Hopp til innholdet

Grunnlovsframlegg om endring i § 112 (om vern av dyrka og dyrkande mark)

Registrert hos Stortinget 07.05.2024 Votert 21.05.2024 Sak 81217 Forkastet Grunnlovsforslag
Se full dokumentasjon på Stortinget.no

Slik stemte Stortinget

Forslag forkastet

Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

Dokument 12:21 (2019–2020) – Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark) – vert vedteke.

54 stemte for
114 stemte mot

Stemte for 5 partier

Stemte mot 4 partier

Den mest omstridte voteringen. Se alle voteringene

Om saken

Hva ble bestemt
Stortinget har behandlet innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Dokument 12:21 (2019-2020) Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (om vern av dyrka og dyrkande mark). Et mindretall i komiteen, medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistik Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne, fremmet forslag om å bifalle Dokument 12:21. De understreket i innstillingen blant annet at matjorden er en så viktig ressurs at den bør omtales særskilt i Grunnloven. Ved voteringen i Stortinget stemte 54 for og 114 mot forslaget. Forslaget oppnådde dermed ikke grunnlovsmessig flertall.

Stortingets egen oppsummering av vedtaket.

Behandlingsstatus

Fremmet
Komitébehandling
Behandling i Stortinget
Ferdigbehandlet

Status: Forkastet

Voteringer i saken

Tallene er de offisielle voteringsresultatene fra Stortingets åpne API. FOR/MOT teller representantenes personlige stemmer i voteringen; «ikke til stede / ikke avgitt» er resten av de 169 representantene. Utfall (vedtatt/forkastet/enstemmig) følger Stortingets egen resultattekst. Per-parti-visningen grupperer de samme personstemmene etter representantens parti.

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Forslag fra Sp, SV, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne – Forkastet

FOR
54
MOT
114
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
1

For: R, SV, MDG, Sp, KrF. Mot: Ap, V, H, FrP.

Votering 1 av 1 · 21.05.2024 kl. 14:41 · Stortingets voterings-ID 22709
Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne
Vis forslagstekst

Dokument 12:21 (2019–2020) – Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark) – vert vedteke.

Tagger på denne voteringen:
Taggene settes av ForMot. Er en tagg feil, si fra.

Voteringsresultat per parti

Hvem fremmet forslaget?

Dette forslaget ble lagt frem av følgende partier og representanter:

Sosialistisk Venstreparti Senterpartiet
Representanter:

Politiske tagger

Emnene voteringene i saken er merket med. Hver tagg lenker til en side som viser hvordan partiene har stemt i sakene med samme tagg.

Matsikkerhet

Saksdokumentene

Fra Stortingets åpne data

Grunnlovsframlegg 21 (2019–2020)

Datert 30. september 2020

Original på stortinget.no

Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark)

Forslaget

Framlegg:
§ 112 første ledd andre punktum skal lyda:

Naturens ressurser, herunder dyrket og dyrkbar mark, skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

–

Naturressursane, medrekna dyrka og dyrkande mark, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Hele dokumentet Les teksten
Bakgrunn Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av Innst. 131 S (2018–2019), jf. Dokument 12:24 (2015–2016). Ved Stortinget si handsaming fekk ikkje forslaget om å …

Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av Innst. 131 S (2018–2019), jf. Dokument 12:24 (2015–2016). Ved Stortinget si handsaming fekk ikkje forslaget om å grunnlovfesta vern av matjordressursane det naudsynte talet på røyster for å verta vedteke.

Forslagsstillarane meiner at god forvaltning av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande for matproduksjon og dermed for menneska sin eksistens. Desse areala utgjer ein knapp ressurs som treng sterkt vern. Jordbruksarealet utgjer berre 3,7 prosent av landarealet i Noreg. Den langsiktige og eksistensielle karakteren gjer at dyrka og dyrkande mark må verta nemde uttrykkeleg i Grunnlova. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om eit tillegg i Grunnlova § 112 første ledd andre punktum om dette.

Matjorda her til lands er ein sårbar, men særs naudsynt ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskiner, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda Noreg har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Med andre ord; matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkja mattryggleiken óg er avgjerande for anna samfunnsutvikling. Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord.

