Bypakke Bodø fase 2 i Nordland - forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst
Transport- og kommunikasjonskomiteen
Sammendrag
Vedtak:
Stortinget har behandlet et forslag fra regjeringen om utbygging og delvis bompengefiansiering av Bypakke Bodø fase 2 i Nordland. Forslaget innebærer forlenget innkrevingsperiode og økt gjennomsnittstakst. Regjeringens forslag ble vedtatt.
Dokumenttekst
Bypakke Bodø fase 2 i Nordland - forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
http://www.regjeringen.no/id/PRP202120220061000DDDEPIS
Bakgrunn
Bypakke Bodø vart handsama av Stortinget i 2014, jf. Prop. 131 S (2013–2014)
Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv. 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)
og Innst. 27 S (2014–2015). Føremålet med Bypakke Bodø er å byggje ein ny og trafikksikker innfartsveg til Bodø, og samtidig leggje til rette for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport. Utbygginga av bypakka har vore i gang sidan april 2015, og skal etter planen vere ferdigstilt i 2027. Bompengeinnkrevjinga starta opp 15. oktober 2015.
Det er lagt opp til porteføljestyring av Bypakke Bodø med unntak av prosjektet rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset. Utbygginga er i utgangspunktet tilpassa den økonomiske ramma i Prop. 131 S (2013–2014) på om lag 3 430 mill. kr, rekna om til 2022-prisnivå.
Enkelte prosjekt og tiltak i Bypakke Bodø er meir omfattande og kostnadskrevjande enn tidlegare anslått. Bompengeinntektene i bypakka har i tillegg vore lågare enn lagt til grunn i Prop. 131 S (2013–2014). For at flest mogleg av dei opphavlege prosjekta skal kunne gjennomførast, har Bodø kommune og Nordland fylkeskommune fatta vedtak om å revidere finansieringsopplegget for Bypakke Bodø. Det er lokalpolitisk semje om å auke bomtakstane og forlenge innkrevjingsperioden med fem år, frå 15 til 20 år totalt. Det reviderte finansieringsopplegget vil òg bidra til å realisere fleire tiltak for gåande og syklande, trafikktryggleik, kollektivtrafikk og miljø.
Fase 2 av Bypakke Bodø har ei økonomisk ramme på om lag 1 100 mill. 2022-kr. Finansieringa av fase 2 er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer til Bodø kommune og Nordland fylkeskommune for prosjekt og tiltak i bypakka.
Bompengeordninga i fase 2 er basert på innkrevjingsordninga frå fase 1 av Bypakke Bodø. Det er føresett at innkrevjinga skal skje i dei eksisterande bomstasjonane i Bodø. Det er ikkje lagt opp til etablering av nye bomstasjonar. Takst- og rabattsystemet er i all hovudsak tilsvarande som i fase 1. Gjennomsnittstaksten for passeringar blir auka med om lag tre kroner.
Ved overgang frå fase 1 til fase 2 av Bypakke Bodø leggjast det til grunn at eventuelle ubrukte midlar frå fase 1 av bypakka skal disponerast i fase 2, og kjem i tillegg til rammene for fase 2. Forpliktingar knytt til fase 1 skal følgjast opp i fase 2.
Voteringer i saken
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering ID: 18678
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
-
Stortinget gir si
tilslutning til utbygging og delvis bompengefinansiering av Bypakke
Bodø fase 2 i Nordland.
-
Stortinget samtykker
i at Bompengeselskap Nord AS får løyve til å krevje inn bompengar
til delvis bompengefinansiering av Bypakke Bodø fase 2 i Nordland
fylkeskommune. Vilkåra for finansieringa går fram av Prop. 61 S
(2021–2022).
-
Samferdselsdepartementet
får fullmakt til å inngå avtale med Bompengeselskap Nord AS om delfinansiering
av Bypakke Bodø fase 2. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å
krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra Prop. 61 S (2021–2022)
fastset.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti