Hopp til innholdet

Representantforslag om marine grunnkart i kystsona

Registrert hos Stortinget 23.05.2023 Votert 30.05.2023 Sak 93651 Vedtatt Representantforslag
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Slik stemte Stortinget

Forslag forkastet

Forslag fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt

Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for gjennomføring og modell for finansiering av marine grunnkart i kystsona i samband med statsbudsjettet for 2024.

33 stemte for
68 stemte mot

Stemte for 5 partier

Stemte mot 4 partier

SVs eget forslag falt (33 mot 68).

Den mest omstridte voteringen. Saken hadde 2 voteringer. Se alle voteringene

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har handsama eit representantframlegg frå Sosialistisk Venstreparti om marine grunnkart i kystsona, Stortinget vedtok å be regjeringa setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.

Stortingets egen oppsummering av vedtaket.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Vedtatt

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Forslag fra FrP, SV, Rødt – Forkastet

FOR
33
MOT
68
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68

For: R, SV, MDG, V, FrP. Mot: Ap, Sp, KrF, H.

Votering 1 av 2 · 30.05.2023 kl. 15:05 · Stortingets voterings-ID 20873
Forslag fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for gjennomføring og modell for finansiering av marine grunnkart i kystsona i samband med statsbudsjettet for 2024.

Tagger på denne voteringen:
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Komiteens tilråding – Enstemmig vedtatt

Votering 2 av 2 · 30.05.2023 kl. 15:06 · Stortingets voterings-ID 20874
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.

Tagger på denne voteringen:
Voteringen er ikke knyttet til noen tagg. Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Sosialistisk Venstreparti
Representanter:

Politiske tagger

Emnene voteringene i saken er merket med. Hver tagg lenker til en side som viser hvordan partiene har stemt i sakene med samme tagg.

Digitalisering

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Representantforslag 220 S (2022–2023)

Datert 30. mars 2023

Original på stortinget.no

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa om marine grunnkart i kystsona

Forslaget

Stortinget ber regjeringa om å setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn Havpanelet kom i 2020 med konklusjonen om at havet er viktigare for klimaet enn ein trudde og at det står dårlegare til enn ein trudde. Arealbruksendring er den største trusselen …

Havpanelet kom i 2020 med konklusjonen om at havet er viktigare for klimaet enn ein trudde og at det står dårlegare til enn ein trudde. Arealbruksendring er den største trusselen mot biologisk mangfald. Noreg har slutta seg til både Parisavtalen om å kutte klimagassar og naturavtalen i Montreal, som sette mål om 30 prosent vern, 30 prosent restaurering og 100 prosent berekraftig bruk av naturen. Det mest grunnleggande for berekraftig forvaltning er kunnskap om dei komplekse økosystema ein er avhengig av. I arbeidet med meir berekraftig forvaltning og bruk av sjøområda treng ein difor gode, detaljerte kart som er lette å forstå og praktiske å bruke som eit verktøy.

Kystøkologien er for dårleg undersøkt og forstått

Norskekysten har nokre av dei mest produktive havområda i verda. Det er viktige naturtypar, gytefelt, oppvekstområde og leveområde for ei rekke marine artar inne i fjordar og ute mellom øyar og skjer. Dei store, kommersielt utnytta fiskebestandane er det meir kunnskap om enn dei mindre, meir lokale bestandane, som er meir stadbundne, og som har meir flekkevis fordelte gytefelt og leveområde. Kartverket opplyser at Noreg har djupnedata for berre 37 prosent av sjøareala, og at berre 10 prosent av geologien og berre 5 prosent av det biologiske mangfaldet under vatn er kartlagde. For å planlegge og forvalte desse areala betre trengst det eit større kunnskapsgrunnlag og betre kart.

Norskekysten har mykje sjøareal som er dårleg kartlagt

Kommunane forvaltar store fjord- og kystområde i sine arealplanar. Kystlinja er 83 000 km lang, og det er ca. 100 000 km2 sjøområde innafor grunnlinja, fem gongar så stort areal som det samla arealet av ferskvatn i Noreg. Det meste av arealet i sjøen er fleirbruksområde. Med stor vekst i nye havnæringar, og styrkte ambisjonar om å ta vare på biologisk mangfald, er det eit stort behov for betre og meir detaljerte, brukarvenlege kart. Sjølv om ein god del område er kartlagde, er det mange «kvite flekkar» på kartet innafor grunnlinja. Ein må vite nøyaktig kvar dei sårbare og verdfulle naturtypane som tareskog, saltvasskorallar og ålegrasenger er, for å forvalte livet i havet på ein forsvarleg måte. Gode visuelt sjølvforklarande kart med detaljert informasjon om botntypar, rasfare og straumforhold kan gi betre planlegging og gjere det lettare å ta omsyn til livet i havet når tiltak skal gjennomførast.

Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona

I perioden 2019–2022 vart pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona gjennomført i tre pilotområde, i Stavanger, i Giske og Ålesund og i Skjervøy og Kvænangen. Prosjektet var eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt gjennomført av Kartverket, Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskingsinstituttet (HI). Fleire departement og fagmiljø, samt aktuelle kommunar og fylkeskommunar var med på å finansiere pilotane, og prosjektet samla og strukturerte data og føretok intervju med målgrupper for å få vite kva potensielle brukarar hadde bruk for i arbeidet sitt. Resultatet vart eit kartverktøy som innheldt ei rekke funksjonar som var bygde på informasjon om djupnedata, terreng, botnforhold, geologi med sedimentkart, landskapskart, kart over kjemisk miljøtilstand, naturtypar, verdfulle habitat, modellar av straum, bølgehøgder, saltinnhald og temperatur. Piloten synte korleis ein kan lage ein heildekkande digital terrengmodell frå land til sjø, og korleis ein kan formidle informasjonen brukarane treng, på ein forståeleg og enkel måte – kart som er lette å bruke til planlegging, forvaltning, fiskeri og målretta forsking. Prosjektet testa også ut ny teknologi og metodar for registrering av data som kan ha ein industriell verdi i form av eksport til andre land. I Prop. 1 S (2022–2023) konkluderte Kommunal- og distriktsdepartementet med at prosjektet hadde utvikla ein modell som kan vidareførast i ei seinare større satsing, og at dei samfunnsøkonomiske gevinstane utan tvil var langt høgare enn kostnadane ved prosjektet.

På tide å lage marine grunnkart for heile kysten

Marine grunnkart i kystsona er geologiske kart i målestokken 1:20 000 og med detaljert informasjon som kan brukast til svært mange praktiske føremål. Marine grunnkart gir kunnskapsgrunnlag for fiskeri, fiskeoppdrett og forvaltning og dannar basisen for kartlegging av biologisk mangfald, naturtypar og miljøtilstand i botnsediment. Karta gir ei god oversikt over ressursar, naturtypar og sårbare artar i sjøområda på ein måte som gjer det enklare å vurdere kva tiltak som kan tillatast kvar, og gjer det lettare for ulike aktørar å ta omsyn når prosjekt i sjøen skal planleggast og gjennomførast. Karta vil også kunne fylle behovet kommunane vil få for å rapportere på status for naturtypar i eit framtidig naturbudsjett og i ein naturrekneskap.

Å få laga marine grunnkart for heile kysten vil vere ei samfunnsøkonomisk lønsam investering som vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for berekraftig bruk av sjøområda, betre og forenkla planlegging av prosjekt og eit nyttig verktøy for målretta forsking og raskare og betre forvaltning.

Innst. 446 S (2022–2023)

Avgitt 23. mai 2023 Gjelder Dokument 8:220 S (2022–2023)

Original på stortinget.no

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa om marine grunnkart i kystsona

Komiteens tilråding

Fremmet av en samlet komité

Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.

Stortinget ber regjeringa setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.

Forslag fra mindretall

Forslag som bare et mindretall i komiteen sto bak.

Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt

  1. Forslag 1

    Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for gjennomføring og modell for finansiering av marine grunnkart i kystsona i samband med statsbudsjettet for 2024.

Hele dokumentet 3 kapitler
Bakgrunn I dokumentet fremmes følgende forslag:

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa om å setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.