Etter den andre verdskrigen har omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord vore på om lag 1,2 millionar dekar totalt. Det meste av dette er areal som har vore eigna til matkornproduksjon.

Omdisponeringa av matjord til utbyggingsformål og anna har minka dei seinare åra i tråd med auka bevisstgjering rundt vern av denne ressursen. Endelege tal frå SSB viser at det i 2019 vart omdisponert 3 617 dekar dyrka jord. I tillegg kjem omdisponeringa av 4 540 dekar dyrkbar jord i 2019.

Dei fleste byar og tettstadar i Noreg med befolkningsvekst er omkransa av dyrka jord. Mykje av den beste jorda ligg difor der utbyggingspresset er størst. Over halvparten av nedbygginga skjer i og omkring tettstadar. Kombinert med ynske om ei mest mogeleg samla utbygging rundt eksisterande byar og tettstadar skaper dette utfordringar i arbeidet med å ta vare på jordressursane for framtida. Det er om lag 10 millionar dekar jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Noreg i dag. I tillegg har Noreg om lag 12,5 millionar dekar dyrkbar jord eigna for nydyrking. Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er i sum monaleg mindre enn for dagens jordbruksareal. Det er difor viktig at formuleringa i grunnlovsteksten har med seg både dyrka og dyrkande mark.

Stortinget vedtok den 8. desember 2015 at det årlege målet for omdisponering av dyrka mark skulle settast til 4 000 dekar. Dette vart på nytt stadfesta ved handsaminga av eit representantforslag om strengare jordvernmål i Stortinget 4. juni 2020. Mange meiner at dette målet er altfor høgt og ynskjer seg ein nullvisjon for tap av dyrka mark.

Forslagsstillarane meiner matjorda er ein så viktig ressurs at den bør verta omtala særskilt i Grunnlova si føresegn i § 112 første ledd andre punktum om naturressursane.

Innst. 306 S (2023–2024)

Avgitt 7. mai 2024 Gjelder Dokument 12:21 (2019–2020)

Original på stortinget.no

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark)

Tilråding frå komiteen

Dette er vedtaket komiteen ber Stortinget gjøre.

Dokument 12:21 (2019–2020) – Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark) – vert ikkje vedteke.

Forslag fra mindretall

Forslag som bare et mindretall i komiteen sto bak.

Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne

  1. Forslag 1

    Dokument 12:21 (2019–2020) – Grunnlovsframlegg frå Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark) – vert vedteke.

Hele dokumentet 2 kapitler
Samandrag Grunnlovsframlegg 21 (2019–2020) er fremja av Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken og gjeld endring i § 112 …

Grunnlovsframlegg 21 (2019–2020) er fremja av Nils T. Bjørke, Marit Knutsdatter Strand, Geir Pollestad, Arne Nævra, Karin Andersen og Lars Haltbrekken og gjeld endring i § 112 (vern av dyrka og dyrkande mark).

Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av Innst. 131 S (2018–2019), jf. Dokument 12:24 (2015–2016). Ved Stortinget si handsaming fekk ikkje forslaget om å grunnlovfesta vern av matjordressursane det naudsynte talet på røyster for å verta vedteke.

Forslagsstillarane meiner at god forvaltning av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande for matproduksjon og dermed for menneska sin eksistens. Desse areala utgjer ein knapp ressurs som treng sterkt vern. Jordbruksarealet utgjer berre 3,7 pst. av landarealet i Noreg. Den langsiktige og eksistensielle karakteren gjer at dyrka og dyrkande mark må verta nemde uttrykkeleg i Grunnlova. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om eit tillegg i Grunnlova § 112 første ledd andre punktum om dette.

Matjorda her til lands er ein sårbar, men særs naudsynt ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskiner, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda Noreg har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Med andre ord; matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkja mattryggleiken óg er avgjerande for anna samfunnsutvikling. Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord.

Etter den andre verdskrigen har omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord vore på om lag 1,2 millionar dekar totalt. Det meste av dette er areal som har vore eigna til matkornproduksjon.

Omdisponeringa av matjord til utbyggingsformål og anna har minka dei seinare åra i tråd med auka bevisstgjering rundt vern av denne ressursen. Endelege tal frå SSB viser at det i 2019 vart omdisponert 3 617 dekar dyrka jord. I tillegg kjem omdisponeringa av 4 540 dekar dyrkbar jord i 2019.

Dei fleste byar og tettstadar i Noreg med befolkningsvekst er omkransa av dyrka jord. Mykje av den beste jorda ligg difor der utbyggingspresset er størst. Over halvparten av nedbygginga skjer i og omkring tettstadar. Kombinert med ynske om ei mest mogeleg samla utbygging rundt eksisterande byar og tettstadar skaper dette utfordringar i arbeidet med å ta vare på jordressursane for framtida. Det er om lag 10 millionar dekar jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Noreg i dag. I tillegg har Noreg om lag 12,5 millionar dekar dyrkbar jord eigna for nydyrking. Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er i sum monaleg mindre enn for dagens jordbruksareal. Det er difor viktig at formuleringa i grunnlovsteksten har med seg både dyrka og dyrkande mark.

Stortinget vedtok den 8. desember 2015 at det årlege målet for omdisponering av dyrka mark skulle settast til 4 000 dekar. Dette vart på nytt stadfesta ved handsaminga av eit representantforslag om strengare jordvernmål i Stortinget 4. juni 2020. Mange meiner at dette målet er altfor høgt og ynskjer seg ein nullvisjon for tap av dyrka mark.

Forslagsstillarane meiner matjorda er ein så viktig ressurs at den bør verta omtala særskilt i Grunnlova si føresegn i § 112 første ledd andre punktum om naturressursane.

Forslagsstillarane fremjar følgjande forslag:

«§ 112 første ledd andre punktum skal lyda:

Naturens ressurser, herunder dyrket og dyrkbar mark, skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

–

Naturressursane, medrekna dyrka og dyrkande mark, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»

Merknader frå komiteen Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke …

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Lan Marie Nguyen Berg, viser til at Stortinget har handsama grunnlovsframlegg om vern av dyrka og dyrkande mark to gonger, jf. Innst. 131 S (2018–2019) og Innst. 288 S (2015–2016). I begge høve var komiteen si innstilling at framlegget skulle verte vedteke. Komiteen sine innstillingar har fram til no ikkje fått grunnlovsmessig fleirtal.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne, støttar forslagsstillarane i at matjorda her til lands er ein sårbar, men særs naudsynt ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe vekk med maskiner, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda som Noreg har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkja mattryggleiken òg er avgjerande for anna samfunnsutvikling. Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord. Matjord utgjer berre 1 pst. av Noregs areal.

Fleirtalet viser til at Riksrevisjonen i Dokument 3:4 (2023–2024) har undersøkt korleis dei sentrale føresetnadene som norsk mattryggleik byggjer på, vert sikra. Undersøkinga syner at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte. Betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert bygde ned og omdisponerte. Det totale jordbruksarealet i Noreg har halde seg relativt stabilt dei siste 20 åra. Men den beste jorda – der vi kan produsere korn, potetar og grønsaker – har vorte redusert. Store jordbruksareal av god kvalitet er ikkje i drift. Over tid er det gjort omfattande omdisponering av dyrka og dyrkbar jord gjennom planprosessar og dispensasjonar.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne viser til at dette syner at matjorda som ressurs ikkje vert sikra godt nok gjennom ordinær sektorpolitikk. Desse medlemene viser til at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 173 S (2023–2024) la vekt på at utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane. Difor må forvaltinga av dei ha eit evig perspektiv.

Desse medlemene støttar at matjorda er ein så viktig ressurs at ho bør verte omtala særskilt i Grunnlova si føresegn i § 112 første ledd andre punktum om naturressursane. God forvalting av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande for matproduksjon og dermed for menneska sin eksistens. Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er i sum monaleg mindre enn for dagens jordbruksareal. Difor har formuleringa i grunnlovsteksten med seg både dyrka og dyrkande mark.

Desse medlemene tilrår på denne bakgrunn at Grunnlovsframlegg 21 (2019–2020) vert vedteke, slik at § 112 første ledd andre punktum skal lyda:

«Naturens ressurser, herunder dyrket og dyrkbar mark, skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.

–

Naturressursane, medrekna dyrka og dyrkande mark, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, mener at det er mest nærliggende å la beslutninger om jordvern og dyrket mark tas av de som er nærmest, altså at man følger et subsidiaritetsprinsipp hvor beslutninger skal tas på et så lavt nivå som mulig. Det er en styrke for lokaldemokratiet og for legitimiteten til beslutningene.

Flertallet mener derfor at dagens lovgivning gir et tilstrekkelig vern, og at det ikke er et eksplisitt behov for et særskilt grunnlovsvern av jordressursene.

Flertallet vil på denne bakgrunn anbefale at forslaget om endring i Grunnloven § 112 ikke bifalles.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at de fleste byer og tettsteder i Norge er omkranset av dyrket jord, og at mye av den beste jorda ligger der hvor utbyggingspresset er størst. Ønsket om en mest mulig samlet utbygging rundt eksisterende byer og tettsteder skaper utfordringer med å ivareta jordressursene for fremtiden.

Disse medlemmer viser til at etter hvert som samfunnsutviklingen går fremover, vil noe dyrkbar mark måtte brukes til andre gode formål. Likevel har omdisponeringen av dyrket mark gått ned de siste årene, etter at det har blitt satt fokus på denne problemstillingen.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne påpeker at å beskytte og fø befolkningen er de mest grunnleggende oppgavene til en nasjonalstat og en selvsagt del av vårt høyeste juridiske vern. Denne oppgaven settes under press av flere faktorer: befolkningsvekst, geopolitikk, klimaendringer og tap av biologisk mangfold samt mangel på vann og utarming av jord globalt. Både av hensyn til egen matsikkerhet og internasjonal solidaritet bør vi øke matproduksjonen på egne ressurser.

Disse medlemmer viser til at jordbruket vårt ivaretar mange funksjoner i tillegg til den konkrete produksjonen – rekreasjon, økologiske funksjoner, dyreliv og fangdammer for flomvann. Vi kjenner betydningen jordbruksareal har for å binde karbon, og den enorme betydningen jorda og grøntstrukturen har for å redusere flomskader. Ikke minst det siste vil kunne få økende betydning framover, med klimaendringer og forventede større oversvømmelser og skader.

Disse medlemmer viser til at 83 000 dekar matjord var foreslått satt av til andre formål i kommunale arealplaner for 2022. I tillegg beregner Samferdselsdepartementet nedbygging av rundt 1 000 dekar matjord per år de neste 6 årene, hovedsakelig til vei.

Disse medlemmer understreker at kommunenes selvstyrerett i de fleste tilfeller er et viktig gode, men når det gjelder å stå imot utbyggerinteresser og gode formål som skole- og idrettsanlegg, muligheter for næringsutvikling og arbeidsplasser, taper matjord og natur gang på gang. Stortinget har også vedtatt at matjord må vernes, men store muligheter for dispensasjoner og mangel på helhetlig oversikt og kontroll fører til en bit-for-bit-nedbygging av våre aller mest verdifulle arealer. Matjord er en nasjonal, livsviktig naturressurs og trenger vårt sterkeste juridiske vern mot omdisponering.

Disse medlemmer mener at hovedmålet med norsk jordbrukspolitikk bør være å produsere mest mulig og best mulig mat av de ressursene vi har i Norge. Dette må skje på en måte som bygger opp jordressursene, slipper ut minst mulig klimagasser, binder mest mulig karbon og øker naturmangfoldet. For å oppnå en god forvaltning av matjorda til det beste for hele landet og framtidige generasjoner trenger vi et langt sterkere nasjonalt vern.

Relaterte saker

Kommentarer

Kommentarer er offentlige og vises med brukernavnet ditt. Kommentarregler. Bryter et innlegg reglene, bruk «Meld» ved innlegget.

Laster kommentarer …