Representantforslag 30 S (2026–2027)
Representantforslag frå stortingsrepresentantane Terje Kollbotn, Bjørnar Moxnes, Hege Bae Nyholt og Remi Sølvberg om å nytte vernetiltaka og handlingsrommet i EØS-avtalen for å atterreise nasjonal styring over kraftpolitikken og stabile og rimelege kraftprisar i Noreg
Forslagene
-
Stortinget ber regjeringa om å iverksetje EØS-avtalens vernetiltak (artikkel 112) for å hindre dei samfunnsmessige skadeverknadene av ukontrollerbare straumprisar som følgjer av direktiv og forordningar i EØS-avtalens energivedlegg (vedlegg IV), medrekna dei som stammar frå EUs tredje energimarknadspakke.
-
Stortinget ber regjeringa om å etablere eit offentleg omsetningssystem for straum som sikrar privatpersonar og næringsliv straumprisar basert på produksjonskostnadene, med naudsynte påslag, innanfor ei maksprisgrense på 35 øre/kWh.
-
Stortinget ber regjeringa om å sikre at eksport av overskotskraft berre kan finne stad når norske forbrukarbehov og industribehov er dekte. Prinsippet for slik utveksling skal primært vere likeverdig byte av volum med naboland over tid, i tråd med tradisjonell nordisk kraftutveksling.
-
Stortinget ber regjeringa om komme tilbake til Stortinget med forslag om å oppheve instruksjonsforbodet i energiloven § 2-5.
-
Stortinget ber regjeringa leggje til grunn eit prinsipielt syn om at elektrisk kraft primært er å sjå som kritisk infrastruktur og ei naudsynt samfunnsmessig yting, ikkje ei vare, og soleis i si kjerne fell utanfor del 2 i EØS-avtalen om fritt varebyte og konkurransereglane med basis i del 4 i avtalen.
Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn Dagens kraftmarknadsmodell, slik han fungerer i samspel med den integrerte europeiske kraftmarknaden gjennom EØS-avtalen (vedlegg IV), har utvikla seg til å undergrave sentrale …
Dagens kraftmarknadsmodell, slik han fungerer i samspel med den integrerte europeiske kraftmarknaden gjennom EØS-avtalen (vedlegg IV), har utvikla seg til å undergrave sentrale samfunnsmessige føresetnader for norsk industri, næringsliv og busetjing. Konkurranseevna til industrien er kraftig svekt, og verksemder i ulike landsdelar (bodsonar) er utsette for urimelege og ulike konkurransevilkår. Forbrukarane er mellombels verna av Noregspris. Dei grunnleggjande utfordringane innan kraftsektoren er ikkje løyste.
Alvoret i denne situasjonen er i 2026 kraftig forsterka av ytterlegare to faktorar.
EU-kommisjonen foreslo i ein sokalla nettpakke (desember 2025) at 25 prosent av dei utnytta flaskehalsinntektene til Statnett og andre systemoperatørar blir øyremerkte til nettutvikling i andre deler av Europa, basert på prioriteringar av EU-kommisjonen og energibyrået ACER. I 2025 hadde Statnett 12 mrd. kroner i flaskehalsinntekter. Inntil tre mrd. kroner vil på denne måten årleg måtte bli inndekte av norske strømabonnentar gjennom auka nettleige. Eit stort fleirtal på Stortinget har reagert negativt på forslaget, som òg har møtt sterk motstand frå andre land i Europa, spesielt frå Sverige. I juni 2026 vart Ministerrådet i EU samde om eit sokalla kompromiss om at berre grensekryssande inntekter skal reknast med og ei opptrapping til 25 prosent innan 2031. Om EU-parlamentet sluttar seg til forslaget, vil dette framleis innebere at Noreg avstår milliardbeløp årleg til EU-prosjekt på kostnad av norske nettkundar.
Samstundes har storkrigen i Midtausten ført til ein auke i energiprisane på over 30 prosent. Ulike meir og mindre reelle fredsforhandlingar har gitt svært brå svingingar i gass- og oljemarknaden. Det som er sikkert, er at prisane ikkje vil kome ned til sitt tidligare nivå, og at dei fulle konsekvensane enno ikke har vist seg. Dei strategiske reservane og lagera av gass og olje nærmar seg eit kritisk lågt nivå i Europa. Øydelagde produksjonsanlegg for LNG, røyrleidningar og tanklager vil ta månader og år å reparere. Gassprisen er i stor grad avgjerande for europeisk straumpris, noko som smittar til Noreg gjennom utenlandskablane. Dette har alt slått ut i kraftprisane her til lands.
Netto norsk krafteksport passerte nesten 23 TWh i 2025. Det var ny norsk rekord. Vedvarande høg norsk krafteksport i 2026 har ført til at vassmagasina i Sør-Noreg berre er halvfulle og ikkje har vore lågare på over tjue år. NVE fryktar straummangel til vinteren og reknar med høgare prisar.
I ei usikker tid med sivil beredskap høgt på den politiske agendaen vil det vere uansvarleg av Stortinget å halde fram på ein kurs der energiinfrastruktur, kraftberedskap og samfunnsøkonomi i landet vert utsett for stor og aukande risiko.
EUs tredje energimarknadspakke vart innlemma i EØS-avtalen vedlegg IV (Energi) ved EØS-komiteens vedtak nr. 93/2017 av 5. mai 2017 og fekk tilslutning i Stortinget 22. mars 2018, jf. Innst. 178 S (2017–2018), vedtak nr. 569 (2017–2018). Pakka inneheld direktiv og forordningar som skal medverke til å harmonisere vilkåra for handel i EU sin indre energimarknad, medrekna forordning (EF) nr. 714/2009 om grensekryssande krafthandel og forordning (EF) nr. 713/2009 om etablering av energibyrået ACER. Gjennom denne innlemminga har Noreg forplikta seg til reglar som i stor og aukande grad overstyrer nasjonal handlefridom i kraftpolitikken.
Formålsparagrafen til energiloven (§ 1-2) slår fast at
«Loven skal sikre at produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi foregår på en samfunnsmessig rasjonell måte [...]».
Forslagsstillarane meiner at dagens ekstreme prissvingingar og eksport av kraft på kostnad av nasjonal forsyningstryggleik ikkje er sameineleg med dette lovbestemte prinsippet om samfunnsmessig rasjonalitet. Difor er det naudsynt å innføre fleire tiltak for å sikre ei samfunnsmessig rasjonell og heilskapleg kraftforsyning i tråd med energiloven § 1-2, for å gjenopprette prinsippet om at norsk vasskraft, som er bygd ut av fellesskapet, skal kome fellesskapet til gode. Dette inneber å reversere oppsplittinga av kraftproduksjon og nettutbygging, og ei avbyråkratisering av energisektoren.
Gjennom tredje energimarknadspakke vart det etablert krav om at reguleringsstyresmakta skal opptre ubunden og ikkje kan instruerast i gjennomføringa av regulatoroppgåver. Reguleringsstyresmakta for energi (RME) er soleis i dag underlagd instruksjonsforbod, noko som inneber ei overføring av mynde bort frå demokratisk kontroll.
Forslagsstillarane syner til at EØS-avtalen artikkel 112 gir rett til å gjere vernetiltak om det oppstår alvorlege økonomiske, samfunnsmessige eller miljømessige vanskar som er av sektoriell eller regional art. Desse tiltaka må iverksetjast for å gjenopprette samsvar mellom EØS-avtalens formål, tradisjonelle grunnprinsipp i norsk energiforvaltning og omsynet til norske forbrukarar og industri. Dette tyder mellom anna at forordning (EF) nr. 714/2009 om grensekryssande krafthandel vert sett ut av kraft, slik at norske styresmakter atter får full råderett over kraftutvekslinga i tråd med formålet i energiloven om samfunnsmessig rasjonalitet. RME må underleggjast full nasjonal kontroll, og instruksjonsforbodet i energiloven § 2-5 må opphevast, slik at RME atter vert direkte ansvarleg overfor folkevalde organ.
Forslagsstillarane gjer merksam på at professor dr. juris Erling Hjelmeng i sitt notat til straumprisutvalet av 6. oktober 2023 peika på følgjande:
«Avtalepartene i EØS er innrømmet en viss skjønnsfrihet til å omklassifisere strøm til et nødvendighetsgode på linje med andre nødvendighetsgoder som ikke er underlagt markedsreglene, som vann og avløp.»
Forslagsstillarane minner til slutt om at Artikkel 102.3 seier at
«avtalepartene skal bestrebe seg på å komme til enighet i saker som er relevante for denne avtale. EØS-komiteen skal særlig bestrebe seg på å finne frem til en gjensidig godtagbar løsning dersom det oppstår et alvorlig problem på et område som i EFTA-statene hører inn under den lovgivende myndighets kompetanse».