Komiteens behandling Komiteen har i brev av 13. april 2023 til Kommunal- og distriktsdepartementet ved statsråd Sigbjørn Gjelsvik bedt om en vurdering av forslaget. Uttalelsen fra statsråden følger av …

Komiteen har i brev av 13. april 2023 til Kommunal- og distriktsdepartementet ved statsråd Sigbjørn Gjelsvik bedt om en vurdering av forslaget. Uttalelsen fra statsråden følger av vedlagte brev av 28. april 2023.

Komiteen har invitert til og mottatt skriftlige høringsinnspill.

Komiteens merknader Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Rune Støstad, Siri Gåsemyr Staalesen, Terje Sørvik og lederen Lene Vågslid, fra Høyre, Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad og Mari …

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Rune Støstad, Siri Gåsemyr Staalesen, Terje Sørvik og lederen Lene Vågslid, fra Høyre, Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad og Mari Holm Lønseth, fra Senterpartiet, Heidi Greni, Kathrine Kleveland og Kari Mette Prestrud, fra Fremskrittspartiet, Helge André Njåstad og Erlend Wiborg, fra Sosialistisk Venstreparti, Birgit Oline Kjerstad, og fra Rødt, Tobias Drevland Lund, viser til Representantforslag 220 S (2022–2023), der stortingsrepresentantene Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa fremmer forslag om å be regjeringen sette fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjorder og kystområder innenfor grunnlinja. Komiteen har mottatt skriftlige høringsinnspill. Komiteen viser til svarbrev fra statsråden av 28. april 2023, der han skriver at marine grunnkart er et godt verktøy for både miljøovervåking og som en fremtidsrettet næring langs kysten. Et pilotprosjekt ble gjennomført i 2020–2022 med spennende resultat, med nøyaktige og sammenstilte data for Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen. Synergieffektene mellom tre ulike etater er av særlig interesse. Statsråden skriver videre at han følger effektene av pilotprosjektet nøye og har dialog med andre relevante departementer for å se hva som er rett vei videre.

Komiteen viser til at regjeringen Solberg satte i gang et pilotprosjekt for kartlegging av marine grunnkart for kystområdene i Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen i 2019, og det ble gjennomført i perioden 2020–2022. Pilotprosjektet ble finansiert på tvers av flere departementer, kommuner og fylkeskommuner. Komiteen mener det er viktig med gode marine grunnkart, og at dette har stor betydning for kystnære havområder og havneinfrastruktur. Komiteen viser videre til at marine grunnkart vil kunne være avgjørende for fiskeriene langs hele norskekysten og i alle kystområder for fremtidig miljøovervåking og for effektivt og bærekraftig fiskeri.

Komiteen viser til at arbeidet med å kartlegge kystområdene bør gjøres gjennom en prioritert liste over hva som skal kartlegges når, i tett samarbeid mellom de berørte kommuner, fylkeskommuner, fagmiljøer og departementer.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt legg til grunn omtalen av pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona i Prop. 1 S (2022–2023) s. 196, der departementet seier at den samla økonomiske ramma for pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er rekna for å vere langt lågare enn dei samfunnsøkonomiske gevinstane. Når departementet er så tydeleg på at marine grunnkart i kystona vil løne seg å gjennomføre, meiner desse medlemene at ein ikkje bør vente, men nytte den kompetansen som er bygd opp i prosjektperioden til å sette i gang vidare arbeid.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt legg til grunn at Noreg har skrive under Naturavtalen i Montreal, der det er sett mål om 100 pst. berekraftig bruk og forvalting av natur, både i havet og på land. Naturpanelet til FN slår fast at den viktigaste årsaka til tap av biologisk mangfald er arealbruksendring, samtidig er samfunnet avhengig av å bruke hav og kyst til ulike typar næringsverksemd. Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet har mykje kunnskap om dei kommersielt utnytta fiskebestandane, men mykje av naturen i kystfarvatna som er med og dannar grunnlaget for dei store fiskebestandane, er ikkje godt nok kartlagt og forstått. Noregs geologiske undersøking har kartlagt grunnen somme stader, og Miljødirektoratet har samla kunnskap om naturtypar og forureining. Det som må skje, er at dette arbeidet vert videreutvikla samtidig som kunnskapen må gjerast tilgjengeleg i form av gode kart som kan vere gode verktøy for dei som har bruk for dei, anten det er forvaltinga eller næringsaktørar. Noreg har djupnedata for om lag 37 pst. av sjøareala, medan berre 10 pst. av geologien, og 5 pst. av biologien i kystfarvatna er kartlagt.

Desse medlemene vil peike på at det i dag vert utarbeidd sektorovergripande rettsleg bindande marine arealplanar i norske kommunar, utan at kommunane har tilgang til tilstrekkeleg detaljert kunnskap om geologi, oceanografi, naturtypar og biologiske verdiar i kystsona. Det tverrfaglege pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsona», leia av Kartverket, har avdekt at ein del av det som i dag finst av informasjon i eksisterande kart, ikkje stemmer godt nok med realitetane. Gytefelt kan vere lokaliserte andre stader enn der det er avmerkt i karta, eller dei kan ha ei anna utbreiing enn ein trudde. Viktige naturtypar som korallrev, tareskog og ålegrasenger er ikkje godt nok kartlagte og avmerkte i dagens kart. Desse medlemene viser til at det er døme på at saker hamnar i retten fordi det vert gjort vedtak om å trekke ein oppdrettskonsesjon etter at han er gitt, fordi ein har oppdaga store korallførekomstar nær lokaliteten i etterkant. Dette syner at dårleg kunnskapsgrunnlag er eit problem både i forvaltninga og for næringsaktørar. Eit godt felles kunnskapsgrunnlag i forkant av avgjerder, slik forvaltningslova § 17 krev, er viktig for effektiv forvaltning og føreseielege rammer for næringsaktørar. Eit betre kunnskapsgrunnlag er nødvendig for å vareta viktige naturtypar og økosystem i tråd med naturavtalen, og eit kunnskapgrunnlag det er felles semje om, vil vere med og dempe konfliktar i vanskelege planprosessar der bruk og vern står opp mot kvarandre.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt legg til grunn at det vellukka pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsona» syner at det no er mogleg å få på plass eit heilt anna kunnskapsgrunnlag enn før. Sidan det også er arbeidd mykje med brukargrensesnittet for alle som har bruk for kartgrunnlaget, vil marine grunnkart kunne gi raskare og betre avklaringsprosessar i forvaltninga av kystsona. Meir og betre formidla kunnskap om terreng, miljø og oceanografi vil opne for betre planlegging og spare samfunnet for store ressursar. Marine grunnkart vil gi betre avgjerdsstøtte for alle typar planlegging, alt frå kabellegging, fiskeri og havbruk til forvaltning av verneområde.

Desse medlemene legg til grunn at både statsråden og alle dei skriftlege innspela i saka støttar at det er viktig å få på plass marine grunnkart i kystsona.

Desse medlemene viser til høyringssvaret frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som skriv at interkommunale prosessar har avdekt eit prekært behov for betre kunnskapsgrunnlag i sjø, og at det er nødvendig med eit spleiselag der staten tek sin del av ansvaret for å få på plass betre kunnskapsgrunnlag enn ein har i dag. Desse medlemene meiner at både høyringsuttalane og det generelle behovet for kunnskapsbasert forvaltning syner at det hastar å få på plass marine grunnkart som ein nødvendig grunnmur for framtidig berekraftig kystsoneforvaltning. Desse medlemene viser til at det er eit sektorovergripande behov for å få på plass marine grunnkart, og at det difor er naturleg at staten tek det overordna ansvaret og kjem med forslag om korleis dette skal finansierast, gjennomførast og korleis data kan delast. Desse medlemene syner til høyringsforslaga som foreslår å bruke noko av inntektene frå havbruksfondet til kartleggingsarbeidet, slik at ein gir tilbake verdi til kystsona og brukarane av denne, i form av betre kunnskapsgrunnlag og avgjerdsstøtte i arealforvaltninga. Heile det norske samfunnet har nytt godt av dei store verdiane som havet gir, og no er det på tide å bruke litt av desse midlane til å sørge for at kunnskapsgrunnlaget for kystsoneforvaltning vert løfta opp på eit nytt nivå.

Desse medlemene fremjar difor dette forslaget:

«Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for gjennomføring og modell for finansiering av marine grunnkart i kystsona i samband med statsbudsjettet for 2024.»

Komiteen fremmer dette forslaget:

«Stortinget ber regjeringa setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.»

Relaterte saker

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …