Representantforslag om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel

Behandlet 12.12.2023 Sak 96127 behandlet dok8
Se full dokumentasjon på Stortinget.no
Utenriks- og forsvarskomiteen
Voteringer
3
Tagger
1
Status
behandlet

Sammendrag

Vedtak:
Stortinget har handsama eit representantforslag frå Sosialistisk Venstreparti om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel, jf. Innst. 147 S (2023-2024). Forslaget vart ikkje vedteke.

Tagger på saken

Felles tagger for saken. Uten votering vises hovedsak-tagger. Med votering speiler disse taggene på voteringene.

Dokumenttekst

Representantforslag om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel Dokumentteksten kunne ikke hentes i god nok kvalitet automatisk. Åpne originaldokumentet på Stortinget for komplett innhold: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2023-2024/dok8-202324-029s/ Bakgrunn Hamas gjennomførte brutale terrorangrep i Israel 7. oktober 2023. Meir enn tusen sivile vart drepne i heimane sine og på musikkfestival, og over 200 israelarar vart deretter tatt som gissel av Hamas. Israel har svart med å sleppe tusenvis av bomber over Gaza og nekta den beleira befolkninga tilgang på vatn, mat, straum, medisinar og drivstoff. Etter snart tre veker med bombing har meir enn 5 000 menneske mista livet i det tett folkesette Gaza. Halvparten av befolkninga på Gaza er born, og Redd Barna rapporterer om at eit barn vert drepe kvart kvarter. Dei sivile tapa er store på begge sider av muren. Ifølgje Genèvekonvensjonanes tilleggsprotokoll 1 er dei krigførande partane forplikta til å skjerme sivile i så stor grad som råd. Sivil infrastruktur som sjukehus og skular har spesielt vern. Vidare er det ulovleg å utsvelte folk. Ifølgje Verdens helseorganisasjon er minst 59 helsesenter på Gaza bomba i løpet av dei to fyrste vekene, FN rapporterer om at skular er treft, og ifølgje Amnesty International er heile familiar utsletta etter bombing av bustadhus. Forholda for humanitære hjelpeorganisasjonar er nærast umoglege og i skrivande stund er 29 FN-arbeidarar drepne. Tre veker inn i krigen er det mange døme på hendingar som kan vere krigsbrotsverk. Ved nokre av hendingane er det spørsmål knytt til kven som stod bak angrepa, og om det har vore våpenlager eller annan Hamas-infrastruktur knytt til dei sivile stadene eller ikkje. Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vil upartisk kunne etterforske og vurdere om kvar enkelt hending skal verte karaktisert som krigsbrotsverk eller ikkje. Organisasjonar som Amnesty International vil kunne utføre tidleg dokumentasjon. Sjølv om Israel ikkje har signert Roma-vedtektene, har palestinske sjølvstyresmakter gitt ICC jurisdiksjon til å etterforske på palestinsk territorium. ICC har drive etterforsking i Palestina sidan 2021. ICC har annonsert at dei vil inkludere desse nye krigshendingane i etterforskinga. Amnesty International og andre organisasjonar har starta dokumentasjon. Den internasjonale straffedomstolen har ved fleire høve rapportert om underfinansiering og manglande ressursar. I januar 2023 vedtok derfor Stortinget at Noreg skulle stille opp med ressursar til den internasjonale etterforskinga av krigsbrotsverk i Ukraina. I statsbudsjettet for 2024 rapporterer regjeringa at Noreg støttar ICC sitt arbeid i Ukraina, blant anna gjennom sekonderingar av to etterforskarar frå Kripos. Etter at forslagsstillarane oppmoda regjeringa om å stille ressursar tilgjengeleg for ICC i media, uttalte justisministeren til NTB 23. oktober 2023 at Noreg vil stille med ressursar dersom dei får ein førespurnad. Det er bra at regjeringa er villige til å bruke ressursar på å støtte ei etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel. Forslagsstillarane viser samtidig til at det hastar å kome i gang med undersøkingane og at Noreg uoppfordra bør stilla ressursar – både pengar og personell – til rådvelde for eit slikt arbeid. Forslag På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa ta ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for å identifisere, etterforske og straffeforfølgje krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel, og stille med ressursar til Den internasjonale straffedomstolen og frivillige organisasjonar som bidrar til dokumentasjon av krigsbrotsverk.

Forslagsstillere for saken

Partier og representanter som har lagt frem selve saken.

Sosialistisk Venstreparti
Representanter:

Voteringer i saken

Klikk på en votering for å vise resultatet per parti. Klikk igjen for å skjule.

Votering 1 – Forkastet

FOR
14
MOT
86
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Votering ID: 22163
Forslag nr. 4 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringen henvise situasjonen i Palestina til Den internasjonale straffedomstolen.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 2 – Vedtatt

FOR
82
MOT
18
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Votering ID: 22164
Komiteens tilråding
Vis forslagstekst

Dokument 8:29 S (2023–2024) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Marian Hussein, Andreas Sjalg Unneland og Kirsti Bergstø om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel – vedtas ikke.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti

Votering 3 – Forkastet

FOR
18
MOT
82
IKKE TIL STEDE / IKKE AVGITT
69
Votering ID: 22165
Forslag nr. 1 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa ta ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for å identifisere, etterforske og straffeforfølgje eventuelle krigsbrotsverk i Gaza, Vestbreidda og Israel, og stille med ressursar til Den internasjonale straffedomstolen og frivillige organisasjonar som bidrar til dokumentasjon av krigsbrotsverk.

Forslag nr. 2 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa legge press på Israel for at Den internasjonale straffedomstolen ICC skal få tilgang til Gaza, Vestbreidda og Israel for å etterforske eventuelle krigsbrotsverk.

Forslag nr. 3 fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre
Vis forslagstekst

Stortinget ber regjeringa sørge for at nordmenn evakuerte frå krigen i Gaza systematisk vert intervjua slik at Kripos får kartlagt eventuelle vitne og/eller offer for krigsbrotsverk.

Tagger på denne voteringen:
Logg inn for å legge til tagger og stemme.

Voteringsresultat per parti