Sammendrag
Vedtak:
Stortinget har behandlet et forslag fra representanter fra FrP om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset. Et enstemmig Storting vedtok å be regjeringen sikre at det raskt blir utarbeidet en plan for drenering av høyrisikoområdet for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.
Dokumenttekst
Bakgrunn
Dei fleste har nok
sett filmen «Bølgen», som omhandlar eit mogleg fjellskred frå området
Åkneset i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Noregs vassdrags- og
energidirektorat (NVE) har tidlegare kartlagt område i Noreg med
fare for store fjellskred, og kategorisert dei ulike fjellskredområda.
Åkneset er eit av fleire høgrisiko fjellskredområde her i landet
der det vil få katastrofale følger når eit ras ein gong går ut i
Storfjorden.
Kommunane i Storfjordområdet
har ilag med NVE bygd opp eit av dei beste systema for overvaking
og beredskap i verda, med varsling av befolkninga og beredskapssenteret
til NVE på Stranda, som har overvaking av fjellskredområdet døgnet
rundt. Det har sidan 2003 blitt etablert omfattande måleinstrument
i Åkneset, som viser store bevegelsar i eit fjellparti på om lag
54 mill. kubikkmeter. Utstyret som er etablert, er av det beste
i verda, og fleire hundre mill. kroner er så langt brukt til det som
sannsynlegvis er av dei best overvaka fjellpartia i verda.
Det er etablert omfattande
varsling av befolkninga med områdevarsling via UMS på mobil og telefon,
samt tyfonar som er utplasserte i heile Storfjordområdet. Systemet
blir brukt til øvingar kvart år og er per i dag av dei beste i Noreg.
Det er og etablert eiga forskrift i TEK 17 som fastslår at folk
kan bu og leve i område der tryggleiken er tilfredsstillande med
varslingstid på 72 timar til innbyggjarane.
Enorme verdiar vil gå tapt når Åkneset rasar
ut. Det er ikkje snakk om «om raset går», men når.
Eit stort fjellskred
på ca. 54 mill. kubikkmeter er lagt inn som ei av dei potensielt
mest alvorlege katastrofehendingane i Noreg i den årlege rapporten
Analyse av krisescenarioer. I rapporten er eit stort fjellskred
frå Åkneset grundig evaluert, der konsekvensane av eit ras er svært
store. Fjellpartiet Åkneset er styrt av mange ulike mekanismar i
fjellet, der vassnivået og vasstrykket er ein betydeleg drivar for
rørslene i fjellpartiet. Kvar haust og vår med store nedbørsmengder
aukar rørslene i fjellskredområdet betydeleg.
Det er blant anna
i Canada gjennomført forsøk med drenering av vassystema i liknande
fjellskredområde, der ein har fått bremsa bevegelsane og utviklinga
i skredområda, noko som er av svært stor samfunns- og beredskapsmessig
betydning. NVE held no på med kartlegging og undersøkingar av moglegheita
for drenering av Åkneset, og informasjonen kring dette frå NVE er svært
lovande. Kostnadane ved ei slik drenering er antyda å kunne bli
fleire hundre mill. kroner, men sett opp imot dei samfunnsmessige
øydeleggingane eit ras frå Åkneset vil gjere, blir dette som «blåbær»
å rekne.
I Analyse av krisescenarioer
er det anslag på mange titals mrd. kroner i øydeleggingar etter
eit stort fjellskred frå Åkneset, samt at meir enn 3 000 innbyggjarar vil
bli heimlause. Det er derfor av svært stor samfunnsnytte at NVE
blir gjort i stand til å kunne gjennomføre drenering av fjellskredområdet
ved Åkneset, og at regjeringa kjem attende til Stortinget med sak
og plan for dette, samt for nødvendig framdrift og finansiering.
Avbøtande tiltak for å redusere skadeomfang, men også senke risikoen
for tap av menneskeliv, må vere ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa
og Stortinget.
Forslag
På denne bakgrunnen
blir det fremma følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa
kome attende med ein plan for drenering av høgrisikoområdet for
store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.
Stortinget viser
til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa
følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering
av fjellskredområdet ved Åkneset.
Stortinget ber regjeringa
sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei nødvendige
midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av fjellskredområdet
ved Åkneset, kan gjennomførast.

Forslagsstillere for saken
Partier og representanter som har lagt frem selve saken.
Representanter:
Voteringer i saken
Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.
Votering ID: 18002
Forslag nr. 1 fra Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Kristeleg Folkeparti
Vis forslagstekst
Stortinget viser
til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa
følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering
av fjellskredområdet ved Åkneset.
Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.
Voteringsresultat per parti
Votering ID: 18003
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst
Stortinget ber regjeringa
sikre at det raskt vert utarbeidd ein plan for drenering av høgrisikoområdet
for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.
Tagger på denne voteringen:
Ingen tagger