Hopp til innholdet

Representantforslag om styrking av språklova

Registrert hos Stortinget 27.05.2025 Votert 06.06.2025 Sak 103070 Vedtatt Representantforslag
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Slik stemte Stortinget

Tilrådingen vedtatt

Komiteens tilråding

om endringar i lov om språk (språklova) I I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast: § 3 andre ledd skal lyde: Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for a. kommunane b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og …

68 stemte for
35 stemte mot

Stemte for tilrådingen 7 partier

Stemte mot tilrådingen 2 partier

SVs eget forslag falt (39 mot 64).

Voteringen over komiteens tilråding. Saken hadde 3 voteringer. Se alle voteringene

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har vedtatt endringer i språklova på bakgrunn av eit representantforslag frå medlemar frå Sosialistisk Venstreparti. Mellom anna er det vedtatt ein ny bokstav e i § 3 andre ledd som slår fast at språklova §§ 12-18 ikkje gjeld for intern sakshandsaming. Etter endring av § 16 andre ledd, kan også fylkeskommunar, på lik line med statsorgan, krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Det er også vedtatt at organisasjonar på vegner av mottakaren, kan klage og krevje at visse dokument blir utferda på nytt dersom det er bruka feil skriftspråk.

Stortingets egen oppsummering av vedtaket.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Vedtatt

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Forslag fra Sp, SV, Venstre – Forkastet

FOR
39
MOT
64
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
66

For: R, SV, MDG, Sp, V, KrF. Mot: Ap, H, FrP.

Votering 1 av 3 · 06.06.2025 kl. 16:54 · Stortingets voterings-ID 25649
Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa greie ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova § 10 andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende til Stortinget på eigna måte.

Tagger på denne voteringen:
Styrking av språklova Teller ikke i rangeringen: gjelder temaet, men er verken for eller mot det.
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Komiteens tilråding – Vedtatt

FOR
68
MOT
35
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
66

For: R, SV, MDG, Ap, Sp, V, KrF. Mot: H, FrP.

Votering 2 av 3 · 06.06.2025 kl. 16:54 · Stortingets voterings-ID 25650
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  • a. kommunane

  • b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  • c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  • d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  • e. intern sakshandsaming.

§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 skal lyde:
§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Tagger på denne voteringen:
Styrking av språklova En stemme for teller som støtte til «Styrking av språklova».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Komiteens tilråding – Vedtatt

FOR
72
MOT
27
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
70

For: R, SV, MDG, Ap, Sp, V, KrF. Mot: FrP. Delt: H (7 for, 15 mot).

Votering 3 av 3 · 06.06.2025 kl. 16:55 · Stortingets voterings-ID 25651
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  • a. kommunane

  • b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  • c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  • d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  • e. intern sakshandsaming.

§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 skal lyde:
§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Tagger på denne voteringen:
Styrking av språklova En stemme for teller som støtte til «Styrking av språklova».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Sosialistisk Venstreparti
Representanter:

Politiske tagger

Emnene voteringene i saken er merket med. Hver tagg lenker til en side som viser hvordan partiene har stemt i sakene med samme tagg.

Styrking av språklova

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Representantforslag 259 L (2024–2025)

Datert 10. april 2025

Original på stortinget.no

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kathy Lie, Ingrid Fiskaa og Marian Hussein om styrking av språklova

Forslagene

Vedtak til lov

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  1. a

    kommunane

  2. b

    sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  3. c

    interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  4. d

    Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  5. e

    intern sakshandsaming.

Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

§ 11 første ledd skal lyde:

Eit kommunestyre eller eit fylkesting kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 Klagerett § 17 skal lyde:
§ 17 skal lyde:

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

§ 19 tredje ledd skal lyde:

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan og fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

§ 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet § 20 skal lyde:
§ 20 skal lyde:

Statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn Den nye språklova tok til å gjelde 1. januar 2022. I føremålsparagrafen § 1 er det slått fast at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske …

Den nye språklova tok til å gjelde 1. januar 2022. I føremålsparagrafen § 1 er det slått fast at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Lova er historisk og opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie: Det offentlege skal særskilt styrkje nynorsken og jamne ut dei skeive tilhøva mellom nynorsk og bokmål. Diverre følgjer ikkje resten av lova opp dei viktige måla i føremålsparagrafen, og lova kunne vore endå betre for nynorsken.

Oppfølging av forslag frå Innst. 253 L (2020–2021)

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fann i opposisjon saman om fem forslag til endringar i forslaget til språklov som Solberg-regjeringa la fram i Prop. 108 L (2019–2020). Desse endringane ville ha styrkt språklova.

Desse forslaga gjekk ut på 1) at det berre er i intern sakshandsaming som reglane i språklova §§ 12 til 18 gjeld (endring i § 3), 2) at statsorgan skal krevje at tilsette skriv både bokmål og nynorsk i arbeidet, og at fylkeskommunar kan krevje det same (endring i § 16), 3) at også organisasjonar skal kunne klage på vegner av den som har motteke visse typar dokument på feil skriftspråk (endring i § 17), 4) at Språkrådet også skal føre tilsyn med korleis fylkeskommunar etterlever reglane i språklova om bruk av bokmål og nynorsk (endring i § 19), og 5) at også fylkeskommunar skal ha plikt til å sende rapportar til Språkrådet om bruk av bokmål og nynorsk.

Forslagsstillarane viser til grunngjevingane og merknadene i Innst. 253 L (2020–2021) til dei endringsforslaga som vart fremja der.

Vidareføring av regelen i målbruksforskrifta § 5 tredje ledd tredje punktum

Då språklova 1. januar 2022 tok til å gjelde, og mållova samstundes vart oppheva, heldt forskrifter gjevne med heimel i mållova likevel fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med innhaldet i språklova, jf. språklova § 21. I juni 2022 sende Kultur- og likestillingsdepartementet eit forslag til forskrift til språklova på høyring. Departementet gjorde forslag om å oppheve alle forskriftene som var gjevne med heimel i mållova, fordi «[i]nnhaldet i desse forskriftene er no teke inn i språklova eller i dette forslaget til forskrift til språklova».

I høyringa kom det til syne arbeidsuhell frå departementet si side. Det viste seg at den plikta sentrale statsorgan har til å skrive med regionale statsorgan på fleirtalsskriftsspråket i deira tenestekrins, i realiteten blir oppheva når ein ser språklova og forslaget til ny forskrift samla. Den aktuelle regelen finst framleis i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste (målbruksforskrifta) § 5 tredje ledd tredje punktum (markert i kursiv under):

«Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale. Eit sentralt statsorgan som skriv til eit anna språkleg nøytralt organ, står fritt i val av målform. I skriv til eit regionalt statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv til det lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. »

Å oppheve denne regelen bryt med intensjonen til lova og kan umogleg ha vore tilsikta. I praksis forsvinn kravet om at til dømes eit departement må skrive nynorsk til Statsforvaltaren i Vestland eller Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, eller at til dømes Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet må skrive nynorsk til ein tingrett eller ein politistasjon som har nynorsk som fleirtalsskriftsspråk i tenestekrinsen sin. Dette vil forslagsstillarane bøte på ved å føreslå å ta inn regelen i språklova § 13.

Oppretting av tilsynelatande arbeidsuhell i språklova § 11 første ledd

Forslagssstillarane føreslår her også å rette opp eit tilsynelatande arbeidsuhell i språklova § 11 første ledd. I paragrafen står det at «[e]in kommune eller ein fylkeskommune sjølv» kan vedta å krevje at staten skal bruke berre nynorsk eller bokmål i skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen. Ein tilsvarande regel fanst i mållova § 5 første ledd, men der var det «kommunestyret» eller «fylkestinget» som var omtalte. I Prop. 108 L (2019–2020) på side 124 og 154 er det uttalt at føremålet var å vidareføre innhaldet i regelen i mållova § 5 første ledd.

Oppsummering

Forslaga om endringar i språklova §§ 3, 16, 17, 19 og 20 vart fremja av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Innst. 253 L (2020–2021) og fekk støtte av Senterpartiet i Stortinget. For ordens skuld gjer forslagsstillarane merksam på at desse endringane tilsvarar forslag 6, 7, 9, 10 og 11 i Innst. 253 L (2020–2021), med somme reint redaksjonelle endringar.

Forslaget om endring i språklova § 13 går som nemnt ut på å bøte på det tilsynelatande arbeidsuhellet frå departementets side som ville føre til at den eksisterande regelen i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste § 5 tredje ledd tredje punktum blir oppheva dersom heile forskrifta skal opphevast. Regelen blir i staden teken inn i språklova § 13.

Forslaget om endring i språklova § 11 var som nemnt ikkje del av handsaminga av Prop. 108 L (2019–2020) i Stortinget. Forslaget tek sikte på å bøte på det som ser ut til å vere eit arbeidsuhell i departementet då proposisjonen vart utarbeidd.

Forslaget går vidare ut på at lovendringane skal gjelde frå og med 1. juli 2025.

Innst. 435 L (2024–2025)

Avgitt 27. mai 2025 Gjelder Dokument 8:259 L (2024–2025)

Original på stortinget.no

Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kathy Lie, Ingrid Fiskaa og Marian Hussein om styrking av språklova

Komiteens tilråding

Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.

Vedtak til lov

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  1. a

    kommunane

  2. b

    sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  3. c

    interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  4. d

    Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  5. e

    intern sakshandsaming.

§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 Klagerett § 17 skal lyde:
§ 17 skal lyde:

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Forslag fra mindretall

Forslag som bare et mindretall i komiteen sto bak.

Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre

  1. Forslag 1

    Stortinget ber regjeringa greie ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova § 10 andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende til Stortinget på eigna måte.

Hele dokumentet 3 kapitler
Bakgrunn I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

«Vedtak til lov

om endringar i lov om språk (språklova)

I

I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  1. a

    kommunane

  2. b

    sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  3. c

    interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  4. d

    Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  5. e

    intern sakshandsaming.

Tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

§ 11 første ledd skal lyde:

Eit kommunestyre eller eit fylkesting kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i skriv til eit regionalt statsorgan nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

Noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

§ 17 skal lyde:

§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

§ 19 tredje ledd skal lyde:

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan og fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

§ 20 skal lyde:

§ 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet

Statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

II

Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.»

Ein viser til dokumentet for nærare utgreiing av forslaget.

Behandlinga i komiteen Komiteen inviterte til skriftleg høyring om saka, og fem aktørar sende inn skriftlege innspel.

Komiteen inviterte til skriftleg høyring om saka, og fem aktørar sende inn skriftlege innspel.

Forslaget blei sendt til regjeringa for kommentarar, og kultur- og likestillingsministeren sende eit utfyllande svarbrev til komiteen 9. mai 2025. Svarbrevet ligg ved innstillinga.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.

Merknader frå komiteen Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og fung. leiar Tage Pettersen, frå …

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og fung. leiar Tage Pettersen, frå Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen og Per Olav Tyldum, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Kathy Lie, og frå Venstre, Naomi Ichihara Røkkum, viser til representantforslaget om styrking av språklova.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, støttar forslaget om ein ny bokstav e i § 3 andre ledd som slår fast at språklova §§ 12 til 18 ikkje gjeld for intern sakshandsaming.

Fleirtalet støttar vidare forslaget om å oppheve noverande tredje ledd: «Lova gjeld ikkje for intern sakshandsaming.» Dette unntaket er etter intensjonen ei vidareføring av unntaket i § 2 b i mållova for: «internt saksarbeid». Det verkar derfor ikkje i tråd med intensjonen å unnta intern sakshandsaming frå reglane i §§ 1 til 11. Fleirtalet meiner det er viktig å rette opp dette, slik at t.d. reglane i § 4 om at norsk er nasjonalt hovud-språk også gjeld intern sakshandsaming.

Fleirtalet viser til at statsråden støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 3 andre ledd skal lyde:

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  1. a

    kommunane

  2. b

    sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  3. c

    interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  4. d

    Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

  5. e

    intern sakshandsaming.

§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.»

Fleirtalet støttar forslaget om å vidareføre regelen som no står i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste (målbruksforskrifta) § 5 tredje ledd tredje punktum, om at sentrale statsorgan i skriv til eit regionalt statsorgan skal nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet. Fleirtalet viser til at denne forskrifta på sikt vil bli oppheva når departementet fastset ei ny språkforskrift.

Fleirtalet meiner det er i tråd med føremålet med lova at sentrale statsorgan, for eksempel eit departement, skriv til underordna organ eller regionale statsorgan som har nynorsk som fleirtalsspråk, på nynorsk.

Fleirtalet viser til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.»

Fleirtalet støttar forslaget om å endre ordlyden i § 16. Regelen i dag om at statsorgan «skal kunne» er ein kan-regel meir enn ein skal-regel. Fleirtalet vil presisere at formuleringa i forslagets andre ledd: «Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet.» ikkje inneber ei personleg plikt etter lova for den enkelte tilsette til å bruke både nynorsk og bokmål i arbeidet, slik regelen om tjenesteplikt i den gamle mållova la opp til, og som departementet i arbeidet med språklova gjekk bort frå. «Tilsette» står i ubestemt fleirtal i forslaget og peikar ikkje ut «alle» tilsette. Føresegna vil likevel gi leiinga i organet eit ansvar for og mynde til å organisere arbeidet i organet på ein slik måte at lova blir etterlevd, jf. også § 16 første ledd. Det er dessutan framleis unntak frå denne regelen, slik at dei som ikkje har hatt sidemålsopplæring, kan unntakast frå å bli stilt slike krav til. Kravet om at dei tilsette skal skrive bokmål og nynorsk i arbeidet, hindrar ikkje den tilsette eller arbeidsplassen i å bruke omsetjingsteknologi innanfor dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for forsvarleg saksbehandling. Dessutan vil reglane i §§ 9 og 10, som stiller krav om klarspråk og bruk av offisiell rettskriving, gjelde. Fleirtalet legg til grunn at det med formuleringa «arbeid» er forstått skriftleg arbeid, slik som i den gamle mållova, og altså at munnleg bruk av språk ikkje er omfatta av reglane.

Fleirtalet støttar også formuleringa i forslaget til § 16 andre ledd: «Fylkeskommunar kan krevje det same».

Fleirtalet viser til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 16 andre ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.»

Fleirtalet støttar forslaget til endring av § 17. Det er eit vanleg prinsipp i forvaltninga at ein part kan la seg representere i klagesaker av ein organisasjon som personen er medlem av, t.d. dersom ein ikkje heilt vågar å føre si eiga sak. Fleirtalet vil framheve at det er viktig at regelen blir avgrensa til dei situasjonane der ein part blir representert av ein organisasjon denne parten er medlem av. Fleirtalet merkar seg at departementet viser til at § 18 gir språkorganisasjonar høve til å ta opp saker, også klagesaker, men dette er ikkje regulert som klagerett, nettopp fordi organisasjonen ikkje er part i saka.

Fleirtalet viser til at regjeringa støttar lovendringa i sitt svarbrev til Stortinget, og fremjar følgjande forslag:

«§ 17 skal lyde:

§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.»

Fleirtalet meiner at lovendringane skal gjelde frå 1. juli 2025, og fremjar følgjande forslag:

«Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.»

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at språklova som ble lagt frem av regjeringen Solberg i 2020, var historisk da den kom. Den nye loven trådte i kraft 1. januar 2022.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at i formålsparagrafen er det slått fast at det offentlige aktivt skal fremme nynorsk som det minst brukte av de to norske skriftspråkene. Det offentlige skal særskilt styrke nynorsken og utjevne de skeive forholdene mellom nynorsk og bokmål.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at regjeringspartiene, ved behandlingen av språklova, stemte mot de endringsforslagene de rød-grønne partiene foreslo. Dette representantforslaget inneholder de samme fem forslagene, samt to nye. Disse medlemmer mener dette er en ren omkamp, og vil stemme imot forslagene som er fremmet.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre støttar hovuddelen av forslaget og meiner det er viktig å sikre at nynorsk får ein meir aktiv og forpliktande plass i offentleg sektor. Desse medlemene meiner at også fylkeskommunane er viktige aktørar med eit sjølvstendig språkpolitisk ansvar, og at Språkrådet difor bør føre tilsyn med dei på lik linje med andre statsorgan. Desse medlemene er likevel samde med statsråden i at dei økonomiske og administrative konsekvensane av ei slik lovendring først bør greiast ut.

Desse medlemene fremjar difor følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa greie ut kva økonomiske og administrative konsekvensar det vil ha for Språkrådet å føre tilsyn med korleis fylkeskommunane etterlever reglane i språklova § 10 andre ledd og §§ 12 til 17, og kome attende til Stortinget på eigna måte.»

Relaterte saker

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …