ForMot Spørsmål til regjeringen
Spørsmål fra Ingrid Fiskaa
Stortingsrepresentantene kan spørre statsrådene om hva som helst: skriftlig, i spørretimen eller som interpellasjon. Her er spørsmålene siden oktober 2025, med hvem som spurte og hvem som svarte. Selve svaret står hos Stortinget.
47 spørsmål i utvalget
- Synest statsråden det er greitt at Statens vegvesen legg press på kommunane i saka om ny E39 Bokn-Bømlafjorden, eller skal kommunestyra fritt få vurdera dei ulike forslaga til trasear?
- Vil regjeringa la oppredningsverket ved gruve 7 bli ståande som eit landemerke og kulturminne etter gruvedrifta i Longyearbyen?
- Kva vil statsråden gjere for å kartleggje sårbarheiter i den digitale infrastrukturen mot dataåtak, og kva tiltak vil han gjere for å verne mot slike åtak?
- Stortinget har lagt sterke føringar for Forsvarets anskaffing av 28 nye standardiserte sjøfartøy. Det er brei semje om at denne historisk store anskaffinga skal tilfalla norske verft og at fartøya skal byggast i Noreg. Men Forsvarsmateriell opnar no opp for …
- Kva vil helse- og omsorgsministeren gjera for å sikra det livsviktige behandlingstilbodet for kvinner med underlivskreft og unngå å rasera eit velfungerande fagmiljø på Universitetssjukehuset i Stavanger (SUS)?
- To år har snart gått sidan Manal og mora Tamara vart evakuerte frå Gaza til medisinsk behandling i Noreg. To år sidan dei såg far og veslebror. Familien har fått innvilga familiegjenforeining, men utan bistand maktar dei ikkje å bli gjenforeint. Kva vil …
- Kva vil landbruksministeren gjera for å hindra at Tine sentraliserer og legg ned anlegga sine i distrikta, slik dei har planar om i eksempelvis Ørsta og Tresfjord i Møre og Romsdal, og dermed svekkjer matberedskapen vår i ei tid då me treng det motsette?
- EU-presidenten har lansert ideen om eit europeisk/internasjonalt sikkerheitsråd, der også Noreg blir nemnt som mogleg medlem. Korleis vil dette forhalda seg til Noregs posisjon som medlem av FN og NATO, og kan det koma til å utfordra norsk suverenitet?
- Regjeringa har som mål at 80 % av offentleg sektor skal bruka kunstig intelligens. Meiner regjeringa framleis at slike prosentmål er ein god måte å styra offentleg sektor etter, og kor stor er bruken av KI i offentleg sektor nå?
- Kva er årsaka til at ein så stor del av dei kjemikalieskadde oljepionerane får avslag på søknaden om kompensasjon?
- Kan statsråden gi eit oppdatert anslag over kor mange søknader regjeringa forventar at blir fremma og innvilga under kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar, og kva den samla budsjettkostnaden av ordninga då blir i 2026?
- Vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av regelverket og samordninga mellom Folkeregisteret, Skatteetaten og andre aktuelle etatar, slik at barn fødde av internasjonale foreldre busett på Svalbard blir sikra ein rettsleg avklart foreldrestatus både i …
- Meiner statsråden at matjorda, naturområda og lokalsamfunna i Bokn, Tysvær og Sveio er så lite verdt at det er tilrådeleg å gå vidare med planane om firefelts motorveg med 110 km/t på E39 mellom Bokn og Bømlafjorden?
- Riksrevisjonen kritiserte i 2020 mangelfulle konsekvensutgreiingar av endringar i kvotesystemet, særleg knytt til effektar for kystsamfunn, geografisk fordeling og eigarkonsentrasjon. I Fiskeridirektoratet si høyring om fordeling av kvotar når strukturkvotane …
- Vil statsråden sørga for at den livsviktige behandlinga av eggstokkreft og det tilhøyrande fagmiljøet ved sjukehuset i Stavanger ikkje blir lagt ned?
- Korleis har regjeringa tenkt å hindra at rakettoppskyting og militær øvingsaktivitet rammar fiskerinæringa og lokalsamfunnet på Andøya uforholdsmessig hardt, og sikra reell sameksistens mellom ulike næringar?
- Korleis stiller regjeringa seg til EU-kommisjonens forslag om skyleverandørar, og vil regjeringa arbeida for å påverka den vidare lovgivingsprosessen i EU/EØS for å styrka nasjonal og europeisk digital suverenitet?
- Kva vil regjeringa gjera for å aktivt bidra til å hindre at Israel øydelegg verdsarv, både materiell og immateriell, i Libanon, Syria, Iran og Palestina?
- Meiner justis- og beredskapsministeren at den ukrainske familien i Nordreisa kommune, med to døtrer på 6 og 9 år som har budd ein stor del av livet sitt i Noreg, går på skule og snakkar norsk, har det betre i Ukraina enn i Nordreisa?
- Kan statsråden gi eit oppdatert anslag over kor mange søknader regjeringa forventar at blir fremma og innvilga under kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar, og kva den samla budsjettkostnaden av ordninga då blir i 2026?
- Kva inneber den totale omlegginga av teleinfrastrukturen dersom Statkraft får lov til å bygga Moifjellet vindkraftverk, kor skal nye master byggast, og kva for naturinngrep vil det medføra?
- Sist gong matmomsen vart vesentleg sett ned var i 2001. Korleis har konkurransen i daglegvaremarknaden endra seg frå 2001 og fram til i dag, og kva innverknad trur regjeringa konkurransesituasjonen vil ha for prisane i daglegvaremarknaden dersom matmomsen …
- Spørsmålet mitt går til digitaliseringsministeren. Historia om BankID er historia om ein naiv og kortsiktig digital strategi. Det er eit eksempel på at politikk blir redusert til formaningar og forventningar i staden for styring og handlekraft. Har …
- Korleis vil landbruksministeren få fart på den økologiske mjølkeproduksjonen for å nå dei statlege måla om 10 % økologisk innan 2032 og imøtekoma den auka etterspurnaden, når bønder som ynskjer å leggja om til økologisk mjølk blir avvist av Tine v/Norsk …
- Stortinget har vedtatt at den reelle sjølvforsyninga skal opp til 50 prosent innan 2030. Kvifor er ikkje dette nemnt i regjeringa sine føringar for Landbruksdirektoratet i 2026?
- Kan statsråden gi eit oppdatert anslag over kor mange fleire søknader regjeringa forventar at blir fremma og innvilga under kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar, og kva den samla budsjettkostnaden av ordninga då blir i 2026?
- Fiskarane i Oslofjorden har i praksis fått yrkesforbod i minst ti år, og i statsbudsjettet er det sett av pengar for å kompensera for bortfall av inntekt. Det er også sett av 100 millionar kroner til naturrestaurering, og i samband med dette har klima- og …
- Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) har på oppdrag frå regjeringa laga planar for eit senario om bruk av atomvåpen i eller nær Noreg, det såkalla Senario 7. Rapporten med råd og tiltak vart levert i fjor sommar. DSA seier at det viktigaste er å …
- Det er vår, og det er lønsforhandlingar. Fellesforbundet og Norsk Industri er no til mekling om årets lønstillegg for arbeidsfolk. Håpet er at den komande lønsauken ikkje straks blir nulla ut av at vanlege utgifter er høgare enn før. Den bekymringa har ikkje …
- Vil det vera i samsvar med statsstøtteregelverket og EØS-avtalen å selja Haugesund lufthamn Karmøy til bokført verdi dersom denne er lågare enn marknadspris, og kan eit eventuelt krav om sal i den opne marknaden for å sikra marknadspris sameinast med behovet …
- Meiner statsråden det er noko i vegen for å be om å overføra ein norsk statsborgar som er pågripen etter ønske frå norsk politi, og som har blitt etterforska av norsk politi i samband med ei sak som går i det norske rettsystemet, frå fengsel i Storbritannia …
- Vil forsvarsministeren informera Stortinget om norsk etterretningsteneste direkte eller indirekte støttar eller gir informasjon til USAs krigføring i Midtausten?
- Det norske CO₂-lageret, Northern Lights, er dimensjonert for stordrift, samtidig som mange norske utsleppskjelder har små og mellomstore volum og ligg spreidd langs kysten. Meiner statsråden at dagens modell ivaretar behova til norske industriaktørar, kva for …
- Korleis vil regjeringa sikra at endringar i tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk ikkje fører til auka utflagging av norske skip, svekt rekruttering til maritime yrke og redusert nasjonal beredskap, og vil regjeringa gjennomføra ei grundig …
- USA og Israel har gått til folkerettsstridig angrep på Iran. Statsministeren har sagt at Noreg ikkje skal bli ein del av krigen. Kan forsvarsministeren forsikra om at dette også betyr at norsk etterretningsteneste verken direkte eller indirekte støttar eller …
- Kva er det konkrete rettslege grunnlaget for at ein firebarnsfar frå Karmøy framleis er fridomsrøva ved Politiets utlendingsinternat på Trandum, trass i at Borgarting lagmannsrett – som Oslo tingrett før – har kome til at utvisinga er ugyldig og i strid med …
- Sårbare barnefamiliar på Haugalandet ser ut til å mista eit svært viktig hjelpetilbod fordi Bufdir ikkje vil forlenga avtalen med CRUX Foreldre og barn - Solstrand. Vedtaket vil innebera at eit kompetansemiljø bygd opp over mange år vil bli avvikla, og at …
- 27. januar endra Innovasjon Norge (IN) søknadsfristen for landbrukets IBU-middel frå 1. april til 15. februar. Konsekvensen er at prosjekt ikkje blir gjennomført, mindre mjølk og kjøtt blir produsert, mindre areal blir utnytta, og i siste instans at fleire …
- Kva vil regjeringa gjera for å hjelpa norske laukbønder som blir ramma av innføringa av EU-forordninga om grenseverdiar av kadmium, i 2026?
- Eg vil gjerne utfordra næringsministeren på industripolitikk. Noreg har vore ein industrinasjon i meir enn 100 år. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv industripolitikk. Vasskrafta og olja skulle koma fellesskapet til gode og vera …
Kilde: Stortingets åpne data, hentet 24.11.2026 kl. 00:19. Lenkene går til spørsmålet og svaret hos Stortinget.