Sammendrag
Vedtak:
Stortinget har behandlet et representantforslag fra SV om en ny skogpolitikk.Følgende forslag ble enstemmig vedtatt: Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.
Dokumenttekst
Representantforslag om ein ny skogpolitikk
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-040s/
Bakgrunn
Noreg har slutta
seg til FNs konvensjon om biologisk mangfald (CBD). Konvensjonen
vart gjeldande frå 1993 og skal sikre det biologiske mangfaldet
og sørge for berekraftig bruk av biologiske ressursar. I 2010 vedtok partsmøtet
for konvensjonen Aichi-måla og denne visjonen:
«I 2050 er det biologiske
mangfoldet verdisatt, bevart, restaurert og bærekraftig brukt på
en måte som vedlikeholder økosystemtjenester, opprettholder en sunn
planet, og gir livsviktige goder til alle menneske.»
Delmål 11 for å oppnå dette var
at minst 17 prosent av land og areal med ferskvatn skulle vere verna
med eit representativt utval og samanhengande økosystem innan 2020.
Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for
naturmangfold, vart lagd fram og vedteken som ein strategi for å
oppnå Aichi-måla. Som ein del av dette vedtok Stortinget at 10 prosent
av norsk skog skulle vernast. Dette prosentmålet var utleitt av skogvernevalueringsrapporten
i 2002. I utgreiingsprosessen påpeika Miljødirektoratet at det er
naudsynt med meir systematisk informasjonsinnhenting, planlegging
og meir stabile økonomiske rammer for å gjennomføre skogvernmålet.
Det vart ikkje sett nokon dato for når skogvernet skulle vere gjennomført,
eller vedteke nokon konkret plan eller strategi for å nå målet.
Naturtapet i verda er stadig betre dokumentert gjennom Det internasjonale
naturpanelet (IPBES) og fleire miljøorganisasjonar sitt arbeid.
Mykje av det biologiske mangfaldet finst i gamal naturskog, og det
hastar med å få lagt ein strategi for å få gjennomført målet.
Det har vore stor
oppslutnad om det friviljuge skogvernet, og Miljødirektoratet er
med og vurderer og prioriterer dei innmelde områda for vern og sorterer
dei i A-, B- og C-lokalitetar alt etter kva verneverdiar som er
i områda som er melde inn som aktuelle for vern. Det tek 3–4 år
før eit område er ferdig klassifisert og avtale er signert med skogeigar,
men på grunn av underfinansiering av ordninga vil det ta mange tiår
før målet om 10 prosent vern av skog i Noreg er nådd.
Halvparten av dei
raudlista artane i Noreg har sin levestad i skog, og ifølgje Naturindeks
har norske skogøkosystem ein økologisk tilstand betydeleg under
ønskt nivå. Med tanke på biologisk mangfald er det derfor også viktig
korleis dei 90 prosentane av skogareala som ikkje blir verna, blir
forvalta framover. Mange skogeigarar ynskjer også å drive betre
forsiktig stell av skogen.
Skogbruket si MiS-registrering
skal sikre at skog som er aktuell for hogst, skal miljøregistrerast,
men det syner seg ofte at desse registreringane ikkje held god nok
kvalitet. Sidan skog som ikkje er registrert i MiS, i stor grad
kan hoggast utan restriksjonar, og tømmeret kan leverast som miljøsertifisert
tømmer, kan det på grunn av denne underregistreringa vere så mykje
som ein firedel av «verneverdig skog» som er frigitt for hogst, som
ikkje burde vere det. Dette er område som etter registreringsmetodikken
har eit stort potensial for raudlista artar. Fagbiologiske registreringar
i område som også er registrerte av skognæringa, viser at MiS-registreringa
som næringa gjennomfører, ofte har fanga opp berre ein liten del
av dei biologisk mest verdfulle områda, jamfør Biofokus–rapport
2019-11 om sviktande kunnskapsgrunnlag i skog.
Manglande registreringar
har fylgjande konsekvensar:
Skogeigarane, som
betaler for registreringane, får ikkje det dei har betalt for, og
difor er dei heller ikkje i stand til å oppfylle kunnskapskravet
i § 4 i skogbrukslova:
«Skogeigaren skal
ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog, og ta omsyn til dei
ved gjennomføring av alle tiltak i skogen.»
Utan kunnskap om
naturverdiane er det ikkje mogleg for skogeigaren å tilby og få
godkjent verdfull skog i friviljug vern-ordninga.
Utan skikkeleg kunnskap
om miljøverdiane er det sviktande grunnlag for miljøsertifisering
av tømmer og tømmerprodukt.
Forbrukarane blir
feilinformerte og kan ikkje ta berekraftige val, fordi kunnskap
om naturverdiane er ein føresetnad for berekraftig skogbruk.
For dårlege registreringar
undergrev tilliten til systemet og sett skogindustrien i fare, fordi
god naturregistrering er ein føresetnad for sertifisering og eksport.
Manglande eller dårleg
registrering fører til at verneverdig gamal naturskog kan snauhoggast
utan at samfunnet er merksame på det.
Svært mange uerstattelege
naturskogar med stort biologisk mangfald har vorte hogde dei siste
20 åra som fylgje av underregistreringa.
