Hopp til innholdet

Representantforslag om full revisjon av Røldal-Suldal kraftanlegg

Registrert hos Stortinget 12.01.2023 Votert 31.01.2023 Sak 89637 Forkastet Representantforslag
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Slik stemte Stortinget

Tilrådingen vedtatt

Komiteens tilråding

Dokument 8:260 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om full revisjon av Røldal–Suldal kraftanlegg – blir ikkje vedteke.

79 stemte for
18 stemte mot

Stemte for tilrådingen 5 partier

Stemte mot tilrådingen 3 partier

Delt – representantene stemte ulikt for–mot

Rødts egne forslag falt i 2 voteringer (jevnest 18 mot 79).

Voteringen over komiteens tilråding. Saken hadde 4 voteringer. Se alle voteringene

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har behandlet et representantforslag om full revisjon av Røldal-Suldal kraftanlegg. Forslaget ble ikke vedtatt.

Stortingets egen oppsummering av vedtaket.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Forkastet

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Forslag nr. 2 fra SV, Rødt, MDG, og 3 forslag til – Forkastet

FOR
15
MOT
83
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
71

For: R, SV, MDG. Mot: Ap, Sp, V, KrF, H, FrP.

Votering 1 av 4 · 31.01.2023 kl. 15:02 · Stortingets voterings-ID 20119
Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa fremje forslag til endringar i vannressursloven og vassdragsreguleringsloven som betrar lokalsamfunn og grunneigarar sine legitime interesser ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.

Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd med vertskommunane Ullensvang og Suldal sine krav.

Forslag nr. 4 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal kraftanlegg blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra i Ullensvang og Suldal.

Forslag nr. 5 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.

Tagger på denne voteringen:
Voteringen er ikke knyttet til noen tagg. Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Forslag nr. 6 fra SV – Forkastet

FOR
19
MOT
80
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
70

For: R, SV, MDG, V. Mot: Ap, Sp, KrF, H, FrP.

Votering 2 av 4 · 31.01.2023 kl. 15:02 · Stortingets voterings-ID 20120
Forslag nr. 6 fra Birgit Oline Kjerstad på vegne av Sosialistisk Venstreparti
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa syte for samordning av revisjonen for Røldal-Suldal kraft og Ulla-Førre anlegga. Spesielt med omsyn til om det finst synergier som gir rom for tilbakeføring og restaurering av natur i Røldal og Valldalen.

Tagger på denne voteringen:
Bevaring av naturområder En stemme for teller som støtte til «Bevaring av naturområder».
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Komiteens tilråding – Vedtatt

FOR
79
MOT
18
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
72

For: Ap, Sp, KrF, H, FrP. Mot: R, SV, MDG. Delt: V (1 for, 3 mot).

Votering 3 av 4 · 31.01.2023 kl. 15:03 · Stortingets voterings-ID 20121
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:260 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om full revisjon av Røldal–Suldal kraftanlegg – blir ikkje vedteke.

Tagger på denne voteringen:
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Forslag nr. 1 fra SV, Rødt, Venstre, MDG – Forkastet

FOR
18
MOT
79
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
72

For: R, SV, MDG. Mot: Ap, Sp, KrF, H, FrP. Delt: V (3 for, 1 mot).

Votering 4 av 4 · 31.01.2023 kl. 15:03 · Stortingets voterings-ID 20122
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra for Røldal–Suldal-anlegget blir reviderte.

Tagger på denne voteringen:
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Rødt
Representanter:

Politiske tagger

Emnene voteringene i saken er merket med. Hver tagg lenker til en side som viser hvordan partiene har stemt i sakene med samme tagg.

Bevaring av naturområder Klima og miljø

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Representantforslag 260 S (2021–2022)

Datert 2. juni 2022

Original på stortinget.no

Representantforslag frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om full revisjon av Røldal-Suldal kraftanlegg

Forslagene

  • Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når Røldal-Suldal-konsesjonane blir reviderte.

  • Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal-Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn.

  • Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for vasskraftanlegget blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyret i Ullensvang.

  • Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye kompensasjonsvilkåra for vertskommunane og grunneigarane for Røldal-Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadane og lovnadane gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn I 1962 vedtok Stortinget utbygging av Røldal-Suldal kraftanlegg for å sikre nok kraft til industriutvikling på Vestlandet. Stortingsvedtaket bygde på at konsesjonstida berre …

I 1962 vedtok Stortinget utbygging av Røldal-Suldal kraftanlegg for å sikre nok kraft til industriutvikling på Vestlandet. Stortingsvedtaket bygde på at konsesjonstida berre gjaldt i 60 år, fram til utgangen av 2022. Då skulle heile anlegget falle tilbake til staten, og vertskommunane skulle få inntil éin tredjedel av kraftverdien, jamfør heimfallslova frå 1909.

Som kjent blei denne delen av heimfallsinstituttet underkjend i ein dom frå EFTAS overvakingsorgan (ESA). Diverre valde dei raud-grøne regjeringspartia og resten av Stortinget å tilpasse lovverket til denne dommen i 2008, i staden for å stå opp for det offentlege eigarskapet og tidlegare konsesjonsvilkår som hadde vore lovfesta i nesten hundre år.

No står innbyggarane og grunneigarane i vertskommunane Ullensvang (som Røldal er ein del av) og Suldal igjen med lite anna enn omfattande øydelagd natur, med tørrlegging av elver, neddemming av stølsdalen Valldalen, øydelagde transportvegar og ingen regulering av minstevassføring og vassnivået i magasina.

Med utholing av heimfallet blei det mogleg for Hydro og Lyse å gjennomføre ein fusjon i 2020 med ein ny, evigvarande konsesjon, heilt i strid med konsesjonsvilkåra for den store kraftutbygginga i Røldal-Suldal som Stortinget vedtok i 1962.

Ordførarane i vertskommunane Ullensvang og Suldal har karakterisert dette som eit ran, der vertskommunane vil tape framtidige inntekter på fleire hundre millionar kroner årleg til evig tid. Kommunane og grunneigarane risikerer no å sitje att med lite eller ingenting om ikkje styresmaktene syter for rettvise kompenasjonsordningar og dei aller strengaste krava til miljørevisjon av heile anlegget.

Stortinget handsama saka i 2021, jf. Dokument 8:82 S (2020–2021) og Innst. 222 S (2020–2021). Fleirtalet vedtok følgjande:

«I

Stortinget ber regjeringa om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa tid.

II

Stortinget ber regjeringa sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.»

Strengare forslag frå fleire parti blei røysta ned i Stortinget i februar 2021. Forslagsstillaren syner til at det no er eit nytt fleirtal på Stortinget, og at delar av dette nye fleirtalet ville gå lenger i å stanse ranet av innbyggarane i Ullensvang og Suldal under handsaminga i Stortinget i februar 2021.

No er miljørevisjonane av anlegget i gong. Kommunestyret i Ullensvang har stilt ei rekke krav til regjeringa og Stortinget for å sikre at intensjonen i vedtaket frå 1962 blir gjennomført, og at strenge, moderne natur- og miljøkrav blir tatt omsyn til.

Innst. 150 S (2022–2023)

Avgitt 12. januar 2023 Gjelder Dokument 8:260 S (2021–2022)

Original på stortinget.no

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om full revisjon av Røldal–Suldal kraftanlegg

Tilråding frå komiteen

Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.

Dokument 8:260 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om full revisjon av Røldal–Suldal kraftanlegg – blir ikkje vedteke.

Forslag fra mindretall

Forslag som bare et mindretall i komiteen sto bak.

Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne

  1. Forslag 1

    Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra for Røldal–Suldal-anlegget blir reviderte.

Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne

  1. Forslag 2

    Stortinget ber regjeringa fremje forslag til endringar i vannressursloven og vassdragsreguleringsloven som betrar lokalsamfunn og grunneigarar sine legitime interesser ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.

  2. Forslag 3

    Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd med vertskommunane Ullensvang og Suldal sine krav.

  3. Forslag 4

    Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal kraftanlegg blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra i Ullensvang og Suldal.

  4. Forslag 5

    Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.

Hele dokumentet 2 kapitler
Bakgrunn I dokumentet blir følgjande forslag fremja:

I dokumentet blir følgjande forslag fremja:

  • Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når Røldal–Suldal-konsesjonane blir reviderte.

  • Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn.

  • Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for vasskraftanlegget blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyret i Ullensvang.

  • Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye kompensasjonsvilkåra for vertskommunane og grunneigarane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadane og lovnadane gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.»

Ein viser til dokumentet for nærare omtale av forslaga.

Merknader frå komiteen Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, leiaren Marianne Sivertsen Næss og Hadia Tajik, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bård …

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, leiaren Marianne Sivertsen Næss og Hadia Tajik, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bård Ludvig Thorheim, Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Senterpartiet, Siv Mossleth, Ole André Myhrvold og Gro-Anita Mykjåland, frå Framstegspartiet, Terje Halleland og Marius Arion Nilsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad, frå Raudt, Sofie Marhaug, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Signe Bakke Sølberg, og frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til at representantforslag om Røldal og Suldal kraftanlegg også vart handsama av Stortinget i 2021. Komiteen viser til Dokument 8:82 S (2020–2021), jf. Innst. 222 S (2021–2022), med votering 23. februar 2021.

Komiteen viser til Prop. 1 S (2021–2022), der det blir gjort greie for korleis dei to vedtaka gjorde i handsaminga av Dokument 8:82 S (2020–2021) er fylgde opp. Konsesjon og omgjering av konsesjonsvilkår for Røldal–Suldal vart avgjorde ved kongeleg resolusjon 11. juni 2021, med grunnlag i gjeldande lovverk. Same dag sende Olje- og energidepartementet (OED) brev til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), der departementet ber NVE opne revisjonssak. Komiteen viser til svarbrev frå olje- og energiminister Terje Aasland datert 12. september 2022, der han opplyser at vilkårsrevisjon for Røldal–Suldal Kraft (RSK) vart opna 17. mars 2022, og at det vart halde oppstartsmøte av revisjonen 23. mai 2022 der NVE, Landssamanslutninga for Vasskraftkommunar (LVK), berørte kommunar og Lyse Kraft DA deltok. Vurderinga av om det er særskilt grunnlag for å opprette næringsfond eller andre økonomiske vilkår i samband med denne konsesjonen, skal gjerast av konsesjonsstyresmaktene i samband med den pågåande revisjonen.

Komiteen har gjennomført ei skriftleg høyring, og det er motteke 48 høyringsinnspel – Nokre frå miljøorganisasjonar, men dei fleste frå grunneigarar og folk som bur eller har tilknyting til området. Ein god del av innspela handlar om tilhøve som det er opp til forvaltninga å avklare i den pågåande revisjonsprosessen.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti registrerer at mange av dei innsende høyringssvara inneheld sterke personlege historier som skildrar kor store menneskelege og miljømessige konsekvensar neddemminga av Valldalen, reguleringa av Røldalsvatnet og Votna og tørrlegginga av Novlefossen har hatt for natur, næringsliv, kultur, livskvalitet og identitet. Dette gjeld særleg i fjellbygda Røldal, som i si tid var vidkjend for Røldalsosten. Det er tydeleg at dette har vore eit traume som sjølv etter 60 år pregar folk sterkt, også dei som er fødde etter kraftutbygginga. Lokalsamfunnet har levd i trua på at det skulle bli ein sjanse til å få retta opp urett når tida for fornying og heimfall skulle skje. Mykje av det som er skildra, er knytt til det ein reknar som «allmenne interesser» slik som tilkomst til fjellområda, vatna, liene og inngangsporten til Hardangervidda – Areala som ligg over det kunstige oppdemte vatnet i Valldalen. Å kunne bruke dei attståande områda som før, slik som var lova den gongen, har ifylgje høyringssvara ikkje vore mogleg i praksis, verken sommar eller vinter. Desse medlemene legg til grunn at det er skapt enorme økonomiske verdiar for samfunnet i form av kraftproduksjon i Røldal-Suldal-anlegget, medan lokalsamfunnet har sete att med tapet og traumet som vart påført ved staten sine vedtak om konsesjon i 1962. Høyringsinnspela forsterkar desse medlemene sitt inntrykk av at dette er ei spesiell sak mellom dei mange konsesjonssakene som står føre revisjon i åra som kjem.

Komiteen viser til at utbyggingen på 1960-talet var et av Norges største vannkraftanlegg og representerer store verdier og inntekter til eierne, storsamfunnet og kommunene. Anleggene innebærer store naturinngrep som tørrlagt Novlefoss, neddemming av Valldal med 18 støler som hadde stor betydning for landbruksbygda Røldal, og at Røldalsvatnet midt i bygda ble reguleringsmagasin med inntil 17 meters reguleringshøyde. Neddemmingen i Valldalen og tørrlegging av fossefall har sammen med store reguleringshøyder påført dyrelivet og lokalbefolkningen en betydelig belastning gjennom tap av næringsgrunnlag, bruksmuligheter av utmark og friluftsliv, som de har båret på vegne av storsamfunnet. Innbyggerne i området lever fortsatt under konsekvensene av de betydelige naturinngrepene og behandlingen av grunneierrettigheter kraftutbyggingen førte med seg på 1960-tallet.

Norge vil i nær fremtid ha behov for store mengder ny fornybar kraft, og lokal aksept er i denne sammenheng svært viktig. Komiteen understreker at lokale erfaringer med eksisterende kraftproduksjon vil være sentralt for viljen til nye lokalsamfunn for å åpne for kraftproduksjon i sine nærområder. Det er derfor avgjørende i saker der det har vært betydelig lokal motstand mot dagens kraftproduksjon, at revisjonsprosessene tar hensyn til lokale bekymringer, som kan bidra til å styrke og gjenoppbygge den lokale legitimiteten til kraftproduksjonen.

Komiteen viser til Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer som fastslår at det må foreligge helt spesielle hensyn før det kan være aktuelt å pålegge næringsfond og andre økonomiske vilkår i revisjonssaker, og merker seg at det som ledd i en alminnelig vilkårsrevisjon er konsesjonsmyndighetene som på faglig grunnlag skal vurdere om det er spesielle forhold som kan tilsi at det blir fastsatt økonomiske vilkår knyttet til tiltaket. Byggingen av Røldal–Suldal kraftanlegg innebar store naturinngrep som har hatt en betydelig påvirkning på lokalbefolkningen. Den belastningen lokalsamfunnet opplever, har kommet tydelig frem i høringssvarene. Komiteen mener det er riktig at opprettelse av næringsfond skal vurderes i den pågående revisjonssaken for Røldal–Suldal, og understreker viktigheten av en god prosess som kan motvirke mange av de negative effektene for lokalsamfunnene. Det er oppfatningen til komiteen at det i Røldal–Suldal-saken finnes spesielle hensyn behandlingen av revisjonssaken må ivareta, i tråd med føringene fra Stortingets anmodningsvedtak i forbindelse med behandlingen av Dokument 8:82 S (2020–2021), jf. Innst. 222 S (2020–2021).

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet, ønsker å påpeke at Stortinget ikke skal drive saksbehandling, og at regjeringen er ansvarlig for at dagens lovverk følges opp i tråd med lovgivers intensjon. 23. mai 2022 ble det gjennomført et oppstartsmøte mellom Norges vassdrags- og energidirektorat, berørte kommuner, Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar og Lyse Kraft DA, der aktørene fant en omforent løsning på veien videre for revisjonsprosessen. Flertallet forutsetter at regjeringen sørger for en god videre prosess som tar hensyn til lokalsamfunnenes bekymringer og finner gode omforente løsninger som kan dempe konfliktnivået lokalt.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne viser til tidlegare handsaming av saka og merknadane til Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, og Miljøpartiet Dei Grøne i Innst. 222 S (2020–2021). I innstillinga er det gjort grundig greie for saka og historia knytt til prosessen med krav om revisjon av konsesjonsvilkåra. Både Ullensvang og Suldal kommune har engasjert seg og arbeidd for ei modernisering av den 60 år gamle konsesjonen som skulle gå ut i 2022. Det er også vist til at i Olje- og energidepartementet i sine lovtekniske oppdateringar av vassdragsreguleringslova og industrikonsesjonslova i 2017 sa at

«[F]or konsesjoner som ikke har vilkår om revisjon bør det, samtidig med omgjøring av vilkår om varighet, også settes vilkår om revisjon. Revisjonstidspunktet bør settes som om den opprinnelige konsesjonen ble gitt tidsubegrenset. Er dette tidspunktet passert bør revisjonstidspunktet settes til tidspunktet for omgjøringsvedtaket.»

I innstillinga er det også vist til ein høyringsuttale frå Hydro i samband med vassforvaltningsplanane i Rogaland, datert 31. desember 2014. Der ordlegg selskapet seg på ein måte som peikar fram mot ei mogleg fornying av konsesjonen, og det er ikkje rart om kommunane og lokalsamfunnet forventa at det skulle kome ein meir omfattande revisjon når konsesjonen skulle fornyast.

Desse medlemene meiner at det som kom fram i handsaminga av Røldal–Suldal-saka i 2021 og dei mange høyringsinnspela i samband med handsaminga no, gir god grunn for Stortinget til å forsterke kravet om at regjeringa bør gjennomføre ei grundig modernisering av konsesjonen og gjere det som kan gjerast for å gi ei meir rettferdig handsaming av lokalsamfunnet som har ofra så mykje for storsamfunnet og industrien. Det trengst ei modernisering av konsesjonsvilkåra der ny kunnskap om miljøkonsekvensar må ligge til grunn. Desse medlemene legg til grunn høyringssvara som syner at føresetnader for den gamle konsesjonen ikkje er godt nok innfridde frå konsesjonæren si side. Dette gjeld særleg trygg ferdsel og tilgang til dei beiteareala som er att, samt ferdsel på og langs vatna. Desse medlemene meiner at det er eit offentleg ansvar å sjå til og krevje at konsesjonæren får konkrete krav og at desse blir oppfylte. Det skal ikkje vere opp til velviljen til konsesjonæren kva som skal skje med dette. Desse medlemene får opplyst at konsesjonæren har halde møter der spørsmåla om rasfare og problem med ferdsel har vorte tekne opp mange gonger, men grunneigarlaget opplyser at lite har blitt gjort for å betre situasjonen. Dette har med grunnleggande menneskerettar å gjere og prinsippet i artikkel 17 om at ingen vilkårleg skal fråtakast sin eigedom. Avtalen var at lokalbefolkninga skulle kunne bruke restareala som før i Valldalen. I praksis har det vorte svært vanskeleg som fylgje av neddemminga fordi vegen er dårleg bygd og det stadig skjer erosjon i reguleringssona.

Den sørvestlege inngangsporten til Hardangervidda via Valldalen er ifylgje høyringsinnspela i praksis stengd for allmenn ferdsel store delar av året på grunn av rasfare og dårleg veg. Røde Kors Hjelpekorps ser til dømes dette som ei ulempe i samband med deira redningsteneste knytt til Hardangervidda vinterstid.

Desse medlemene viser dei gamle filmane og bileta frå området som syner at naturinngrepa og det kulturelle og økonomiske tapet som lokalsamfunnet vart påført då det vart gitt konsesjon, er spesielle og svært omfattande, og at dette er noko som regjeringa må legge vekt på i det oppstarta revisjonsarbeidet. Gardane i Røldal miste 75 pst. av grunnlaget for drift då Valldalen vart neddemd, og dette førte mellom anna indirekte til at bygdemeieriet vart nedlagt. Konsekvensane går langt ut over det reint materielle, noko som kjem tydeleg fram i dei mange høyringssvara som er komne inn i samband med komiteen si handsaming av saka.

Desse medlemene meiner det kviler eit stort moralsk ansvar på storting og regjering om å ikkje berre vareta dei økonomiske interessene til den som har konsesjon, men også lokalsamfunnet som har venta på denne revisjonen i over 60 år. Desse medlemene viser til statsråden sitt svar og «Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer», som slår fast at ein revisjon ikkje kan gå inn i og vurdere alle spørsmål i ein konsesjon, og at privatrettslege forhold ikkje er omfatta av ein revisjon, jf. Ot.prp. nr. 50 (1991–92). På grunnlag av høyringsuttalane og dei faktiske forholda i denne saka må ein spørje seg om dagens lovverk tek godt nok i vare lokalsamfunn og lokalbefolkninga sine interesser ved forlenging og omgjering til ein tidsuavgrensa konsesjon.

Desse medlemene vil peike på at det verkar urimeleg at lokalsamfunn som har ofra svært mykje for fellesskapen, har fått svekt sine juridiske rettar så mykje i lovendringar som kom i vassressurslova i 2017. I samtaler med grunneigarlaget i Røldal har det kome fram at det kom som ei overrasking på dei at retten til å få gjennomført nytt skjøn og vurdert erstatning for seinskadar er borte. Det er heller ikkje urimeleg at lokalsamfunnet oppfatta at skjønet som i si tid vart gjennomført i samband med konsesjonen, gjaldt kompensasjon for dei 60 åra konsesjonen varte, og at dette dermed er utilstrekkeleg og forelda med tanke på at konsesjonen no er omgjord til ein tidsuavgrensa konsesjon.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner det i lys av ein liberalisert europeisk kraftmarknad verkar urimeleg at lokalbefolkninga skal måtte ta risikoen med å fremje eit søksmål mot mektige ressurssterke konsesjonærar med store økonomiske musklar for å få gjennomført nytt skjøn. Medan grunneigarane har mista driftsgrunnlag, har motparten i dag store inntekter frå fallrettane som i si tid vart eksproprierte mot grunneigarar og lokalsamfunn sin vilje. Kraftproduksjonen representerer enorme økonomiske verdiar og er utan tvil kome storsamfunnet til nytte, men det er urettvist at lokalsamfunnet skal bli sitjande att med symbolske erstatningar vedtekne i det gamle skjønet, medan storsamfunnet og konsesjonærane tener grovt på naturinngrepa som det i si tid vart gitt løyve til. Menneskerettar og lokalsamfunnsomsyn er løfta fram som eit viktig tema i samband med IPBES sitt arbeid med naturavtalen. Denne saka i Røldal og Suldal er på mange måtar eit godt eksempel på korleis eit lokalsamfunn må bere ulempene medan andre får fordelane.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne meiner at tilliten mellom sentrale styresmakter og folk ute i landet er ein av dei viktigaste verdiane i det norske samfunnet. Difor er det viktig at staten tek ansvar for å gjere nødvendige endringar i lover og lovpraksis dersom desse er i strid med den alminnelege rettskjensla til folket. Med tanke på framtidige revisjonar og kraftutbyggingar er det difor desse medlemene sitt syn viktig å få gjort lovendringar som gir lokalbefolkninga høve til å få prøvd gamle skjøn om erstatningar i samband med forlenging av konsesjonar, utan å måtte ta risikoen med å gå til søksmål. Konsesjon vart i si tid gitt for 60 år, og det gamle skjønet gjaldt denne konsesjonen og ikkje ein tidsuavgrensa konsesjon. Desse medlemene meiner det er grunn til å vurdere endringar i vassdragsreguleringslova og vassressurslova slik at grunneigarar og lokalsamfunn får tilbake retten til å få prøvd gamle skjøn utan å måtte ta risikoen med å gå til søksmål. Desse medlemene meiner at grunneigarorganisasjonen burde ha rett til representasjon i NVE sine møte om revisjon, då desse ofte har god lokalkunnskap som det kan vere vanskeleg for ein kommuneadministrasjon å ha full oversikt over.

Desse medlemene fremjar difor fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa fremje forslag til endringar i vassressurslova og vassdragsreguleringslova som betrar lokalsamfunn og grunneigarar sine legitime interesser ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.»

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne meiner at denne saka og andre revisjonar av eldre vasskraftprosjekt også må sjåast i samanheng med at Noreg nyleg har underskrive naturavtalen, der vi som land skal arbeide for å stanse naturtap og restaurere øydelagd natur. Noreg skal ikkje berre styrke vern av natur, men arbeide for 100 pst. berekraftig forvaltning av all natur. Naturavtalen vil måtte føre til ei sterkare vektlegging og endra praksis i saker som omhandlar store naturinngrep, også i saker som denne.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne vil peike på at regulerbar vasskraft er svært viktig for forsyningstryggleik, balansering av kraftsystemet og tilgang til fornybar energi, men forvaltninga av vasskraftressursane må utviklast og drivast med minst mogleg negative miljøkonsekvensar, slik mellom anna vassressurslova slår fast. Så om Hydro AS og det nystifta eigarselskapet Lyse DA har fått omgjort konsesjonen etter vassdragsreguleringslova § 9, og vassfallrettigheitsloven § 5 og § 10, og såleis har greidd å unngå heimfall gjennom ein selskapskonstruksjon, gjeld vassressurslova og dei andre lovene sine krav om at det skal takast omsyn til private og almenne interesser jamfør vassressurslova § 5:

«Enhver skal opptre aktsomt for å unngå skade eller ulempe i vassdraget for almenne og private interesser.

Vassdragstiltak skal planlegges og gjennomføres slik at de er til minst mulig skade og ulempe for almenne og private interesser. Denne plikten gjelder så langt den kan oppfylles uten uforholdsmessige utgift eller ulempe. Vassdragsmyndigheten kan ved forskrift fastsette nærmere regler om planlegging gjennomfring og drift av bestemte typer vassdragstiltak.

Vassdragstiltak skal fylle alle krav som med rimelighet kan stilles til sikring mot fare for mennesker miljø eller eigedom.»

Desse medlemene vil understreke at vasskrafthistoria vår truleg ikkje har tilsvarande døme på naturøydeleggingar som neddemminga av eit heilt dalføre i aktiv bruk, Valldalen, tørrlegging av fossefall og store reguleringshøgder i Røldalsvatnet midt i bygda Røldal. Desse medlemene syner til høyringsinnspela frå Sabima, Norsk Friluftsliv, Noregs Jeger- og Fiskarforbund, Naturvernforbundet, Den Norske Turistforeininga og WWF Verdas naturfond, som peikar på kor naudsynt det er å endre miljøvilkåra i norske vassdrag. Dei peikar på at utbygginga av Røldal–Suldal kraftverk skjedde i ei tid med fråvær av moderne miljøtilpassingar. Organisasjonane syner mellom anna til at vi i dag har auka og oppdatert kunnskap om vassdraga, at utbyggingane har blitt større og fleire sidan 1960-talet, at liberaliseringa av kraftmarknaden og klimaendringar påverkar vassdraga, at artar som villrein og vill-laks er truga som følgje av utbygginga. Desse tilhøva krev strengare miljøvilkår i revisjonen av Røldal–Suldal kraftverk. Noregs Miljøvernforbund, Naturvernforbundet i Rogaland og Motvind Noreg er inne på fleire av dei same problema.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne peikar vidare på at både Ullensvang og Suldal kommune, i tillegg til LO i Indre Hardanger, Røldal bygdelag og ei rekkje grunneigarar og einskildpersonar, er opptekne av å ta større miljøomsyn i revisjonen av Røldal–Suldal kraftverk. Fleire er særleg lite nøgde med tilkomsten til Valldalen. Valldalsvatnet er eit av dei vassdraga i Noreg med størst forskjell på høgast og lågast fylling. Dette får store konsekvensar både for menneske og natur.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra for Røldal–Suldal-anlegget blir reviderte.»

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd med vertskommunane Ullensvang og Suldal sine krav.»

«Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal kraftanlegg blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra i Ullensvang og Suldal.»

Desse medlemene syner til at mange av høyringsinnspela syner, som komiteen har vore inne på, at utbygginga av Røldal–Suldal kraftverk har ført til store sår i lokalsamfunnet Røldal. Utholinga av heimfallsretten og regjeringa Solberg og stortingsfleirtalet si overføring i evig tid av kraftverket til Hydro-Lyse i førre stortingsperiode blir opplevd som eit grovt brot på den opphavelege konsesjonen frå 1962.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.»

Relaterte saker

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …