av føretaket.
Når det derimot gjeld meir spesielle reglar som berre unntaksvis vil ha noko å seie i praksis, har departementet i større grad valt å vise til aksjelova for å unngå at lova blir for omfattande. Dette gjeld til dømes meir spesielle spørsmål i samband med kapitaltilhøva til føretaket, reglar om føretaksendringar og føretakshendingar som oppløysing og avvikling av føretaket. Det er likevel slik at føresegnene i aksjelova er utvikla for og tilpassa andre føretak enn statsføretaka. Omtalen av føresegnene i aksjelova i proposisjonen er teken inn for å utvikle formålstenlege reglar for statsføretak, ikkje for å klargjere rettstilstanden for ordinære aksjeselskap eller statsaksjeselskap.
Lova gjeld berre for dei åtte statsføretaka som er oppretta i medhald av statsforetaksloven, og eventuelle nye statsføretak som blir oppretta i medhald av den nye statsføretakslova. Når det gjeld forholdet til anna lovgiving, blir føresegna om at forvaltningslova ikkje gjeld for statsføretak, og at statstilsettelova ikkje gjeld for dei tilsette i statsføretaka, vidareførte. Forholdet til anna lovgiving er omtala i kapittel 5 i proposisjonen.
Den nye lova får ei formålsføresegn utforma med vekt på at lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming tilpassa at føretaket berre kan eigast av staten. Lova skal medverke til at statsføretak kan vareta sitt samfunnsoppdrag eller verksemda si på ein effektiv måte.
Styrings- og organisasjonsmønsteret til statsføretaka, som byggjer på tilnærma same modell som aksjeselskapa, har vist seg å vere tenleg. Staten som eigar har ikkje direkte mynde i den løpande forvaltninga og daglege drifta av føretaket, men utøver eigarmyndet sitt gjennom føretaksmøtet og elles innanfor dei rammene som lova fastset. Den løpande forvaltninga og daglege drifta av føretaket høyrer til under styret og administrerande direktør, som har høg grad av økonomisk og forretningsmessig handlefridom. Departementet foreslår i framlegg til ny lov å føre vidare denne hovudstrukturen, men foreslår fleire justeringar i tråd med endringar som har blitt gjennomførte i aksjelova. Det omfattar framlegg til endra føresegner om stifting av statsføretak, vedtekter, kapitalreglar, styre og administrerande direktør, bedriftsforsamling og føretaksmøte. Ein viser til kapittel 6 til 9 i proposisjonen.
I den gjeldande aksjelova er dei sentrale føresegnene om myndet og oppgåvene til styret bygde betydeleg ut og går no fram av aksjelova § 6-12 om forvaltninga av selskapet og § 6-13 om tilsynsansvaret som styret har. I framlegget til ny lov er føresegnene i statsføretakslova om myndet og oppgåvene til styret gjorde meir tydelege etter mønster av den gjeldande aksjelova.
Føresegnene som er særeigne for statsføretaka, er føreslått vidareførte i den nye lova. Dette gjeld føresegna om at styret skal sende styreprotokollen til eigardepartementet og føresegna som krev at visse avgjerder skal leggjast fram for eigardepartementet (føretaksmøtet) før avgjerda blir teken (framleggingsplikta). Det gjeld saker som har svært mykje å seie for formålet til føretaket eller som i vesentleg grad vil endre karakteren til verksemda. I tillegg gjeld framleggingsplikta ved avtale om deltaking i eit selskap eller eit anna samarbeidsforhold der føretaket har eit uavgrensa ansvar for dei samla forpliktingane den felles verksemda har, eller for delar av desse forpliktingane.
Forholdet som statsforetaksloven har til EU-/EØS-lovgivinga, vart grundig vurdert i samband med ESA-saka og endringa av lova i 2002. Departementet viser i proposisjonen til at ein ikkje har identifisert nye EØS-rettslege problemstillingar som skulle tilseie endringar i statsforetaksloven. Ein viser til kapittel 2.4 i proposisjonen.
Økonomiske og administrative konsekvensar er omtala i kapittel 15 i proposisjonen.
Sakens dokumenter er tilgjengelige på sakssiden på stortinget.no.
Komiteens behandling Komiteen har invitert til å gi skriftlige høringsinnspill i saken, men mottok ingen høringsinnspill.
Komiteen har invitert til å gi skriftlige høringsinnspill i saken, men mottok ingen høringsinnspill.
Komiteens merknader Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tobias Hangaard Linge, Runar Sjåstad, Rune Støstad og Solveig Vitanza, fra Høyre, Nikolai Astrup, Olve Grotle, Sveinung Stensland og Lene …
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tobias Hangaard Linge, Runar Sjåstad, Rune Støstad og Solveig Vitanza, fra Høyre, Nikolai Astrup, Olve Grotle, Sveinung Stensland og Lene Westgaard-Halle, fra Senterpartiet, Nils T. Bjørke, Jenny Klinge og lederen Erling Sande, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad og Bengt Rune Strifeldt, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Rødt, Geir Jørgensen, fra Venstre, Alfred Jens Bjørlo, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, slutter seg til regjeringens lovforslag.
Komiteen viser til at Stortingets instruks om Riksrevisjonens virksomhet i det vesentlige er opphevet, og at de siste gjenværende bestemmelsene oppheves 1. januar 2026. Det er på denne bakgrunn gjort en endring i ordlyden i lovens § 6-5.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til Prop. 44 L (2024–2025) om ny lov om statsføretak. Dagens lov er fra 1991 og er basert på eldre regler i aksjeloven som ikke lenger er gjeldende. Disse medlemmer mener at statsforetakene har viktige oppgaver i samfunnet, blant annet å eie kritisk infrastruktur og forvalte våre felles naturressurser. Derfor er det viktig at loven oppdateres for å sikre statsforetakene gode og moderne rammevilkår.
Disse medlemmer viser til de åtte statsforetakene vi har i dag. Foretakene er ulike og løser forskjellige målsettinger for staten. Reglene i den nye loven er derfor utformet fleksibelt for å ivareta de ulike behovene foretakene måtte ha.
Disse medlemmer viser til lovforslaget, som blant annet inneholder regler om stifting av statsforetak, foretaksmøte, styre, daglig leder, omdanning av foretak og færre minstekrav til vedtektene. De særegne reglene for statsforetakene vil bli videreført i den nye loven. Disse medlemmer viser videre til at lovforslaget skal sikre teknologinøytralitet og kjønnsnøytralitet på en bedre måte enn dagens lov.