Det trengst
ein grundig gjennomgang av skogforvaltninga og praksisen. Denne
må omfatte:
Næringsuavhengige,
fagbiologiske registreringar av all skog eldre enn 100 år, som med
stort sannsyn har naturskogkvalitetar.
Moratorium for flatehogst
i dei attverande naturskogane og skog som aldri før har vore flatehogd, inntil
vedteken skogvernprosess er avslutta.
Innføring av søknadsplikt
for flatehogst, slik at hogsten kan vurderast etter naturmangfaldlova
kapittel II, og slik at plan- og bygningslova sine krav til konsekvensanalysar
for omfattande inngrep kan bli oppfylte.
Ei grundig utgreiing
av skognæringa sin påverknad på klimagassutslepp og naturmangfald,
og mogelege alternative driftsformer.
Fleire
forskingsmiljø er urolege for konsekvensane av dagens skogforvaltningspraksis.
Det er difor sett i gang eit større forskingsarbeid, ECOREAL, for
å finne ut av problemet med tap av biologisk mangfald i skog, og kva
som må gjerast. Dette prosjektet involverer både Norsk institutt
for naturforsking (NINA), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
(NMBU) og Fridtjof Nansens institutt. Desse er i ferd med å undersøke
dei samfunnsmessige barrierane som gjer det vanskeleg å forvalte
skogen i Noreg ut frå heilskaplege økologiske prinsipp. Men med
grunnlag i den kunnskapen ein allereie har, er det viktig å kome
i gang med ei meir berekraftig skogforvaltning så snart som råd.
Forslag
På denne bakgrunnen
blir det fremma følgjande:
forslag:
Stortinget ber regjeringa
gjennomføre tiltak som sikrar næringsuavhengige, fagbiologiske registreringar
av all naturskog og skog i Noreg som er eldre enn 100 år.
Stortinget ber regjeringa
innføre hogstmoratorium for flatehogst i dei attverande naturskogane
og i skog som aldri før har vore flatehogd, inntil skogvernmålet
er nådd.
Stortinget ber regjeringa
fremme forslag om nødvendige lovendringar og endre forskrifter for
å innføre søknadsplikt for all flatehogst, slik at denne kan vurderast
etter naturmangfaldlova kapittel II om biologiske verneverdiar.
Stortinget ber regjeringa
snarast ta initiativ til ei større offentleg utgreiing med mål om
å meisle ut ei ny, berekraftig skogforvaltning bygd på ny kunnskap
om klimagassutslepp, biologisk mangfald og alternative avverkingsmetodar.
Forslagsstillere for saken
Partier og representanter som har lagt frem selve saken.
Representanter:
-
Birgit Oline Kjerstad (Sosialistisk Venstreparti)
-
Hilde Marie Gaebpie Danielsen (Sosialistisk Venstreparti)
Voteringer i saken
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering ID: 20304
Forslag nr. 13 fra Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
iverksette tiltak for å verne produktiv skog, med mål om 7 pst.
innen 2025 og 10 pst. innen 2030.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering ID: 20305
Forslag nr. 10 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
innføre moratorium for flatehogst i dei attverande naturskogane
og i skog som aldri før har vore flatehogd, inntil skogvernmålet
er nådd.
Forslag nr. 11 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
gjennomføre tiltak som sikrar næringsuavhengige, fagbiologiske registreringar av
all naturskog og skog i Noreg eldre enn 100 år.
Forslag nr. 12 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
kartlegge skog som fungerer som viktig beskyttelse mot ras, flom
og skred.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering ID: 20306
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
stanse alle subsidier som går til hogst i bratt terreng og til skogsbilveier
inn i områder som ikke har vært flatehogd tidligere.
Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
legge frem forslag om nødvendige lovendringar og endra forskrifter
for å innføre søknadsplikt for all flatehogst, slik at denne kan
vurderast etter naturmangfoldloven kapittel II om biologiske verneverdiar.
Forslag nr. 4 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
snarast ta initiativ til ei større offentleg utgreiing med mål om
å meisle ut ei ny berekraftig skogforvaltning bygd på ny kunnskap
om klimagassutslepp, biologisk mangfald og alternative avverkingsmetodar.
Forslag nr. 5 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
endre § 5 første ledd i forskrift om berekraftig skogbruk slik at
den får et praktisk og juridisk innhold som medfører at brudd på
miljøkravene i forskriften vil kunne medføre sanksjoner.
Forslag nr. 6 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
endre dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av
viktige naturverdier i norsk skog, og innføre tiltak som sikrer
at miljøregistreringen foretas av uavhengige fagpersoner.
Forslag nr. 7 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
innføre meldeplikt for all hogst i gammel naturskog som ikke har
vært flatehogd tidligere.
Forslag nr. 8 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 legge fram en opptrappingsplan
for finansiering av skogvern for å nå målet om 10 pst. skogvern
innen 2030.
Forslag nr. 9 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
gjennomføre en kartlegging av den eldste skogen, slik at vi kan
sikre god forvaltning av denne.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering ID: 20307
Forslag nr. 1 fra Høyre, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringen
gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll
av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre
at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen
har tilstrekkelig kvalitet.
Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering ID: 20308
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:40 S
(2022–2023) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit
Oline Kjerstad og Hilde Marie Gaebpie Danielsen om ein ny skogpolitikk
– vedtas ikke.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti