Representantforslag om ansvar for statlig bygde bruer

Behandlet 27.05.2025 Sak 103080 behandlet dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no
Transport- og kommunikasjonskomiteen
Voteringer
3
Tagger
1
Status
behandlet

Tagger på saken

Felles tagger for saken. Uten votering vises hovedsak-tagger. Med votering speiler disse taggene på voteringene.

Dokumenttekst

Representantforslag om ansvar for statlig bygde bruer Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2024-2025/dok8-202425-219s/ Bakgrunn Etter kvart som veg og bane i Noreg vart bygd ut, har Statens vegvesen og Bane Nor, og deira forløparar, heilt tilbake til 1800-talet og fram til i dag bygd ei rekke bruer over vegar og baner som staten har ansvar for. Mange av desse konstruksjonane er relativt enkle (gang-/sykkelbruer), men ein del av dei er bruer der det går kommunale vegar, og der vedlikehaldet over tid kan koste store beløp. Mange kommunar manglar også kompetanse til å kunne vedlikehalde t.d. ei jernbanebru. Det har i seinare tid vore uklart og usemje om kven som har ansvaret for å vedlikehalde desse konstruksjonane. Forslagsstillarane vart merksame på problemstillinga etter at Råde kommune tok kontakt tidlegare i vinter. Staten bygde ei jernbanebru der på 1800-talet, Burum bru, som kommunen syner til at dei ikkje har inngått nokon avtale om å ta over. Like fullt hevdar Bane Nor og Samferdselsdepartementet at brua er kommunen sitt ansvar. Brua har vore stengd det siste året, som følge av manglande vedlikehald og den uavklarte situasjonen knytt til ansvar. Bane Nor har samstundes sagt at dei tek ansvar for vedlikehald der det er privat veg som kryssar statleg veg og bane. Då E6 vart bygd ut til firefeltsveg gjennom Østfold, vart det av staten bygd ei rekke bruer over vegen. Gjennom Råde er det fleire bruer. Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet meiner at også desse bruene er kommunen sitt ansvar å vedlikehalde. Staten har fram til i dag stått for vedlikehald av desse bruene, noko som Samferdselsdepartementet meiner er ein feil praksis som dei no vil rette opp i. Dette kan påføre både Råde kommune og ei rekke kommunar landet rundt store ekstrakostnader og ansvar. Forslagsstillarane meiner dagens praksis bør vidareførast, slik at kommunar og fylkeskommunar ikkje vert påførte store ekstrakostnader og ansvar. Vegdirektoratet sende 13. september 2024 på oppdrag frå Samferdselsdepartementet på høyring forslag til forskrifter om ansvarsforhold m.m. når offentlege vegar kryssar kvarandre i same plan eller ved overgangsbru eller vegundergang. Ifølge Byggeindustrien 5. desember 2024 skal det vere snakk om 400 bruer som er omfatta av forskrifta. Ein del av desse bruene vert ivareteke av kommunar og fylke i dag, men ei rekke bruer vil, dersom forslaget i høyringsdokumentet vert gjennomført, verte overførte frå Statens vegvesen til kommunen eller fylket. Samferdselsministeren skriv i svar på skriftleg spørsmål 21. februar 2025 (Dokument 15:1252 (2024–2025)): «Per i dag finst det ikkje tilstrekkeleg underlagsmateriale for å kunne berekne vedlikehaldsetterslepet på den enkelte bru» som forskrifta får verknad for. I dette svaret ligg det ei oversikt over alle bruer som forskrifta gjeld, og kva for nokre av desse som Statens vegvesen i dag har vedlikehaldsansvaret for. Forslag På denne bakgrunnen vert det fremma følgande forslag: Stortinget ber regjeringa sørge for ein praksis der staten fortsatt skal ha vedlikeholdsansvar for bruer som staten har bygd, sjølv om det er kommunale vegar eller fylkesvegar på kvar side av brua.

Forslagsstillere for saken

Partier og representanter som har lagt frem selve saken.

Senterpartiet
Representanter:

Voteringer i saken

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Forkastet

FOR
47
MOT
54
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Votering ID: 26082
Forslag nr. 1 fra Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som belyser konsekvensen av å overføre vedlikeholdsansvaret for statlig bygde bruer tilbake til Statens vegvesen. Kostnader, grensesnitt, praktiskhåndtering samt oversikt over antall broer må fremkomme. Stortinget må få oversendt saken i god tid før en eventuell forskrift foreligger.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Vedtatt

FOR
65
MOT
36
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Votering ID: 26083
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:219 S (2024–2025) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sigbjørn Gjelsvik, Else Marie Rødby, Sandra Borch, Trine Fagervik, Åslaug Sem-Jakobsen, Kathrine Kleveland og Kjerstin Wøyen Funderud om ansvar for statlig bygde bruer – vedtas ikke.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 3 – Forkastet

FOR
36
MOT
65
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
68
Votering ID: 26084
Forslag nr. 2 fra Senterpartiet, Fremskrittspartiet
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa sørge for ein praksis der staten fortsatt skal ha vedlikeholdsansvar for bruer som staten har bygd, sjølv om det er kommunale vegar eller fylkesvegar på kvar side av brua.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti