Hopp til innholdet

Representantforslag om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo

Registrert hos Stortinget 20.05.2025 Votert 02.06.2025 Sak 102720 Forkastet Representantforslag
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Slik stemte Stortinget

Forslaget ble forkastet

Det ble stemt over

Om forslaget i saken skulle vedtas.

18 stemte for
85 stemte mot

Stemte for forslaget 3 partier

Stemte mot forslaget 6 partier

Voteringen over komiteens tilråding. Saken hadde 4 voteringer. Se alle voteringene

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har handsama eit forslag frå representantar frå Venstre om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo. Forslaget vart ikkje vedteke.

Stortingets egen oppsummering av vedtaket.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Forkastet

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Forslag nr. 3 fra Venstre – Forkastet

FOR
7
MOT
96
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
66

For: MDG, V. Mot: R, SV, Ap, Sp, KrF, H, FrP.

Delekort
Votering 1 av 4 · 02.06.2025 kl. 15:42 · Stortingets voterings-ID 25198
Forslag nr. 3 fra Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa slutte seg til EUs sanksjonar knytte til situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo, vedtekne 17. mars 2025.

Tagger på denne voteringen:
Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning En stemme for teller som støtte til «Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Forslag nr. 2 fra SV, Venstre – Forkastet

FOR
15
MOT
87
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
67

For: SV, MDG, V. Mot: R, Ap, Sp, KrF, H, FrP.

Delekort
Votering 2 av 4 · 02.06.2025 kl. 15:43 · Stortingets voterings-ID 25199
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale fora og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.

Tagger på denne voteringen:
Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning En stemme for teller som støtte til «Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Forslag nr. 1 fra Framstegspartiet, Venstre – Forkastet

FOR
19
MOT
85
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
65

For: MDG, V, FrP. Mot: R, SV, Ap, Sp, KrF, H.

Delekort
Votering 3 av 4 · 02.06.2025 kl. 15:43 · Stortingets voterings-ID 25200
Forslag nr. 1 fra Framstegspartiet, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa vurdere å suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo.

Tagger på denne voteringen:
Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning En stemme for teller som støtte til «Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Komiteens tilråding – Vedtatt

FOR
85
MOT
18
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
66

For: R, SV, Ap, Sp, KrF, H. Mot: MDG, V, FrP.

Delekort
Votering 4 av 4 · 02.06.2025 kl. 15:44 · Stortingets voterings-ID 25201
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:146 S (2024–2025) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Ola Elvestuen om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo – vert ikkje vedteke.

Tagger på denne voteringen:
Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning En stemme for teller som motstand mot «Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Venstre
Representanter:

Politiske tagger

Emnene voteringene i saken er merket med. Hver tagg lenker til en side som viser hvordan partiene har stemt i sakene med samme tagg.

Styrke innsatsen for fred og konfliktløsning

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Representantforslag 146 S (2024–2025)

Datert 26. mars 2025

Original på stortinget.no

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Ola Elvestuen om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo

Forslagene

  1. 1

    Stortinget ber regjeringa umiddelbart suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo (DRC).

  2. 2

    Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale forum og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) er svært alvorleg og prega av intens konflikt, spesielt i dei austlege delane av landet. 27. januar 2025 tok opprørsgruppa …

Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) er svært alvorleg og prega av intens konflikt, spesielt i dei austlege delane av landet. 27. januar 2025 tok opprørsgruppa M23 kontroll over Goma, den største byen i den austlege delen av DRC. Deretter, i februar, tok M23 kontroll over byen Bukavu. Dei humanitære konsekvensane for lokalbefolkninga er allereie enorme: over 400 000 menneske vart tvinga til å flykte i januar åleine; Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara om at risikoen for smittsame sjukdomar har auka betydeleg på grunn av konflikten, og matvareprisane i Goma har skote i vêret slik at mange innbyggjarar no slit med å få tak i nødvendige varer. Vidare er det ein risiko for at dette skal eskalere til ein større, regional væpna konflikt.

Tryggingsrådet i FN si ekspertgruppe på DRC har i rapporten «Final report of the Group of Experts on the Democratic Republic of the Congo» frå 4. juni 2024 slått fast at Rwandas militære (Rwanda Defence Force (RDF)) de facto kontrollerer og styrer M23s militære operasjonar, og dermed at Rwanda er ansvarleg for M23s overgrep og ulovlege handlingar. M23 har stått for alvorlege menneskerettsbrot, inkludert drap, valdtekt og tvangsrekruttering. Trass i internasjonalt press har Rwanda halde fram med si militære støtte til M23.

Noreg har i mange år gitt bistand til Rwanda for å støtte landet sin utvikling og nedkjemping av fattigdom, men no er det nødvendig å revurdere denne bistanden i lys av Rwandas rolle i konflikten i DRC.

Innst. 391 S (2024–2025)

Avgitt 20. mai 2025 Gjelder Dokument 8:146 S (2024–2025)

Original på stortinget.no

Innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Ola Elvestuen om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo

Tilråding frå komiteen

Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.

Dokument 8:146 S (2024–2025) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Ola Elvestuen om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo – vert ikkje vedteke.

Forslag fra mindretall

Forslag som bare et mindretall i komiteen sto bak.

Fremskrittspartiet og Venstre

  1. Forslag 1

    Stortinget ber regjeringa vurdere å suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo.

Sosialistisk Venstreparti og Venstre

  1. Forslag 2

    Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale fora og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.

Venstre

  1. Forslag 3

    Stortinget ber regjeringa slutte seg til EUs sanksjonar knytte til situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo, vedtekne 17. mars 2025.

Hele dokumentet 2 kapitler
Bakgrunn I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

  • Stortinget ber regjeringa umiddelbart suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo (DRC).

  • Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale forum og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaget.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.

Merknader frå komiteen Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Even Eriksen, Nils-Ole Foshaug, Steinar Krogstad og Trine Lise Sundnes, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og …

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Even Eriksen, Nils-Ole Foshaug, Steinar Krogstad og Trine Lise Sundnes, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og leiaren Ine Eriksen Søreide, frå Senterpartiet, Bengt Fasteraune, Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, frå Framstegspartiet, Sylvi Listhaug og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, frå Raudt, Bjørnar Moxnes, frå Venstre, Guri Melby, frå Kristeleg Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, deler forslagsstillarane sin uro over den svært alvorlege situasjonen i dei austlege delane av Den demokratiske republikken Kongo. Valden som opprørsgruppa M23 står bak, er opphav til meir liding for ei allereie hardt råka sivilbefolkning i området. Komiteen merkar seg at Tryggingsrådet i FN har slått fast at Rwandas militære kontrollerer og styrer M23 sine militære operasjonar, og at Rwanda med det har eit ansvar for M23 sine overgrep og ulovlege handlingar.

Vidare merkar komiteen seg at Noreg gav 21,3 mill. kroner i øyremerkt hjelp til Rwanda i 2024, og at det er planlagt å gi 24,6 mill. kroner i 2025.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, syner til regjeringa si vurdering av forslaget og at omfanget av Noreg si hjelp ikkje er av ein slik art eller eit slikt omfang at ein kan forvente at ein eventuell suspensjon vil ha vesentleg innverknad på politikkutforminga i Kigali, men at ein suspensjon fyrst og fremst vil råke prosjekt for utsette grupper.

Komiteen merkar seg at Storbritannia, Tyskland og Canada til no har vedteke å fryse deler av sin bistand til Rwanda, og at regjeringa fortløpande vurderer om suspensjon er betre eigna til å bidra til oppnåing av norske målsetjingar enn ei vidareføring av bistandssamarbeidet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, deler denne vurderinga.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter forslagsstillernes første forslag på bakgrunn av Fremskrittspartiets prinsipielle ønske om å kutte i bistandsbudsjettet.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt er svært bekymra for krigen og dei store sivile lidingane aust i Kongo og deler forslagsstillarane sitt ynskje om å setje konflikten på dagsordenen. Noreg bør gjere alt me kan for å stoppe krigen og auke den humanitære støtta. Desse medlemene støttar derfor forslaget om at Noreg skal arbeide aktivt i internasjonale fora og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.

Det er ingen tvil om at Rwanda støttar opp om M23, og medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti har derfor fremja forslag i Stortinget om at Noreg bør ta initiativ til ein internasjonal våpenembargo mot Rwanda. Denne medlemen meiner samtidig at bistandskutt ikkje vil svekkje rwandiske styresmakter og deira involvering i den kongolesiske krigen. Som statsråden peikar på i svarbrevet sitt, vil eit bistandskutt fyrst og fremst ramme allereie marginaliserte grupper. Denne medlemen viser også til at norsk bistand går til rwandisk sivilsamfunn via norske organisasjonar. Sivilsamfunnet er avgjerande for å halde rwandiske styresmakter ansvarlege når det gjeld menneskerettar og folkerett. Noreg bør derfor heller styrkje enn svekkje støtta til det rwandiske sivilsamfunnet.

Medlemen i komiteen frå Venstre er svært uroa over situasjonen i Aust-Kongo. Opprørsgruppa M23, som i praksis fungerer som ein stadfortredar for Rwanda, har gjennomført valdelege overgrep og teke territoriell kontroll over store delar av Aust-Kongo. Dette har hatt enorme humanitære konsekvensar og ført til at tusenvis har mista livet og hundretusenvis har vorte drivne frå heimane sine.

Etter denne medlemen sitt syn er det slåande likskapsteikn mellom, på den eine sida, overgrepa og dei ulovlege handlingane som Rwanda står bak i Aust-Kongo gjennom sin stadfortredar M23, og på den andre sida Russlands overgrep og ulovlege handlingar i Aust-Ukraina frå og med 2014. Det er viktig å forsvare folkeretten, uavhengig av kven som bryt han, og kvar det skjer.

Denne medlemen viser til at sidan det aktuelle representantforslaget vart fremja, har det kome fleire initiativ til ei fredeleg løysing. Den 18. mars 2025 oppmoda den kongolesiske presidenten Félix Tshisekedi og Rwandas president Paul Kagame til ei umiddelbar våpenkvile. Den 23. april 2025 vart Den demokratiske republikken Kongo og M23 einige om ein mellombels stopp i krigshandlingane. Den 25. april 2025 signerte DR Kongo og Rwanda ein avtale om å respektere kvarandre sin suverenitet og å bli einige om eit utkast til fredsavtale. Trass i denne utviklinga har krigshandlingane halde fram i provinsen Sør-Kivu. DR Kongo og Rwanda skal, etter det denne medlemen kjenner til, òg ha kome med forslag til fredsavtale. I alle tilfelle er det klart at vi har å gjere med ein konflikt som er i utvikling. Dette understrekar, etter denne medlemen sitt syn, behovet for å leggje press på aggressoren i konflikten for å stanse dei ulovlege handlingane. Samstundes understrekar naturlegvis dynamikken i konflikten behovet for at regjeringa viser skjøn når det kjem til tidspunktet og form for eit slik press.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Venstre fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa vurdere å suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo.»

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Venstre fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale fora og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.»

Medlemen i komiteen frå Venstre viser vidare til dokumentet «Rådets gjennomføringsavgjerd (FUSP) 2025/510 av 17. mars 2025 om gjennomføring av avgjerd 2010/788/FUSP om restriktive tiltak på bakgrunn av situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo», som skildrar EUs listeføring av ni individ knytte til M23 og éi organisasjon knytt til den væpna konflikten i Aust-Kongo. Denne medlemen meiner det er rett av Noreg å støtte det europeiske presset mot Rwanda og M23 for å stanse deira ulovlege handlingar, og fremjar på denne bakgrunnen følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa slutte seg til EUs sanksjonar knytte til situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo, vedtekne 17. mars 2025.»

Relaterte saker

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …