Hopp til innholdet
Mottatt Representantforslag

Representantforslag om ei særlov om Vanvikansaka

Fremmet 25.11.2026 · Sak 200557

Del saken
Stortinget.no

Hva skjer nå

Stortinget har ikke stemt over saken ennå. Stemmeresultatet, med hva hvert parti og hver representant stemte, kommer her når voteringen er registrert hos Stortinget.

Registrert saksgang

  • 1. Fremmet Fremsatt 25.11.2026
  • 2. Komitebehandling
  • 3. Debatt og vedtak

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Representantforslag 62 S (2026–2027)

Datert 25. november 2026

Original på stortinget.no

Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe og Ida Lindtveit Røse om ei særlov om Vanvikansaka

Forslaget

Stortinget ber regjeringa utgreie og fremme forslag til Stortinget om ei særlov for Vanvikansaka som opnar for utlevering av biologisk materiale frå forskingsbanken ved NTNU til politiet for dette konkrete tilfelle.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn I saka om barnedødsfallet i Vanvikan har politiet ønska å hente ut forskingsmateriale som blei gitt til NTNU. Saka handlar om ein 15 månadar gammal gut som blei funnen død i …

I saka om barnedødsfallet i Vanvikan har politiet ønska å hente ut forskingsmateriale som blei gitt til NTNU. Saka handlar om ein 15 månadar gammal gut som blei funnen død i heimen sin i Vanvikan i Trøndelag i 2013. Straffesaka er lagt vekk to gongar og dødsårsaka har ikkje blitt fastslått. Det biologiske materiale frå den rettsmedisinske obduksjonen blei destruert etter tre år, men noko av materialet blei brukt i eit forskingsprosjekt og er no lagra ein forskingsbiobank ved NTNU. Bakgrunnen for saka er at det er forbod mot utlevering av biologisk materiale frå ein forskingsbank. Formålet med forbodet er at personar som bidrar med slikt materiale skal ha tryggleik for at materialet ikkje blir brukt til andre formål. Sjølv om det biologiske materiale var innsamla i forskingsbanken etter godkjenning frå Regional etisk komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk, ligg det ikkje føre eit samtykke som grunnlag. Sidan det biologiske materiale frå den rettsmedisinske obduksjonen var destruert, begjærte påtalemyndigheitene at materiale skulle utleverast frå forskingsbiobanken.

NTNU avslo denne begjæringa ved å vise til helseforskingslova § 27. Helseforskningsloven § 27 lyd: § 27. Krav til oppbevaring og behandling Materiale i forskningsbiobanker skal oppbevares og behandles forsvarlig. Oppbevaring og behandling skal skje med respekt for giveren av materialet. Humant biologisk materiale fra forskningsbiobanker kan ikke utleveres i forsikringsøyemed, til arbeidsgiver, til påtalemyndighet eller til domstol, selv om den materialet stammer fra samtykker til det. Kongen kan i forskrift bestemme at utlevering av humant biologisk materiale til påtalemyndighet eller domstol helt unntaksvis kan skje dersom svært tungtveiende private eller offentlige interesser gjør dette rettmessig. Departementet kan i forskrift gi nærmere regler om hvordan humant biologisk materiale i en forskningsbiobank skal oppbevares og behandles

Politiet har omtalt dødsfallet som mistenkeleg og meiner at forskingsmateriale som NTNU har, kan vere med å løyse saka. Politiet har fått avslag på dette ønske med bakgrunn i at materialet er avgitt til forsking. Saka blei behandla av Høgsterett i 2020 (HR-2020-1776-A), som i likskap med tidlegare rettsinstansar kom til at helseforskningsloven § 27 var til hinder for utlevering. Høgsterett viser til at

«utlevering til andre eller til andre formål enn de som er nevnt i annet ledd, må anses å være regulert av den alminnelige taushetsplikten i lovens § 7, og samtykke kan i slike tilfelle gi fritak fra taushetsplikten, jf. Ot.prp. nr. 74 (2006–2007) side 155».

Høgsterett oppsummerer den rettslige situasjonen slik:

«Bestemmelsen oppstiller etter sin ordlyd et absolutt forbud mot utlevering av humant biologisk materiale og analyseresultater i forskningsbiobanker til påtalemyndighet, domstoler, arbeidsgiver og i forsikringsøyemed. Lovgivers begrunnelse er å sikre at befolkningen har tillit til medisinsk- og helsefaglig forskning og forskningsbiobanker. Når en person samtykker til å avgi biologisk materiale til bruk i slik forskning, skjer dette i forskningens interesse og uten egennytte. En risiko for at materialet kan bli utlevert til bruk som ikke er i forskningsdeltakerens interesse, eller at avgiveren kan bli utsatt for press for å samtykke til slik utlevering, kan svekke folks villighet til å delta i medisinske forskningsprosjekter.»

I denne saka er det ikkje gitt samtykke til at materialet kan brukast til helseforsking og det er ikkje mogleg å innhente samtykke i 2026. Bakgrunnen for forbodet gjer seg ikkje gjeldande i den aktuelle saka, altså å sikre folks tillit til forskinga. I grunngivinga frå Høgsterett blir det lagt på vekt på at lova sin ordlyd har betydeleg vekt, og særleg når lova er utforma som ein absolutt regel med tydeleg oppgjeving av korleis unntak eventuelt kan vedtakast. Dette vil tale for at eit eventuelt unntak må formulerast slik at risikoen for ei generell svekking av tilliten til medisinsk- og helsefagleg forsking og forskingsbiobanker, bli avgrensa.

Høgsterett trekk også fram barns grunnleggande rettar i Grunnloven § 104 tredje ledd, og plikta til å etterforske uventa og plutseleg barnedød, jf. straffeprosessloven § 224 fjerde ledd annet punktum, som eit argument for at materialet bør kunne utleverast. Bestemmelsen i § 224 kom inn ved behandlinga av eit representantforslag i Stortinget. I innstillinga fra justiskomiteen i denne saka, Innst.163 S (2009–2010), er det uttalt at det må skapast best mogleg tryggleik for at årsakene til plutseleg og uventa barnedød blir oppdaga. I denne samanheng viste komiteen til at det er svært viktig å styrkje barns rettstryggleik. I tillegg gjeld FNs Barnekonvensjon med tilsvarande reguleringar og som Noreg har slutta seg til.

Forslagsstillarane meiner ut frå dette at regjeringa bør sørge for at utlevering blir gjort lovleg i dette konkrete tilfellet, og at barns grunnleggande rettar bør bli gjort tydeleg i helseforskningsloven når det gjeld behandling av biologisk materiale. Eit spørsmål som bør vurderast nærare er om dette kan gi eit grunnlag for forskrift med tilbakeverkande kraft. Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre har i svar 26.10.2026 på skriftlig spørsmål frå stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe vurdert at ein forskriftsheimel ikkje kan brukast i dette konkrete tilfellet (Dokument nr. 15:268 (2026-2027). Det må understrekast at forbodet i Grunnlova mot at lover skal ha tilbakeverkande kraft ikkje er absolutt. Forslagsstillarane meiner at dersom det ikkje nyttast forskrift, må det vurderast å vedta ei særlov i helselovgivinga som kan opne for utlevering av biologisk materiale frå forskingsbanken ved NTNU. Ei særlov for dette tilfelle må utformast slik at ho ikkje svekker tilliten til medisinsk- og helsefagleg forsking og forskingsbiobankar. Ei særlov må kunne vedtakast relativt raskt.

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …