Representantforslag om ny handsaming av søknaden til kvinner frå Iran som har fått avslag om opphald i Norge
Kommunal- og forvaltningskomiteen
Sammendrag
Vedtak:
Stortinget har handsama eit forslag frå fleire parti om ny handsaming av søknaden til kvinner frå Iran som har fått avslag om opphald i Norge, jf. Innst. 251 S (2022-2023). Representantforslaget blei ikkje vedteke.
Dokumenttekst
Representantforslag om ny handsaming av søknaden til kvinner frå Iran som har fått avslag om opphald i Norge
Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk.
Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2022-2023/dok8-202223-058s/
Bakgrunn
På norske asylmottak
lever det 23 kvinner frå Iran som har fått avslag på søknaden sin
om vern.
Det er også fleire
kvinner som ikkje opphalder seg i mottak, som er i same situasjon.
Nokon har søkt vern i Noreg fordi
dei har vore aktive motstandarar av det iranske regimet, andre fordi
dei har rømd frå tvangsekteskap eller andre «moralforbrytingar»
i Iran.
Drapet på Jina (Masha)
Amini og etterfølgande landsomfattande demonstrasjonar har sett
den iranske menneskerettssituasjonen generelt og rettane til kvinner
spesielt på dagsorden. Drapet på Amini var ikkje eit eingongstilfelle,
men tvert imot eit symptom på ei strukturell undertrykking av kvinner
i Iran. Amini vart drepen av moralpolitiet i Iran fordi dei meinte
at ho ikkje bar hovudplagget sitt rett i det offentlege rommet. Moralpolitiet
er oppretta for å passe på at kvinner ter seg akkurat slik regimet
vil, og dei følgjer med på kvart eit skritt og ord i det offentlege
rommet. Det er farleg å vere kvinne i Iran om ein trosser påboda
til regimet, om man er imot regimet eller på anna måte markerer
rettane til kvinner.
Tusenvis av kvinner
og menn rundt om i heile landet har tatt til gatene i protest mot
eit regime som systematisk undertrykker kvinner. Protestane er møtte
med hard hand. Demonstrantar er arresterte, torturerte og drepne.
Det er farleg å ytre seg i Iran.
23 iranske kvinner
har søkt om vern i Noreg fordi dei har handla slik at moralpolitiet
kan ta dei, eller fordi dei har ytra seg kritisk til regimet. Utlendingsstyresmaktene
meiner det er trygt å returnere desse til Iran. Sjølv fryktar dei
for sitt liv og har klaga på avslaga. Enkelte har levd lenge på
eit eksistensminimum i norske asylmottak utan grunnleggande rettar.
Fleire av dei har levd slik i over 10 år.
I 2015 var det ei
større gruppe iranarar som søkte asyl i Noreg. Den gong la Utlendingsdirektoratet
(UDI) til grunn at
«personer som antas
å ha et beskyttelsesbehov er personer fra alle grupperinger og leire
som ytrer seg på en måte som ikke tolereres av den konservative
makteliten, frontfigurer og organisatorer i demonstrasjoner, ordinære
demonstranter som kan sannsynliggjøre at de er ettersøkt av myndighetene,
kvinneaktivister, konvertitter i utsatte posisjoner, samt kvinner
som risikerer kjønnsbasert forfølgelse.»
Dei brutale handlingane
de siste vekene tyder på at UDI har rett og at situasjonen langt
ifrå har betra seg.
Forslag
På denne bakgrunnen
blir det fremma følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
sikre ny handsaming av søknadene om opphaldsløyve til dei 23 kvinnene
frå Iran som lever på norske asylmottak og har fått avslag.
Forslagsstillere for saken
Partier og representanter som har lagt frem selve saken.
Representanter:
Voteringer i saken
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering ID: 20449
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Dokument 8:58 S (2022–2023)
– Representantforslag frå stortingsrepresentantane Olaug Vervik
Bollestad, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Seher Aydar, Lan Marie Nguyen
Berg, Irene Ojala og Grete Wold om ny handsaming av søknaden til
kvinner frå Iran som har fått avslag om opphald i Norge – vedtas
ikke.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering ID: 20450
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
sikre ny handsaming av søknadene om opphaldsløyve til dei 23 kvinnene
frå Iran som lever på norske asylmottak og har fått avslag.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti